Øyberget der Anne og Syver budde 1806-1811. Foto: Kristian Hosar Anne Olsdotter Hyrve (Hørve, Hørven) (fødd 10. april 1783 i Skjåk, død same stad i 1837) var gardkone og haugianar. Mykje tyder på at ho, i lag med mannen Syver og nokre andre av dei haugianske kadrane i Skjåk, øvde sterk innverknad på bygdekulturen der i fyrste halvparten av 1800-talet. Kva meir er, etterkomarane til Anne og Syver, med sin haugianske ballast, skulle kome til å øve innverknad på politikk, samfunn og kultur langt utanfor Skjåk og Gudbrandsdalen seinare i århundret.Som det framgår av lista over borna til Anne og Syver, gifta tre av dei seg med kvar sine av ein syskenflokk frå garden (Nigard) Bu i Sel. Der var folket også haugianarar. Guro og mannen Iver Olsen Bu flytta til garden Blekastad, også i Sel. Dei vart foreldre til folkehøgskolemannen Ivar Blekastad og stortingsmannen Sigurd Blekastad (Venstre). Dette viser ein direkte familiesamanheng over tre-fire generasjonar mellom haugianismen i Gudbrandsdalen og den seinare norskdoms- og folkehøgskulerørsla i distriktet. Ein kan også trekkje inn den patriotiske liberalismen frå 1830-åra i denne samanhengen. Eldste sonen til Anne og Syver Hyrve, avisredaktøren Sylvester Sivertson, var sentral i krinsen rundt Wergeland i 1830-åra, og aktivist i den bondepolitiske framstøyten på den tida. Les mer… Folsæ i 1923, då det vart landbruksskule her. Undervisnings- og internatbygningen Dovrehalli er under bygging. Foto: Ukjend
Foldsæ i Hauggrend i Fyresdal kommune (gnr. 93) er ein gard med ei mangslungen soge. Fyrst rydda i sameigeskogen i grenda, så ved kjøp utvida til ein relativt stor gard. Deretter ein periode som fattiggard, vidare som landbruksskule, økosenter, steinerskule, omgjort til aksjeselskap og til slutt i privat eige att. Namnet på garden har vore skrive på mange ulike måtar, til dømes Folsæt og Folsæ, men i 2011 vert namnet på garden skrive Foldsæ. Det er lite vi kjenner til garden frå eldre tider. I skattelistene av år 1585 er det nemnd at garden låg øyde, der er heller ikkje førd opp brukar i skattelista av 1593. I ein matrikkelprotokoll frå 1665 står det mellom anna: «Folsiøe skylder 2 Tønder Mel., er god Skouff.»
I 1595 kom Oslobispen Jens Nilssøn på visitasferd framom Foldsæ. Han skriv ikkje om sjølve garden, men fortel om namnet Foldsæ i ulike samanhengar, namn på veg, bru, elv og vatn. Les mer…
Noen flere artikler om utsalgssteder:
|
Steinkjer kommune ligger i Trøndelag fylke. Navnet Steinkjer er en sammenkopling av ordene stein og kjer, der kjer er et stort kar fylt med stein, som var et fangstredskap for laks. Et godt eksempel finnes i Kjærrafossen i Numedalslågen der det også foregikk kjærrafiske. 'Kjer' (av norrønt 'kar'), kjerr, var et faststående fiskeredskap i elv, beregnet på fangst av laks og ørret. Redskapet ble bygd av grovt trevirke eller jernspiler og hadde oftest en ledegard av stein eller tømmer. Fisken ble ledet inn i den ruselignende fangstinnretningen gjennom en kjegleformet inngang (kalv) og ble stående innesperret i fangstrommet til den blir hentet opp med håv. Kjer var mest brukt på Vestlandet og i Trøndelag.
Steinkjer bystyre 1905-1907.
Byen ligger innerst i Beitstadfjorden, som er siste ledd av Trondheimsfjorden. Steinkjers «grunnvoll» ble den fine sanden som ble vasket ut av Steinkjermorenen. Byvåpenet, den blå sekstaggede stjerna, er symbolet på innfartsvegene til byen. Ferdselen fra bygdene, der bøndene søkte avsetning for varene sine, skapte Steinkjer. «Steenkiær» ble møteplass, og porten mot verden med utskipningshavn, markedsplass og etter hvert – en by.
Fra 1964 ble byen, som ble grunnlagt i 1857, en storkommune som omfattet de samme kommunene som i sin tid grunnla den. I 2020 ble også Verran innlemmet i Steinkjer kommune. Les mer…
Noen flere artikler nå om personer:
|
Organisasjonskart for Indre Troms Samvirkelag i 1979
|