Friskulen i Lom: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Fiksa lenke til Honoratus Halling)
Ingen redigeringsforklaring
Linje 1: Linje 1:
'''[[Friskulen i Lom]]''' var grunnlagt og driven av [[Andreas Austlid]] i åra 1871-1879, med eit avbrot vinteren 1873-1874. Det var ein privatskule for born under konfirmasjonsalderen, med eit alternativt pedagogisk tilbod i høve til den ordinære allmugeskulen. Skulen heldt til på garden [[Ofigsbø]] i [[Bøverdalen]] i [[Lom]]. Verksemda vekte strid i bygda.
'''[[Friskulen i Lom]]''' var grunnlagt og driven av [[Andreas Austlid]] i åra 1871-1879. Det var ein privatskule for born under konfirmasjonsalderen, med eit alternativt pedagogisk tilbod i høve til den ordinære allmugeskulen. Skulen heldt til på garden [[Ofigsbø]] i [[Bøverdalen]] i [[Lom]]. Verksemda vekte strid i bygda.


Austlid hadde vorte oppmoda om å setja i gang med tiltaket av lomværar han hadde vore saman med på [[Christopher Bruun|Christopher Bruuns]] folkehøgskule på [[Romundgard]] vintrane 1869-1870 og 1870-1871. Ein annan av elevane der, [[Ivar Blekastad]], vart med og hjelpte Austlid med friskulearbeidet anten fyrste eller andre vinteren på Ofigsbø. Dei vart seinare gift med kvar si syster på garden.
Austlid hadde vorte oppmoda om å setja i gang med tiltaket av lomværar han hadde vore saman med på [[Christopher Bruun|Christopher Bruuns]] folkehøgskule på [[Romundgard]] vintrane 1869-1870 og 1870-1871. Det var fyrst og fremst Hallvard Ofigsbø (1846-1928) som stod bak initiativet. Han hadde gått på folkehøgskulen hjå Bruun både på Sel (1869) og i Gausdal (1871). Han var med som lærar saman med Austlid fyrste vinteren, da det gjekk 14 elevar der.  


Tre godt vaksne menn frå Lom med sterk innverknad i bygda hadde stødd tanken om friskule. Det var den tidlegare ordføraren [[Ola Gudbrandsen Kvåle]] (Vekkje-Kvålen), [[Eirik Rusten]] (skulemeister, handverkar og gardbrukar) og gardbrukaren [[Halvor Ofigsbø]]. Sistnemnde var han som gav husrom til skulen.
To andre framstande elevar av Bruun, brørne [[Ivar Blekastad|Ivar]] og [[Sigurd Blekastad]] var med Austlid som lærarar på Ofigsbø. Andreas Austlid og Ivar Blekastad vart seinare gift med kvar si syster på garden, og vart altså svograr til Hallvard Ofigsbø. Olav Aukrust (1851-1931), far til diktaren, var også lærar på Ofigsbø ein vinter.
 
Tre godt vaksne menn frå Lom med sterk innverknad i bygda hadde stødd tanken om friskule. Det var den tidlegare ordføraren [[Ola Gudbrandsen Kvåle]] (Vekkje-Kvålen), [[Eirik Rusten]] (skulemeister, handverkar og gardbrukar) og gardbrukaren [[Halvor Ofigsbø]] (1818-1889, far til Hallvard).  


Motstanden kom frå konservativt og pietistisk hald. Det galdt visst nok i særleg grad blant «lesarar» i annekssoknet [[Skjåk]]. I følgje [[Ivar Kleiven]] vart skulen kalla både fritenkjarskule og mormonskule (!) der.
Motstanden kom frå konservativt og pietistisk hald. Det galdt visst nok i særleg grad blant «lesarar» i annekssoknet [[Skjåk]]. I følgje [[Ivar Kleiven]] vart skulen kalla både fritenkjarskule og mormonskule (!) der.
Linje 13: Linje 15:
== Kjelder og litteratur ==
== Kjelder og litteratur ==
* Blekastad, Ivar: «Andreas Austlid», i ''Årbok for Dølaringen'' 1930.
* Blekastad, Ivar: «Andreas Austlid», i ''Årbok for Dølaringen'' 1930.
* Haugen, Rolf: ''Grundtvigske friskoler i Gudbrandsdalen ca. 1870-1900.'' Hovudoppgåve i pedagogikk ved Pedagogisk forskningsinstitutt, hausten 1980.
* Kleiven, Ivar: ''Lom og Skjaak''. Aschehoug, Oslo 1915.
* Kleiven, Ivar: ''Lom og Skjaak''. Aschehoug, Oslo 1915.
* Kolden, Jon: ''Bygdabok for Lom 3''. Utg. av Lom kommune ved Snøhetta forlag, Lesja, 2005. (Kapittelet om Ofigsbø)
* Kolden, Jon: ''Bygdabok for Lom 3''. Utg. av Lom kommune ved Snøhetta forlag, Lesja, 2005. (Kapittelet om Ofigsbø)

Sideversjonen fra 5. mar. 2013 kl. 12:52

Friskulen i Lom var grunnlagt og driven av Andreas Austlid i åra 1871-1879. Det var ein privatskule for born under konfirmasjonsalderen, med eit alternativt pedagogisk tilbod i høve til den ordinære allmugeskulen. Skulen heldt til på garden Ofigsbø i Bøverdalen i Lom. Verksemda vekte strid i bygda.

Austlid hadde vorte oppmoda om å setja i gang med tiltaket av lomværar han hadde vore saman med på Christopher Bruuns folkehøgskule på Romundgard vintrane 1869-1870 og 1870-1871. Det var fyrst og fremst Hallvard Ofigsbø (1846-1928) som stod bak initiativet. Han hadde gått på folkehøgskulen hjå Bruun både på Sel (1869) og i Gausdal (1871). Han var med som lærar saman med Austlid fyrste vinteren, da det gjekk 14 elevar der.

To andre framstande elevar av Bruun, brørne Ivar og Sigurd Blekastad var med Austlid som lærarar på Ofigsbø. Andreas Austlid og Ivar Blekastad vart seinare gift med kvar si syster på garden, og vart altså svograr til Hallvard Ofigsbø. Olav Aukrust (1851-1931), far til diktaren, var også lærar på Ofigsbø ein vinter.

Tre godt vaksne menn frå Lom med sterk innverknad i bygda hadde stødd tanken om friskule. Det var den tidlegare ordføraren Ola Gudbrandsen Kvåle (Vekkje-Kvålen), Eirik Rusten (skulemeister, handverkar og gardbrukar) og gardbrukaren Halvor Ofigsbø (1818-1889, far til Hallvard).

Motstanden kom frå konservativt og pietistisk hald. Det galdt visst nok i særleg grad blant «lesarar» i annekssoknet Skjåk. I følgje Ivar Kleiven vart skulen kalla både fritenkjarskule og mormonskule (!) der.

Soknepresten, Honoratus Halling (i kallet 1864-1875), var ikkje blant motstandarane. Han såg tvert i mot med velvilje på verksemda og pedagogikken som vart praktisert der. Den etterfølgjande presten, P.M.I. Brodahl (i Lom 1875-1880), stilte seg derimot svært kritisk. Han gjekk så langt at han nekta å konfirmere ei av døtrene til Halvor Ofigsbø av di ho på grunn av undervisningsmåten ikkje hadde lært det vanlege kristendomspensumet utanåt. Saka gjekk heilt til Kyrkjedepartementet, og soknepresten fekk ikkje medhald.

Friskulen i Lom hadde elevar både frå Lom og Skjåk. Etter det Ivar Kleiven fortel, skal Ola G. Kvåle ein vinter ha hyst så mange som 18 born frå annekset Skjåk som gjekk på friskulen på Ofigsbø. Dette indikerer i alle høve at synet på skulen var delt også i det haugiansk influerte annekssoknet.

Kjelder og litteratur

  • Blekastad, Ivar: «Andreas Austlid», i Årbok for Dølaringen 1930.
  • Haugen, Rolf: Grundtvigske friskoler i Gudbrandsdalen ca. 1870-1900. Hovudoppgåve i pedagogikk ved Pedagogisk forskningsinstitutt, hausten 1980.
  • Kleiven, Ivar: Lom og Skjaak. Aschehoug, Oslo 1915.
  • Kolden, Jon: Bygdabok for Lom 3. Utg. av Lom kommune ved Snøhetta forlag, Lesja, 2005. (Kapittelet om Ofigsbø)