Friskulen i Lom

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 17. okt. 2009 kl. 19:44 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Ny side: '''Friskulen i Lom''' var grunnlagt og driven av Andreas Austlid i åra 1871-1879, med eit avbrot vinteren 1873-1874. Det var ein privatskule for born under konfirmasjonsalderen, me...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Friskulen i Lom var grunnlagt og driven av Andreas Austlid i åra 1871-1879, med eit avbrot vinteren 1873-1874. Det var ein privatskule for born under konfirmasjonsalderen, med eit alternativt pedagogisk tilbod i høve til den ordinære allmugeskulen. Skulen heldt til på garden Ofigsbø i Bøverdalen i Lom. Verksemda vekte strid i bygda.

Austlid hadde vorte oppmoda om å setja i gang med tiltaket av lomværar han hadde vore saman med på Christopher Bruuns folkehøgskule på Romundgard vintrane 1869-1870 og 1870-1871. Ein annan av elevane der, Ivar Blekastad, vart med og hjelpte Austlid med friskulearbeidet anten fyrste eller andre vinteren på Ofigsbø. Dei vart seinare gift med kvar si syster på garden.

Tre godt vaksne menn frå Lom med sterk innverknad i bygda hadde stødd tanken om friskule. Det var den tidlegare ordføraren Ola Gudbrandsen Kvåle (Vekkje-Kvålen), Eirik Rusten (skulemeister, handverkar og gardbrukar) og gardbrukaren Halvor Ofigsbø. Sistnemnde var han som gav husrom til skulen.

Motstanden kom frå konservativt og pietistisk hald. Det galdt visst nok i særleg grad blant «lesarar» i annekssoknet Skjåk. I følgje Ivar Kleiven vart skulen kalla både fritenkjarskule og mormonskule der.

Soknepresten, Honoratius Halling (i kallet 1864-1875), var ikkje blant motstandarane. Han såg tvert i mot med velvilje på verksemda og pedagogikken som vart praktisert der. Den etterfølgjande presten, P.M.I. Brodahl (i Lom 1875-1880), stilte seg derimot særs kritisk. Han gjekk så langt at han nekta å konfirmere ei av døtrene til Halvor Ofigsbø av di ho på grunn av undervisningsmåten ikkje hadde lært det vanlege kristendomspensumet utanåt. Saka gjekk heilt til Kyrkjedepartementet, og soknepresten fekk ikkje medhald.

Friskulen i Lom hadde elevar både frå Lom og Skjåk. Ola G. Kvåle skal ein vinter ha hyst så mange som 18 born frå annekset Skjåk som gjekk på friskulen på Ofigsbø. Dette indikerer i alle høve at synet på skulen var delt også i det haugiansk influerte annekssoknet.