Grimo (Jostedalen): Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(infoboks gard)
Linje 1: Linje 1:
'''Grimo''' er eit småbruk og ein tidlegare handelsstad i [[Jostedalen]] i [[Luster kommune]], [[Sogn og Fjordane]]. Staden ligg rett på austsida av [[Høgebrui]] som fører over [[Jostedøla]] til [[Krekagrendi (Jostedalen)|Krekagrendi]].  
{{Infoboks gard (nynorsk)
| bgfarge      =
| navn          = Grimo
| bilde        =
| bildestr      =
| bildetekst    =
| altnavn      =
| førstnevnt    =
| ryddet        =
| sted          = Jostedalen
| kommune      = Luster
| fylke        = Sogn og Fjordane
| gnr          = 195
| bnr          = 4
| areal        =
| bruk          =
| type          =
| gateadr      =
| postnr        =
}}
 
'''Grimo''' Luster (gnr. 195/4) er eit småbruk og ein tidlegare handelsstad i [[Jostedalen]] i [[Luster kommune]], [[Sogn og Fjordane]]. Staden ligg rett på austsida av [[Høgebrui]] som fører over [[Jostedøla]] til [[Krekagrendi (Jostedalen)|Krekagrendi]].  


Grimo vart utskild som bnr. 4 frå hovudbruket på [[Bjørk (Jostedalen)|Bjørk]] (bnr. 1) ved delingsforretning 6.10.1900. I 1903 vart det oppsett eit stovehus der dei fleste materialane kom frå ei gamal røykstove på [[Hellegård (Jostedalen)|Hellegård]].
Grimo vart utskild som bnr. 4 frå hovudbruket på [[Bjørk (Jostedalen)|Bjørk]] (bnr. 1) ved delingsforretning 6.10.1900. I 1903 vart det oppsett eit stovehus der dei fleste materialane kom frå ei gamal røykstove på [[Hellegård (Jostedalen)|Hellegård]].

Sideversjonen fra 25. mai 2012 kl. 16:21

Mal:Infoboks gard (nynorsk)

Grimo Luster (gnr. 195/4) er eit småbruk og ein tidlegare handelsstad i Jostedalen i Luster kommune, Sogn og Fjordane. Staden ligg rett på austsida av Høgebrui som fører over Jostedøla til Krekagrendi.

Grimo vart utskild som bnr. 4 frå hovudbruket på Bjørk (bnr. 1) ved delingsforretning 6.10.1900. I 1903 vart det oppsett eit stovehus der dei fleste materialane kom frå ei gamal røykstove på Hellegård.

Det var Tøger Rasmusson Faaberg som kjøpte eigedomen og sette opp stova. Han hadde drive handel i Bakken, men flytte handelsverksemda ned til Grimo då han flytte hit i 1903. Landhandelen hadde truleg mykje av Krekagrendi, Hesjevolen og bruka og heimane under Bakken og Jostedal prestegard som kundegrunnlag. Då landhandelen på Bruvoll i Sagarøy vart lagt ned i 1907, var handelen på Grimo åleine i denne delen av bygda.

Etter at Faaberg og kona Brita flytte til Lier ved Drammen i 1909, tok Melchior Yttri og kona Bertha over handelsverksemda og bruket. Dei vart buande på Grimo livet ut, men handelsverksemda overlet dei etter ei tid til Per Hermundson Bruheim. Han budde på Bruvoll i Sagarøy medan han dreiv landhandelen på Grimo, og i 1958 flytte han handelsverksemda til eit nybygt hus i Sagarøy. Dermed var det slutt på 55 års handelsverksemd på Grimo.

Den gamle stova vart riven i 1978 etter at eit nytt stovehus var oppsett året før.

Litteratur

  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 443-446. (Digital utgåve, NBdigital)

Mal:Infoboks gardsbruk