Gudbrand Klevgaard: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(kat)
Linje 10: Linje 10:
*{{folketelling|pf01036452000585|Gudbrand Klevgaard|1910|Etnedal herred}}.
*{{folketelling|pf01036452000585|Gudbrand Klevgaard|1910|Etnedal herred}}.
*[http://www.nb.no/utlevering/contentview.jsf?urn=URN:NBN:no-nb_digibok_2010102820004#&struct=DIV458 Hvattum, Harald: ''Gard og bygd i Etnedal - band B'', Etnedal kommune 1990, s. 456-457.]
*[http://www.nb.no/utlevering/contentview.jsf?urn=URN:NBN:no-nb_digibok_2010102820004#&struct=DIV458 Hvattum, Harald: ''Gard og bygd i Etnedal - band B'', Etnedal kommune 1990, s. 456-457.]
{{Norske skolefolk 1934}}
*{{Norske skolefolk 1934}}
*[http://www.valdres.com/no/Attraksjoner/Naturatraksjoner/Bergflagg-/ Valdres.com: Naturattraksjoner]
*[http://www.valdres.com/no/Attraksjoner/Naturatraksjoner/Bergflagg-/ Valdres.com: Naturattraksjoner]



Sideversjonen fra 24. okt. 2017 kl. 08:31

Mal:Thumb høyre Gudbrand Klevgaard (fødd 17. mars 1866 i Etnedal, død 7. juli 1945) var lærar ved Bruflat skule i Etnedal i 34 år. Klevgaard, som òg var klokkar i Etnedal, var utdanna frå Hamar lærarskule (eksamen 1887). Til liks med mange andre bygdelærarar, som Johan Skrindsrud i Nord-Etnedal, hadde han stor interesse for lokalhistorie. Han skreiv flere artiklar med bygdehistoriske emne i avisa Valdres og i Tidsskrift for Valdres Historielag. Klevgaard var dessutan ein av stiftarane av Valdres Folkemuseum og hadde ymse kommunale verv. Han vart tildelt Kongens fortenstmedalje i sølv.

Klevgaard var son av bonde Bjørn Klevgaard og Randi f. Thomle. Han gifta seg i 1897 med Anne Marie f. Espelien (1870-1952), dotter av gardbrukar Syver Espelien. I samband med brudlaupet deira måla tre av gjestene eit norsk flagg høgt oppe i fjellsida ved Høljarast. Dette var ein politisk provokasjon, ei protesthandling mot unionen med Sverige. Flagget, som er måla opp att ei rekkje gonger, var det fyrste av i alt seks bergflagg i Valdres. Under andre verdskrigen skaut tyskarane på flagget av di dei meinte det var ein nasjonal demonstrasjon mot okkupasjonsmakta.

Ekteparet Klevgaard kjøpte skogseiendommen Haugalie i 1902 og bygde opp hus her i 1930-åra, etter at dei tidlegare hadde budd i klukkargarden og på Bruflat skule. I Haugalie dyrka dei opp fem mål og litt beite, nok til å fø ei ku. Attåt hadde dei 700 mål produktiv skog. Anne Marie og Gudbrand Klevgaard hadde fem born, tre søner og to døtre. Sonen Magnus (1905-?) vart òg lærar.

Kjelder og litteratur

Eksterne lenker