Hals (Aure): Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Linje 80: Linje 80:
Dalan (dial. ["dɑɽaɲ:] ({{NA}}), ["dɑɽɔ] ({{D}})) vart bygsla den [[27. desember]] [[1847]], og den [[8. september]] [[1866]] vart plassen frådelt b.nr. 6 (Søstua) som sjølveigande bruk. Bruket ligg mellom ''Ekkerbekkjen'' (Ekrebekken) i sør og ''Kvennabekkjen'' eller ''Sagelva'' i nord. Namnet ''Dalan'' kjem av dei mange dalane som var her føre innmarka vart planert i 1970-åra. Dalane er framleis der i utmarka.
Dalan (dial. ["dɑɽaɲ:] ({{NA}}), ["dɑɽɔ] ({{D}})) vart bygsla den [[27. desember]] [[1847]], og den [[8. september]] [[1866]] vart plassen frådelt b.nr. 6 (Søstua) som sjølveigande bruk. Bruket ligg mellom ''Ekkerbekkjen'' (Ekrebekken) i sør og ''Kvennabekkjen'' eller ''Sagelva'' i nord. Namnet ''Dalan'' kjem av dei mange dalane som var her føre innmarka vart planert i 1970-åra. Dalane er framleis der i utmarka.


Det er funne fleire hundre flintavslag i Dalan. Truleg har det vore flintverkstad her ein gong kring yngre steinalder. Det vart òg funne restar av ei [[jarnmile]] under pløying. Det seiest at det var [[oppgangssag]] ved ''Sagelva'' i [[hollendartida]]. Seinare, etter at sagbruket vart nedlagt, vart det sett opp [[kvennhus]], og Sagelva skifta namn til ''Kvennabekken''. Bekken blir òg stundom kalla Slettabekken.
Det er funne fleire hundre flintavslag i Dalan. Truleg har det vore flintverkstad her ein gong kring yngre steinalder. Det vart òg funne restar av ei [[jarnmile]] under pløying. Det seiest at det var [[oppgangssag]] ved ''Sagelva'' i [[hollendartida]]. Seinare, etter at sagbruket vart nedlagt, vart det sett opp [[kvennhus]], og Sagelva skifta namn til ''Kvennabekken''. Bekken blir òg stundom kalla ''Slettabekkjen''.


I folketeljinga i 1865 står ''Dalen'' registrert med tre [[kyr]], 14 [[sau]]er og ein [[gris]]. Det vart sådd 1½ tynner havre og sett ei tynne potetar.<ref>[http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/bosted_land/bf01038309000917 Folketelling 1865 for 1573P Edøy prestegjeld]</ref>
I folketeljinga i 1865 står ''Dalen'' registrert med tre [[kyr]], 14 [[sau]]er og ein [[gris]]. Det vart sådd 1½ tynner havre og sett ei tynne potetar.<ref>[http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/bosted_land/bf01038309000917 Folketelling 1865 for 1573P Edøy prestegjeld]</ref>

Sideversjonen fra 30. mai 2017 kl. 10:22

For andre stader med namnet «Hals» eller «Halsen», sjå Hals.

Hals
Fylke: Møre og Romsdal
Kommune: Aure
Gnr.: 225
Postnummer: 6590

Mal:Thumb høyre Hals (IPA [hɑ:ʂ]) er ein matrikkelgardTustna i Aure kommuneNordmøre i Møre og Romsdal.

Garden omfattar Halsnesset og vidare nordetter Sålåsundet til omlag midt i gardsbruket Slettet under matrikkelgarden Innersetra. I vest grensar garden mot Ersvika.

Gardsbruk

Bnr. 1: Oppistua

Oppistua sett frå Sålåsundet.
Foto: Olve Utne

I Skattematrikkelen 1647 står Michell Hals nemnt med 3 rdr. skatt. Som eigar og bygslar står kongen med 1 spd. skyld.


Bnr. 2: Bukta


Bnr. 3: Halsbogen

Sjølve Halsbogen er ei lita bukt med eit smalt nes utanom.
Foto: Olve Utne

Første gongen vi veit at det budde folk i Halsbogen var i 1836, da Erik E. Vågland (1808–18??) frå Ytre Vågland i Halsa bygsla bruket som husmannsplass. Han og kona, Ildri Johannesdt. Korsnes (1816–1870), hadde ni born saman, men berre fem av dei voks opp. I folketeljinga i 1865 står Halsbogen registrert med tre kyr, 16 sauer og ein gris. Det vart sådd 2 tynner havre og sett ei tynne potetar.

Halsbogen vart frådelt Oppistua (bnr. 1) ved skylddeling den 20. september 1873. Kjøparen vart geitbåtbyggjaren Martinus P. Lystad (1840-1901) frå Ljustad på Tustna. Han og kona, Anne Johansdt. Vaagen (1836–1924), fekk fire born saman. Sonen Albert M. Halsbog (1870–1936) tok over garden i 1901. Han og kona, Johanna H. Enge (1877–1955) frå Engjan i Valsøyfjorden, fekk seks born saman. I tillegg til gardsdrifta dreiv dei med noko kleppfisktørking, og nokre få år dreiv dei òg handel, men med lite inntekt. Dei overdrog Halsbogen til sonen Peder, som i sin tur selde til bror sin Halvard i 1938. Halvard A. Halsbog (1904–1983) gifta seg med Gudrun Danielsdt. Hagerup (1904–1979), dotter av bildehoggaren Daniel Hagerup, i 1939. Dei fekk to born, og etterslekta deira eig framleis garden.

Bildegalleri


Bnr. 4: Halsmyra (òg kalla Haugen)


Bnr. 5: Stranda

Stranda.
Foto: Olve Utne


Bnr. 6: Søstua

Søstua sett frå Sålåsundet.
Foto: Olve Utne

Bildegalleri


Bnr. 7: Bortistua

Bortistua med Stamparhaugen og Tuvå i bakgrunnen.
Foto: Olve Utne

Bildegalleri


Bnr. 8: Nesset


Bnr. 9: Dalan (Dalen)

Dalan kring 1935

Dalan (dial. ["dɑɽaɲ:] (Mal:NA), ["dɑɽɔ] (Mal:D)) vart bygsla den 27. desember 1847, og den 8. september 1866 vart plassen frådelt b.nr. 6 (Søstua) som sjølveigande bruk. Bruket ligg mellom Ekkerbekkjen (Ekrebekken) i sør og Kvennabekkjen eller Sagelva i nord. Namnet Dalan kjem av dei mange dalane som var her føre innmarka vart planert i 1970-åra. Dalane er framleis der i utmarka.

Det er funne fleire hundre flintavslag i Dalan. Truleg har det vore flintverkstad her ein gong kring yngre steinalder. Det vart òg funne restar av ei jarnmile under pløying. Det seiest at det var oppgangssag ved Sagelva i hollendartida. Seinare, etter at sagbruket vart nedlagt, vart det sett opp kvennhus, og Sagelva skifta namn til Kvennabekken. Bekken blir òg stundom kalla Slettabekkjen.

I folketeljinga i 1865 står Dalen registrert med tre kyr, 14 sauer og ein gris. Det vart sådd 1½ tynner havre og sett ei tynne potetar.[1]

Hus

Tradisjonen seier at det første huset i Dalan var det som no er kjellaren på gammalhuset, og så vart tømmerkassen sett oppå seinare. Kjellaren hadde doble murar av naturstein i langveggene. I atterveggen var det ei luke som vart bruka til å ta inn potetane. Framveggen, med døra midt på, var lett. Det var ei stor grue i kjellaren. Etter at tømmerkassen vart sett opp vart grua bruka til flatbrødbakst på baksthelle og korntørking i gryte.

Tømmerkassen, ei toroms tømmerstue som vart flytta frå Halsa, vart sett oppå muren kring 1850. I 1916 vart det sagt at huset — og da meinte dei helst tømmerkassen — var to hundre år gammal. Det vart bygd til ei sval og eit kammers i reisverk attom. Huset vart oppussa og ombygd kring 1969–1970.

I 1980 vart det oppført eit nytt hus. Det gamle huset står framleis.

Driftsbygningar og uthus

Dette bumerket stod i gammelfjøsen. (Teikna av Olve Utne etter minnet.)

Gammelfjøsen vart flytta til gards og oppsett kring 1850. Det vart sagt i 1916 at han var kring 150 år gammal, men mistanken er at han var noko nyare. Sjølve fjøskassen var tømra i kamnov. Fjøsdøra var ca. 1,30 m høg og mesta like brei. Det var mökkjalu'k i veggen, men ho stod i motbakke etter at fjøsen vart flytta, så ho var ikkje i bruk. I staden var det mökkjakjellar under deler av fjøsen. Låven var oppført i stavline med tømra røst mot sør. Det gikk to kraftige skråband frå samhaldet til røstet, der dei var innfelt atmmed sideåsane. Gammelfjøsen vart riven i 1980-åra.

Sommarfjøsen stod ved det som da var øverutgarden fram til sommarfjøsen blas ned i eit storskavêr i 1901.

Gammelnaustet, eit stornaust med plass til geitbåtfyringen folket i Dalan hadde fram til 1916, stod attmed naustet i Trøa under Innersetra. Det vart rive tidleg på 1900-talet.

Nynaustet vart bygd i reisverk på sementpålar i 1970-åra.

Nyfjøsen vart bygd tidleg i 1980-åra som ein einetasjes småfefjøs med høylåve og saufjøs på same plan. Det vart tilbygd ein garasjedel nokre få år seinare.

Noko seterhus var det ikkje i tilknyting til garden. Når kyrne beita på fjellet om somrane, så gikk folk opp til Grindheia på Halsfjellet og mjølka kyrne to gonger kvar dag og bar med seg mjølka ned til gards att.

Slekter

Bildegalleri


Bnr. 10: Slettet

Inni gamle Hals skule.
Foto: Olve Utne

Slettet (dial. ['ʃlet:ɛ] dativ ["ʃlet:a]), som opphavleg hørte til b.nr. 6 (Søstua), vart tidleg slege saman med b.nr. 4 (Steinteigen) under g.nr. 24 (Innersetra). Innanfor den halvparten av bruket som hørte til Søstua vart det òg bygd skule i 1890-åra. Denne skulen vart nedlagt i 1972, men skulehuset står framleis der og blir bruka som skulemuseum.

Bnr. 11: Haugen (Sollien)

Marie Isaksdt. Kalland.

Bruket «Sollien», oftast kalla «Haugen» (uttale: [hʌ:’n] (Mal:NA), ['hʌ:ja] (Mal:D)) vart frådelt bnr. 1 (Oppistua) ved skylddeling i 1899, men skøytet vart først gjeve i 1918. Kjøparen, som òg bygde husa her, var Edvard Andersson frå Vullum i Halsa. Han og kona, Marie Isaksdt. Kalland (f. 1856) selde bruket i 1923 og flytta til Gullstein.

Peder A. Ersvik (18911977) frå Ersvika kjøpte bruket i oktober 1923. Han var gift med Gurå Olsdt. Brakstad (1896– * ). Slekta deira eig framleis gardsbruket.

Bnr. 12: Bjørkheim


Bnr. 14: Glemmen

Huset i Glemmen. Butikken låg i sokkeletasjen.
Foto: Olve Utne

Marit K. Halsnes (1916200?) frå Stranda (bnr. 5) og Einar A. Widding (19162008) fekk frådelt denne eigedommen frå Stranda og bygde hus med butikk i sokkeletasjen her. Dei flytta inn i 1952. Butikken, Soleimsund handel, dreiv dei fram til 1. mai 1982.

Bruk utan bruksnummer

  • Tåa
  • Iverteigen

Fotnotar

Kjelder