Hans Aaberg: Forskjell mellom sideversjoner
(dødsdato (DIS-Norge)) |
(lenke) |
||
Linje 14: | Linje 14: | ||
*{{folketelling person|pfXXX|NN|1865|Sogndal prestegjeld}} | *{{folketelling person|pfXXX|NN|1865|Sogndal prestegjeld}} | ||
*{{folketelling person|pfXXX|NN|1900|herred}} | *{{folketelling person|pfXXX|NN|1900|herred}} | ||
*{{folketelling person| | *{{folketelling person|pf01036701001199|Hans Aaberg|1910|Herdla herred}} | ||
{{Norske skolefolk 1934}} | {{Norske skolefolk 1934}} | ||
Sideversjonen fra 30. jan. 2014 kl. 15:06
Hans Aaberg (fødd 7. februar 1863 i Sogndal, død 8. juni 1947) var lærar, kyrkjesongar, heradskasserar m.m. i Herdla i noverande Askøy kommune.
Han vaks opp i Sogndal, som son av gardbrukarparet Johannes Martinusen og Anna Hansdotter Aaberge. Han tok eksamen ved Hamar lærerskole i 1889 og arbeidde deretter i to år som kontorist på ullvarefabrikken i Sogndal. I perioden 1891-99 var han lærar på Stolmen ved Bergen og arbeidde seinare ved ein skule i Norheimsund (1899-1903) og til slutt på Mosterøy ved Stavanger (1903-07), før han i 1907 vart tilsett som lærar og kyrkjesongar i Herdla.
I hordalandsheradet Herdla var Aaberg ein mykje nytta kommunemann, som mellom anna var heradskasserar (1908-33), forlikskommissær (1911-32), revisor i Herdla Sparebank (i 20 år), takst- og meddomsmann, formann i fattigstyret (i seks år) og formann i provianteringsrådet. I ei årrekkje var han òg lærarane sin representant i skulestyret. I 1904 fekk han stipend for å studere undervisninga i folkeskolen i Oslo og Hamar.
Han var gift med Anna Olsdotter Vangestad (1870-1956), dotter av Olav Torbjørnsen Vangestad og Ingeborg Endresdotter. Dei fekk heile elleve ungar, sju søner og fire døtrer. Dottera Svanhild (1902-?) var lærarinne i Hordaland, medan sonen Johs. Aaberg (1895-?) arbeidde som lærar i Borge ved Fredrikstad.
Anna og Hans Aaberg er gravlagde på Herdla kyrkjegard.
Kjelder og litteratur
- DIS-Norge: Gravminner i Norge (lenkje til bilete av gravminnet).
- Mal:Folketelling person
- Mal:Folketelling person
- Mal:Folketelling person
Espeland, Arne: Norske skolefolk (første utgave), Dreyer forlag, Stavanger 1934. Digital versjon på Nettbiblioteket