Hans Aaberg: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(lenke)
(1900-teljinga)
Linje 1: Linje 1:
'''[[Hans Aaberg]]''' (fødd 7. februar 1863 i [[Sogndal]], død 8. juni 1947) var lærar, kyrkjesongar, heradskasserar m.m. i [[Herdla]] i noverande [[Askøy kommune]].
'''[[Hans Aaberg]]''' (fødd 7. februar 1863 i [[Sogndal]], død 8. juni 1947) var lærar, kyrkjesongar, heradskasserar m.m. Han arbeidde fleire stader, men var lengst i [[Herdla]] i noverande [[Askøy kommune]].

Han vaks opp i Sogndal, som son av gardbrukarparet Johannes Martinusen og Anna Hansdotter Aaberge. Han tok eksamen ved [[Hamar lærerskole]] i 1889 og arbeidde deretter i to år som kontorist på [[Sogndal ullvarefabrikk|ullvarefabrikken i Sogndal]]. I perioden 1891-99 var han lærar på Stolmen ved [[Bergen]] og arbeidde seinare ved ein skule i [[Norheimsund]] (1899-1903) og til slutt på [[Mosterøy]] ved Stavanger (1903-07), før han i 1907 vart tilsett som lærar og kyrkjesongar i Herdla.

Linje 13: Linje 13:
*[http://www.disnorge.no/gravminner/bilde.php?id=3917973 DIS-Norge: Gravminner i Norge (lenkje til bilete av gravminnet).]
*[http://www.disnorge.no/gravminner/bilde.php?id=3917973 DIS-Norge: Gravminner i Norge (lenkje til bilete av gravminnet).]
*{{folketelling person|pfXXX|NN|1865|Sogndal prestegjeld}}
*{{folketelling person|pfXXX|NN|1865|Sogndal prestegjeld}}
*{{folketelling person|pfXXX|NN|1900|herred}}
*{{folketelling person|pf01037317000568|Hans Aaberg|1900|Kvam herred}}
*{{folketelling person|pf01036701001199|Hans Aaberg|1910|Herdla herred}}
*{{folketelling person|pf01036701001199|Hans Aaberg|1910|Herdla herred}}
{{Norske skolefolk 1934}}
{{Norske skolefolk 1934}}

Sideversjonen fra 30. jan. 2014 kl. 15:08

Hans Aaberg (fødd 7. februar 1863 i Sogndal, død 8. juni 1947) var lærar, kyrkjesongar, heradskasserar m.m. Han arbeidde fleire stader, men var lengst i Herdla i noverande Askøy kommune.

Han vaks opp i Sogndal, som son av gardbrukarparet Johannes Martinusen og Anna Hansdotter Aaberge. Han tok eksamen ved Hamar lærerskole i 1889 og arbeidde deretter i to år som kontorist på ullvarefabrikken i Sogndal. I perioden 1891-99 var han lærar på Stolmen ved Bergen og arbeidde seinare ved ein skule i Norheimsund (1899-1903) og til slutt på Mosterøy ved Stavanger (1903-07), før han i 1907 vart tilsett som lærar og kyrkjesongar i Herdla.

I hordalandsheradet Herdla var Aaberg ein mykje nytta kommunemann, som mellom anna var heradskasserar (1908-33), forlikskommissær (1911-32), revisor i Herdla Sparebank (i 20 år), takst- og meddomsmann, formann i fattigstyret (i seks år) og formann i provianteringsrådet. I ei årrekkje var han òg lærarane sin representant i skulestyret. I 1904 fekk han stipend for å studere undervisninga i folkeskolen i Oslo og Hamar.

Han var gift med Anna Olsdotter Vangestad (1870-1956), dotter av Olav Torbjørnsen Vangestad og Ingeborg Endresdotter. Dei fekk heile elleve ungar, sju søner og fire døtrer. Dottera Svanhild (1902-?) var lærarinne i Hordaland, medan sonen Johs. Aaberg (1895-?) arbeidde som lærar i Borge ved Fredrikstad.

Anna og Hans Aaberg er gravlagde på Herdla kyrkjegard.

Kjelder og litteratur

Espeland, Arne: Norske skolefolk (første utgave), Dreyer forlag, Stavanger 1934. Digital versjonNettbiblioteket