Haugesagvegen: Forskjell mellom sideversjoner
m (Teksterstatting – «Kategori:Bø kommune (Telemark)» til «Kategori:Bø i Telemark Kategori:Midt-Telemark kommune») |
(Endret kommune.) |
||
Linje 1: | Linje 1: | ||
{{thumb|Bø, Haugesagvegen-1.jpg|Haugesagvegen sett nordøstover frå Oterholtvegen.|[[Roy Olsen]]|2016}} | {{thumb|Bø, Haugesagvegen-1.jpg|Haugesagvegen sett nordøstover frå Oterholtvegen.|[[Roy Olsen]]|2016}} | ||
'''[[Haugesagvegen]]''' i [[Bø i Telemark]] går nordøstover frå [[Oterholtvegen]] ved [[Bø Museum (Telemark)|Bø Museum]] på [[Oterholt (Bø i Telemark)|Oterholt]] til snuplass i skogen ved elva Juvsåa. | '''[[Haugesagvegen]]''' i [[Bø i Telemark|Bø]] i [[Midt-Telemark kommune]] går nordøstover frå [[Oterholtvegen]] ved [[Bø Museum (Telemark)|Bø Museum]] på [[Oterholt (Bø i Telemark)|Oterholt]] til snuplass i skogen ved elva Juvsåa. | ||
Vegen er omlag 750 m lang. Han har namn etter dei to husmannsplassane Haugesag og blei namnsett i 1996. Det ligg sju einebustader langs vegen. | Vegen er omlag 750 m lang. Han har namn etter dei to husmannsplassane Haugesag og blei namnsett i 1996. Det ligg sju einebustader langs vegen. |
Sideversjonen fra 3. jan. 2020 kl. 18:12
Haugesagvegen i Bø i Midt-Telemark kommune går nordøstover frå Oterholtvegen ved Bø Museum på Oterholt til snuplass i skogen ved elva Juvsåa.
Vegen er omlag 750 m lang. Han har namn etter dei to husmannsplassane Haugesag og blei namnsett i 1996. Det ligg sju einebustader langs vegen.
Drygt 150 m sør for enden av vegen finn vi Haugesagfossen i Bøelva, den nedste av fossane som høyrde til Oterholt. Fossen blei tidleg utbygd, og alt kring 1600 var det sagbruk her. Det var helst byborgarar som hadde med drifta å gjere, og i 1616 forpakta såleis rådmann i Skien, Jan Corneliussen Trinepol og Nils Herø saga. Nils som var sagmeister, tok seg bustad like attmed fossen, og dette blei utgangspunktet for husmannsplassen Haugesag. I 1634 dreiv Nils framleis her. I 1822 kjøpte kaptein Mathias Rye ¾ av Haugesagfossen. Det finnes ikkje spor att etter saga no.
Fleire stadsnam i området er knytta til sagdrifta og fløytinga: Haugesagvelta ligg like ovafor fossen, Haugesagmoen og Sagmyra ligg på nordsida av vegen.
Kjelder
- Kartverket: norgeskart.no
- Lunde, Gunnar: Bøsoga I, Kultursoga. Bø kommune 1972.
- Henneseid, Stian: Bøsoga II, Gards- og ættesoga band III. Bø kommune 1985, s. 150.