Hermund Nilsson Bruheim

The printable version is no longer supported and may have rendering errors. Please update your browser bookmarks and please use the default browser print function instead.
Hermund Nilsson Bruheim

Hermund Nilsson Bruheim (fødd 15. august 1888, død 14. august 1962) var frå garden Vamberg i Jostedalen i Sogn og Fjordane. Han var son av bonde og bankkasserar Nils Hermundson Bruheim og kona Anna.

Hermund Bruheim gifte seg 16. juni 1914 med Elen Pedersdotter (1888-1920) frå Grov. Hermund tok over styringa av heimebruket Vamberg etter far sin i 1935 (skøyte 20. januar 1936) og budde her levetida ut.

Han tok òg over som kasserar i Jostedal sparebank etter far sin. Etter konkursen i Jostedal sparebank var han formann i forstandarskapet i eit år (1937-38). Han var kasserar i banken til han døydde, og då tok sonen Per Hermundson Bruheim over. Han var dessutan likningssjef i Jostedal kommune i ei årrekkje. Han vart varamann til formannskapet i Jostedalen i 1919, og ved det neste valet vart han ordførar, eit verv han hadde frå 1923 til 1937. Han vart med desse 15 åra den som har site lengst som ordførar i Jostedalen. Politisk sokna han til Venstre.

Bruheim var sentral i det fyrste kjende målmiljøet i Jostedalen, som stod bak skipinga av Jostedal mållag i 1906, og han var varamann til det fyrste styret i laget. Då han vart ordførar i 1923, fekk nynorsk det endelege gjennombrotet i bygdestyringa i Jostedalen.

Hermund og Elen fekk to søner i lag:

Kjelder og litteratur

Eksterne lenker


Forgjengar:
 L. R. Faaberg 
Ordførarar i Jostedal kommune
Etterfølgjar:
 Ove Wangensten Haug