Herøy kommune (Møre og Romsdal)
Herøy kommune | |
---|---|
Basisdata | |
Kommunenummer | 1515 |
Fylke | Møre og Romsdal |
Kommunesenter | Fosnavåg |
Areal | 119.51 km² |
Areal land | 118.01 km² |
Areal vann | 1.5 km² |
Folketall | 8 842 (2023) |
Målform | nynorsk |
Nettside | Nettside |
Herøy rådhus i Fosnavåg Foto: Jan-Tore Egge
|
Herøy kommune er ein av kommunane på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Kommunen grensar mot Volda, Vanylven, Sande og Ulstein kommunar.
Herøy kommune er delt i to av Herøyfjorden. Kommunen har seks tettstader, Kvalsvik, Kvalsund, Remøy, Moltustranda, Tjørvåg og Fosnavåg. Administrasjonssenteret ligg i Fosnavåg. Det er tre kyrkjer i Herøy, Leikanger kyrkje, Indre Herøy kyrkje og Herøy kyrkje.
Fjordmannsleia er ei kulturminneløype som har blitt sett saman i Herøy i samband med Kulturminneåret 2009. Ho går frå Måløysundet i søraust, om nes og holmar, under bruer og heilt nordvest til Flåvær fyr.
Herøy kystlag og Herøy museumsbåtlag held til i kommunen.
Administrasjonshistorie
Kommunereformen 2014–2018
Torsdagen den 8. desember 2016 skreiv ordførarane i Herøy og Sande kommunar under intensjonsavtalen om å slå saman dei to kommunane. Namnet ligg an til å verte det nyskapte Havøy kommune. Fosnavåg er det planlagde kommunesenteret i den nye kommunen med sine kring 11 500 innbyggjarar. Saka skal takast opp i formannsskapa i begge kommunane, og det ligg an til folkeavstemning om kommunesamanslåinga i januar.[1]
Fotnotar
- ↑ «Herøy og Sande blir «Havøy»» på Smp.no, publ. 08.12.2016
Eksterne lenkjer
|