Hest: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Ny side: <onlyinclude>'''Hest''' er eit (upartåa) hovdyr av hestefamilien. Hesten blir tradisjonelt bruka til riding, som trekkdyr og som kløvdyr. Nokre stader blir hestane [[mjølk...)
(Ingen forskjell)

Sideversjonen fra 2. jan. 2014 kl. 13:39

Hest er eit (upartåa) hovdyr av hestefamilien. Hesten blir tradisjonelt bruka til riding, som trekkdyr og som kløvdyr. Nokre stader blir hestane mjølka òg, men det er ikkje vanlig i Skandinavia. Det finst fleire ulike skandinaviske hesterasar. Dei mest alderdomlige hestane er gotlandsryssen frå Gotland i Sverige, fjordingen frå Vestlandet og nordlandshesten eller lyngshesten frå området frå Salten til Troms. Islandshesten og færøyhesten er nærme i slekt med nordlandshesten. Dei tungbygde arbeidshestane inkluderer dølahesten frå Austlandet og norrlandshästen frå Norrland i Sverige.