Hest er eit (upartåa) hovdyr av hestefamilien. Hesten blir tradisjonelt bruka til riding, som trekkdyr og som kløvdyr. Nokre stader blir hestane mjølka òg, men det er ikkje vanlig i Skandinavia. Det finst fleire ulike skandinaviske hesterasar. Dei mest alderdomlige hestane er gotlandsrusset frå Gotland i Sverige, fjordingen frå Vestlandet og nordlandshesten eller lyngshesten frå området frå Salten til Troms. Lofothesten, som tidligare var vanlig i Salten og Lofoten, blir rekna for utdøydd i dag, sjølv om ein del rasetrekk derifrå framleis finst i ein del individ av nordlandshesten. Islandshesten og færøyhesten er nærme i slekt med nordlandshesten. Dei tungbygde arbeidshestane inkluderer dølahesten frå Austlandet og norrlandshästen frå Norrland i Sverige.

Lyngshest (nordlandshest).
Foto: Halvard Hatlen