Homme (Kvinesdal gnr. 175): Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
m (Teksterstatting – «fylke = Vest-Agder» til «fylke = Agder»)
(Meir info)
Linje 22: Linje 22:
| postnr        =  
| postnr        =  
}}
}}
'''[[Homme ytre (Kvinesdal gnr. 175)|Homme ytre]]''' er ein matrikkelgard i [[Fjotland sokn]] i [[Kvinesdal kommune]]. Han har i dag gardsnummer 175, og hadde tidlegare gnr. 6 i [[Fjotland kommune]], i 1838 matrikkelnummer 177 og gamalt matrikkelnummer 386.
'''[[Homme ytre (Kvinesdal gnr. 175)|Homme ytre]]''' er ein [[Matrikkelgård|matrikkelgard]] i [[Fjotland sokn]] i [[Kvinesdal kommune]]. Han har i dag gardsnummer 175, og hadde tidlegare gnr. 6 i [[Fjotland kommune]], i 1838 matrikkelnummer 177 og gamalt matrikkelnummer 386.
 
== Geografi ==
Homme ligg sørvendt i ei bukting i fjellet på nordsida av Hommevatnet. Garden ligg ved den gamle ridevegen og kyrkjevegen frå Vesterdalen og [[Helle (Kvinesdal gnr. 171)|Helle]] til Fjotland. Vegen gjekk vidare over Saurfid, [[Åmland (Kvinesdal gnr. 176)|Åmland]] og Åsen før den steig ned til Fjotlandvatnet og kyrkja.    
 
Utmarka til Helle er lik ein kile inn mellom [[Engedal (Kvinesdal gnr. 177)|Engedal]] og Åmlands gardsmarker. Bytet med Åmland går frå nord og sørover midt i Reinsdalen i nesten rett line ned til Nedre Åmlandsvatnet og langs med vestsida av vatnet og over innmarka. Bytet med Engedal går frå toppen av Migansheia og jamt med vasskilje ned til garden og Hommevatnet. Homme eig også eit stykke i lia aust for Årland under Helle.
 
== Gardsnamnet ==
Homme kjem av det gammelnorske «hvammr», som tyder liten dal eller avkrok omgitt av høge bakkar eller fjell. På Austlandet kjenner ein att det same opphavet i Hvam og Kvam.<ref>Norsk stadnamnleksikon; Hom-.</ref>
 
Namnet er vanskeleg å tidfesta med bakgrunn i namneforma. «Hom» har vore nytta i samansette gardsnamn fleire stader i Kvinesdal, både i bestemt og ubestemt form eintal – og i fleirtal.
 
Lokal uttale er «Hommå».
 
Under Homme finn ein Saurfid òg. Dette namnet er sett saman av to komponentar. «Saur» i meininga «myrete» eller «blautt». «Fid» tydar «eng» eller «frodig eng» ved vatn. Finnes att i til dømes Feda, Fidjan, Fitjar og Fetsund.<ref>Norsk stadnamnleksikon; Saur- og Fit-</ref> Samansett kan namnet tyda «Myrlendt eng» eller «blautt jorde».
 
== Namn i innmark og utmark ==
Noko aust for hovudbølet i Homme finn ein namnet Tranland. I dag er denne plassen ein åker vendt austover mot Tjødne, men namnet kan tyda på at det i mellomalderen låg ein gard her som blei lagt øyde i ettertid, og som ikkje blei rydda att på 1600-talet. Elles kan det også vera slik at tuftene blei flytta til dit Homme i dag ligg ved oppattakinga. Det skulle tyda ulukke å byggja på den gamle plassen då ein rydda ein øydegard. At jorda ofte var utarma nær dei gamle tuftene kan ha vore vel så viktig.
 
Elles er garden omgjeven av knutar og småfjell; ein har Knuden, Hommeknuden og Stormyrknuden. Rokkedalsknuden over Årland ligg òg innanfor gardsgrensa.
 
== Gardsbeskrivingar og livsgrunnlag ==
Med unntak for 1801 har talet på busette etter at garden kom inn i statistikkane, vore stabilt. Dei seks mennene som blei registrerte her i 1664 blei til 12 personar totalt i 1865, og det same i 1900. Tala fortel om ein gard som tidleg fann potensialet i inn- og utmark. I 1664 hadde dei fire kyr, medan i 1865 blei det registrert seks kyr på garden.
 
I 1723 blei det oppført at dei hadde ei flaumkvern og at dei hadde skog nok til brensle og anna heimebehov. Garden blei beskriven som ein tungdriven landgard i solli.
 
Kor mange busette (M: Berre vaksne menn)
{| class="wikitable"
|1665
|1801
|1865
|1900
|1920
|-
|6M
|4
|12
|12
|3
|}
 
== Jordbruk og husdyrhald ==
{| class="wikitable"
|
|1664
|1723
|1865
|1939
|-
|Korn
|1 ¼ t
|3 t
|3 13/24 t
|
|-
|Jordeple
|<nowiki>- </nowiki>
|<nowiki>- </nowiki>
|8 ½ t
|
|-
|Hestar
|
|
|1
|
|-
|Storfe
|4
|5
|6
|
|-
|Småfe
|6
|10
|20
|
|}
 
== Kulturminne ==
Ved utløpet av Tjødne nedanfor Nedre Åmlandsvatnet er det ein demning. I bekken nedanfor er det restar etter ei kvern og ei sag. Saga skal ha vore driven fram til 1960, men rasa saman i 1969.
 
Kyrkjevegen frå [[Helle (Kvinesdal gnr. 171)|Helle]] over [[Åsen (Kvinesdal gnr. 203)|Åsen]] til Fjotland – som vart rusta opp i 1670 – går òg over Homme. Bakken opp mot Homme blei kalla Ryggjesbrode og mange historier er knytte til denne tunge bakken. Det er også bevart restar etter Ryggjesbrodbrauna som gjekk over bekken frå Stormyr.
 
== Eigedomsforhold ==
Første gong ein finn Homme i dei skriftlege kjeldene er i 1643. Då blei garden ført opp i lensrekneskapen som skattytar med ei skuld på 1/3 [[Leksikon:Hudlag|hud]]. Det var mange nyryddingar og oppattaking av gamle gardar i perioden fram mot ca. 1650. Då fekk ein omlag den same gardsstrukturen som ein kjenner i dag. Gardane og plassane som blei etablerte eller reetablerte i denne perioden, fekk stort sett eigne gardsnummer i matrikkelen. Plassane som kom til etter dette, blei lagde under ein større gard og fekk etter kvart bruksnummer under ein større gard. Myndigheitene var redde for stor oppdeling og for små einingar, noko som kunne føra til lågare skatteevne.
{| class="wikitable"
|
|1639
|1661
|1723
|1802
|1838
|1886
|1950
|2019
|-
|Nr
|<nowiki>- </nowiki>
|<nowiki>- </nowiki>
|148
|386
|177
|6
|6
|175
|-
|Skuld
|
|4 ksk
|½ h
|6 eng
|6 eng
|5 ort 70 sk.
|
|<nowiki>- </nowiki>
|-
|Tal på bruk
|
|
|2
|1
|1
|5
|5
|8
|}
<nowiki>*</nowiki>tal på oppsitjarar
 
Ved matrikuleringa i 1665 blei skulda til Homme auka til seks engelsk – eller ei halv hud.
 
== Delingar og utskiftingar ==
Delingshistoria til Homme er prega av at det nok ikkje var meir enn eit bruk som var drivverdig på garden. Gjentekne forsøk på å skilja ut gardpartar førte berre til at partane blei slegne saman etter få år.
 
I 1723 blei det registrert to oppsitjarar i Homme; Tron Olsson og Jon Øyusson. Dei hadde truleg halve garden kvar. Omlag 1800 kjøpte Jesper Ingvorsson begge halvpartane, men selde att i 1811 til Atlak Torgrimsson. To år seinare selde Atlak vidare til Markus Didriksson, men heldt tilbake løpenr. 654b det som seinare skulle bli bruksnr. 5; Saurfid. I 1839 fekk Markus òg hand om Jespers part, og garden blei nok ein gong samla, med unntak for Saurfid. I 1877 gjorde dei ei ny deling og ny eigar kom inn på stykket som fekk løpenr. 654a2, seinare bnr. 2. Eit stykke utmark – Åseheia – blei også selt same året (lnr. 654a3, bnr. 4) til Øyu Olsson Åsen. Men dei to gardpartane bnr. 1 og 2 blei fort samla att. Dei fekk same eigar att i 1878. No hadde rett nok Martin Børelsson halde av ein part til far sin (lnr. 654a1b, bnr. 3). Denne gardparten bestod for seg sjølv fram til 1914, då han på nytt blei føydd saman med dei resterande gardpartane bnr. 1 og 2. I seinare tid har bnr. 1 og 2 blitt slegne saman i 1997. I 2007 blei den gamle hovudbygningen skild ut som eige bruksnummer (bnr. 8) og ny bustad oppført på sørsida av Hommebekkjen.  


==Bruk og eigedomar==
==Bruk og eigedomar==

Sideversjonen fra 29. sep. 2021 kl. 08:58

Homme ytre
Sokn: Fjotland
Fylke: Agder
Kommune: Kvinesdal
Gnr.: 175
Ant. bruksnr.: 6 (2018)
Type: Matrikkelgard

Homme ytre er ein matrikkelgard i Fjotland sokn i Kvinesdal kommune. Han har i dag gardsnummer 175, og hadde tidlegare gnr. 6 i Fjotland kommune, i 1838 matrikkelnummer 177 og gamalt matrikkelnummer 386.

Geografi

Homme ligg sørvendt i ei bukting i fjellet på nordsida av Hommevatnet. Garden ligg ved den gamle ridevegen og kyrkjevegen frå Vesterdalen og Helle til Fjotland. Vegen gjekk vidare over Saurfid, Åmland og Åsen før den steig ned til Fjotlandvatnet og kyrkja.    

Utmarka til Helle er lik ein kile inn mellom Engedal og Åmlands gardsmarker. Bytet med Åmland går frå nord og sørover midt i Reinsdalen i nesten rett line ned til Nedre Åmlandsvatnet og langs med vestsida av vatnet og over innmarka. Bytet med Engedal går frå toppen av Migansheia og jamt med vasskilje ned til garden og Hommevatnet. Homme eig også eit stykke i lia aust for Årland under Helle.

Gardsnamnet

Homme kjem av det gammelnorske «hvammr», som tyder liten dal eller avkrok omgitt av høge bakkar eller fjell. På Austlandet kjenner ein att det same opphavet i Hvam og Kvam.[1]

Namnet er vanskeleg å tidfesta med bakgrunn i namneforma. «Hom» har vore nytta i samansette gardsnamn fleire stader i Kvinesdal, både i bestemt og ubestemt form eintal – og i fleirtal.

Lokal uttale er «Hommå».

Under Homme finn ein Saurfid òg. Dette namnet er sett saman av to komponentar. «Saur» i meininga «myrete» eller «blautt». «Fid» tydar «eng» eller «frodig eng» ved vatn. Finnes att i til dømes Feda, Fidjan, Fitjar og Fetsund.[2] Samansett kan namnet tyda «Myrlendt eng» eller «blautt jorde».

Namn i innmark og utmark

Noko aust for hovudbølet i Homme finn ein namnet Tranland. I dag er denne plassen ein åker vendt austover mot Tjødne, men namnet kan tyda på at det i mellomalderen låg ein gard her som blei lagt øyde i ettertid, og som ikkje blei rydda att på 1600-talet. Elles kan det også vera slik at tuftene blei flytta til dit Homme i dag ligg ved oppattakinga. Det skulle tyda ulukke å byggja på den gamle plassen då ein rydda ein øydegard. At jorda ofte var utarma nær dei gamle tuftene kan ha vore vel så viktig.

Elles er garden omgjeven av knutar og småfjell; ein har Knuden, Hommeknuden og Stormyrknuden. Rokkedalsknuden over Årland ligg òg innanfor gardsgrensa.

Gardsbeskrivingar og livsgrunnlag

Med unntak for 1801 har talet på busette etter at garden kom inn i statistikkane, vore stabilt. Dei seks mennene som blei registrerte her i 1664 blei til 12 personar totalt i 1865, og det same i 1900. Tala fortel om ein gard som tidleg fann potensialet i inn- og utmark. I 1664 hadde dei fire kyr, medan i 1865 blei det registrert seks kyr på garden.

I 1723 blei det oppført at dei hadde ei flaumkvern og at dei hadde skog nok til brensle og anna heimebehov. Garden blei beskriven som ein tungdriven landgard i solli.

Kor mange busette (M: Berre vaksne menn)

1665 1801 1865 1900 1920
6M 4 12 12 3

Jordbruk og husdyrhald

1664 1723 1865 1939
Korn 1 ¼ t 3 t 3 13/24 t
Jordeple - - 8 ½ t
Hestar 1
Storfe 4 5 6
Småfe 6 10 20

Kulturminne

Ved utløpet av Tjødne nedanfor Nedre Åmlandsvatnet er det ein demning. I bekken nedanfor er det restar etter ei kvern og ei sag. Saga skal ha vore driven fram til 1960, men rasa saman i 1969.

Kyrkjevegen frå Helle over Åsen til Fjotland – som vart rusta opp i 1670 – går òg over Homme. Bakken opp mot Homme blei kalla Ryggjesbrode og mange historier er knytte til denne tunge bakken. Det er også bevart restar etter Ryggjesbrodbrauna som gjekk over bekken frå Stormyr.

Eigedomsforhold

Første gong ein finn Homme i dei skriftlege kjeldene er i 1643. Då blei garden ført opp i lensrekneskapen som skattytar med ei skuld på 1/3 hud. Det var mange nyryddingar og oppattaking av gamle gardar i perioden fram mot ca. 1650. Då fekk ein omlag den same gardsstrukturen som ein kjenner i dag. Gardane og plassane som blei etablerte eller reetablerte i denne perioden, fekk stort sett eigne gardsnummer i matrikkelen. Plassane som kom til etter dette, blei lagde under ein større gard og fekk etter kvart bruksnummer under ein større gard. Myndigheitene var redde for stor oppdeling og for små einingar, noko som kunne føra til lågare skatteevne.

1639 1661 1723 1802 1838 1886 1950 2019
Nr - - 148 386 177 6 6 175
Skuld 4 ksk ½ h 6 eng 6 eng 5 ort 70 sk. -
Tal på bruk 2 1 1 5 5 8

*tal på oppsitjarar

Ved matrikuleringa i 1665 blei skulda til Homme auka til seks engelsk – eller ei halv hud.

Delingar og utskiftingar

Delingshistoria til Homme er prega av at det nok ikkje var meir enn eit bruk som var drivverdig på garden. Gjentekne forsøk på å skilja ut gardpartar førte berre til at partane blei slegne saman etter få år.

I 1723 blei det registrert to oppsitjarar i Homme; Tron Olsson og Jon Øyusson. Dei hadde truleg halve garden kvar. Omlag 1800 kjøpte Jesper Ingvorsson begge halvpartane, men selde att i 1811 til Atlak Torgrimsson. To år seinare selde Atlak vidare til Markus Didriksson, men heldt tilbake løpenr. 654b det som seinare skulle bli bruksnr. 5; Saurfid. I 1839 fekk Markus òg hand om Jespers part, og garden blei nok ein gong samla, med unntak for Saurfid. I 1877 gjorde dei ei ny deling og ny eigar kom inn på stykket som fekk løpenr. 654a2, seinare bnr. 2. Eit stykke utmark – Åseheia – blei også selt same året (lnr. 654a3, bnr. 4) til Øyu Olsson Åsen. Men dei to gardpartane bnr. 1 og 2 blei fort samla att. Dei fekk same eigar att i 1878. No hadde rett nok Martin Børelsson halde av ein part til far sin (lnr. 654a1b, bnr. 3). Denne gardparten bestod for seg sjølv fram til 1914, då han på nytt blei føydd saman med dei resterande gardpartane bnr. 1 og 2. I seinare tid har bnr. 1 og 2 blitt slegne saman i 1997. I 2007 blei den gamle hovudbygningen skild ut som eige bruksnummer (bnr. 8) og ny bustad oppført på sørsida av Hommebekkjen.

Bruk og eigedomar

Bnr. Bruksnamn Type eigedom Utskild frå Matrikulert Løpenr. (før 1886) Skyld 1950 Eigar 1886 Eigar 1950
1 Homme Ytre 654a1a 0 mark 64 øre Fredrik Tjølsen Peder T. Homme
2 Homme Ytre bruk 1 1877 654a2 0 mark 83 øre Fredrik Tjølsen Peder T. Homme
5 Saurfid Fritid bruk 1 1856 654b 0 mark 14 øre Sigbjørn Larsen Theodor Røstøl
8 bruk 1 2007


1037 Kvinesdal komm.png Homme (Kvinesdal gnr. 175) er ein del av Bygdebokprosjektet for Kvinesdal med Amund Pedersen som forfatter, og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Kvinesdal kommune er eit samarbeid mellom forfattaren og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.

 

  1. Norsk stadnamnleksikon; Hom-.
  2. Norsk stadnamnleksikon; Saur- og Fit-