Jørgen Fillipsen: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 1: Linje 1:
<onlyinclude>'''[[Jørgen Fillipsen]]''' (andre skrivemåtar: Philipsen, Phillipssøn, fødd ca 1620, død [[1696]]) var [[Gudbrandsdal fogderi|fut i Gudbrandsdalen]] i alle fall frå 1653 til 1659. Kvar han kom frå er ukjent. Det har vore rekna med at han var ein av dei danske skrivarane som kom til Noreg kring 1650, men [[Halvdan Koht]] påpeiker at det berre er laus gjetting. Fillipsen var eigar av [[Lesja jernverk]] frå starten i 1660 til 1687 og kjøpte opp dei aller fleste gardane på [[Lesjaskogen]] frå 1660 og utover.</onlyinclude>
<onlyinclude>'''[[Jørgen Fillipsen]]''' (andre skrivemåtar: Philipsen, Phillipssøn, fødd ca 1620, død [[1696]]) var [[Gudbrandsdal fogderi|fut i Gudbrandsdalen]] i alle fall frå 1653 til svogeren [[Jens Madsen]] overtok embetet i 1659. Kvar han kom frå er ukjent. Det har vore rekna med at han var ein av dei danske skrivarane som kom til Noreg kring 1650, men [[Halvdan Koht]] påpeiker at det berre er laus gjetting. Fillipsen var eigar av [[Lesja jernverk]] frå starten i 1660 til 1687 og kjøpte opp dei aller fleste gardane på [[Lesjaskogen]] frå 1660 og utover.</onlyinclude>


Fillipsen organiserte to friviljuge kompani av bønder frå [[Gudbrandsdalen]] til frigjeringa av [[Trondheim]] i 1658-59. Etter han gjekk av som fut sendte bøndene i dalen klager mot han og den neste futen, [[Jens Madsson]], for ei lang rekkje overgrep. Men ein kongeleg kommisjon frikjende dei.
Fillipsen organiserte to friviljuge kompani av bønder frå [[Gudbrandsdalen]] til frigjeringa av [[Trondheim]] i 1658-59. Etter han gjekk av som fut sendte bøndene i dalen klager mot han og den neste futen, [[Jens Madsson]], for ei lang rekkje overgrep. Men ein kongeleg kommisjon frikjende dei.

Sideversjonen fra 18. nov. 2009 kl. 12:12

Jørgen Fillipsen (andre skrivemåtar: Philipsen, Phillipssøn, fødd ca 1620, død 1696) var fut i Gudbrandsdalen i alle fall frå 1653 til svogeren Jens Madsen overtok embetet i 1659. Kvar han kom frå er ukjent. Det har vore rekna med at han var ein av dei danske skrivarane som kom til Noreg kring 1650, men Halvdan Koht påpeiker at det berre er laus gjetting. Fillipsen var eigar av Lesja jernverk frå starten i 1660 til 1687 og kjøpte opp dei aller fleste gardane på Lesjaskogen frå 1660 og utover.

Fillipsen organiserte to friviljuge kompani av bønder frå Gudbrandsdalen til frigjeringa av Trondheim i 1658-59. Etter han gjekk av som fut sendte bøndene i dalen klager mot han og den neste futen, Jens Madsson, for ei lang rekkje overgrep. Men ein kongeleg kommisjon frikjende dei.

Da Fillipsen slutta som fut, flytta han til Christiania der han dreiv stort som trelasteksportør. I 1669 vart han utnemnt til viselagmann på Opplanda og nokre år seinare lagmann for same distrikt. Han var òg assistensråd ved Overhoffretten. I 1670-åra var han rekna som ein av dei rikaste borgarane i Christiania.

Fillipsen var g. 1656 m. med Anne Bentsd., enkje etter Jacob Eggertsson Stockfleth, tidlegare fut over Land og Valdres. Dei fekk ikkje barn, og i testamentet deira frå 1685 gav dei jordeigedom til ein verdi av 3000 riksdaler til «skolen og de fattige». Dette vart sett i eit legat og utbyttet vart delt mellom Christiania latinskole og Oslo hospital, som altså på dette viset vart jordeigarar m.a. i Gudbrandsdalen fram til gardane vart selde til sjølveige i 1720-åra.

Litteratur