Jan-Magnus Bruheim: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 45: Linje 45:
Med dei neste par samlingane, som kom rett etter krigen, kom ein annan emnekrinsen som står sentralt i Bruheims verk, og som har vorte kalla ein kjempande humanisme. Det gjeld det personlege etiske ansvaret overfor medmenneska og vår plikt til å kjempe mot vondskapen og for det gode i tilveret. Ein finn sjeldan og aldri nokon politisk bodskap i Bruheims dikting. Han er personleg engasjert i verda rundt seg med sterke meiningar om mangt og mykje, men han vil ikkje med dikta sine vere blant dei høgrøysta ”vegvisarar”. Dikta skal heller vere til sjølvrefleksjon og sjølvransaking. Dei skal vere vegvisaren i eintal som berre står stum og peikar. Diktet Vegvisaren står i samlinga Ved kjelda som kom i 1972, midt i striden om norsk EF-medlemskap, midt under ungdomsradikaliseringa, den militante kvinnekampen, økorørsle og hippietid, og ikkje minst i straumen av politisk engasjert litteratur i dikt og prosa. Det var mange vegvisarar på den tida. Og Bruheim føler seg freista sjølv:

”…når eg trur
”…når eg trur<br />eg har funne,<br />kjenner eg ogbr />ein brennande trong <br />til å rope<br />ut over hav og jord:<br />Dette er vegen, syster,<br />dette er vegen, bror!”<br />
eg har funne,
kjenner eg og
ein brennande trong
til å rope
ut over hav og jord:
Dette er vegen, syster,
dette er vegen, bror!”

Men Bruheim avheldt seg frå agitasjonen. Dikta kan knappast knyttast til tid, stad og konkrete historiske omstende. Det var for hans eigen del noko han truleg såg som ungdommelege, velmeinte villfaringar, da han til dømes skreiv ibsensk broder-i-nød-dikt for Finland og smededikt mot okkupasjonsmakt og landssvikarar. I si «vaksne» dikting vil han helst berre fremje det personlege etiske imperativet, som for hans del også kan sjåast å vere kristent grunngjeve.

Sideversjonen fra 28. des. 2012 kl. 06:02

Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Mal:Thumb høyre Jan-Magnus Bruheim (fødd i Skjåk 15. februar 1914, død same stad 10. august 1988) var forfattar, fyrst og fremst lyrikar, men også med innslag av prosa i sin litterære produksjon. Han gav ut 18 diktsamlingar, og er også kjend for ei sine barnebøker med dikt, rim og regler og forteljingar på vers og i prosa. Bruheim var ein populær opplesar, i kringkastinga (mellom anna i Ønskediktet), i skular, lag og foreiningar mange stader i landet. Bruheim verka også som folkeskulelærar i ein periode. Han var samfunnsengasjert, mellom anna i freds- og antiatomvåpenarbeid og i motstand mot skulesentraliseringa.

Familien, garden og grenda

Jan-Magnus Bruheim var son av Mathias Bruheim (1882-1967) og Torø Jonsdotter Lund (1880-1929). Jan-Magnus var nummer fire i ein søskenflokk på i alt seks, tre gutar og tre jenter, fødde i tidsrommet 1908-1920.

Foreldra åtte og dreiv garden Larskvea i Lundagrenda i Skjåk. Larskvea var etter dei heilt lokale forholda eit mellomstort bruk på ca. 40 dekar dyrka mark og med seks kyr. Halvparten av arealet hadde faren Mathias dyrka sjølv etter at han kjøpte bruket ca. år 1900. Lundagrenda bestod elles av tre-fire større gardar, der brukarane sokna til Bondelaget, omkransa av ei rekkje småbruk, der eigarane var organisert i småbrukarlaget. Småbruka var mest tidlegare husmannsplassar, men også bureisingsbruk frå 1920- og 1930-åra og nokre eldre sjølveigarbruk. Larskvea tilhøyrde den siste kategorien.

To av syskena til Jan-Magnus var blant dei som tok til på bureisingsbruk i Lundagrenda (Hans, fødd 1908, rydda Lunde, Maria, fødd 1911, var i Asplund). Ei tredje syster byrja saman med mannen bureisingsbruk i Billingsdalen (Matilde, fødd 1920, på bruket Heggli). Alma (1916-) bygde saman med mannen Peder opp heimen/småbruket Høgvoll utskilt frå Larskvea. Erling (fødd 1909) slo seg også ned med familien i ein heim rett ved. Det gjeld også Jan-Magnus sjølv, som det meste av livet budde fyrst på heiumegarden, sidan i sin eigen heim på gardens grunn. Med unntak av den yngste systera som flytta til Billingsdalen, vart altså heile syskenflokken buande i same grenda.

Kulturell og ideologisk ballast frå heimen

Familien i Larskvea såg på seg sjølv som ein småbrukarfamilie. Faren Mathias Bruheim var ein sentral person i småbrukarrørsla både lokalt og på fylkesplan. Jan-Magnus kan sjåast å ha opptrådd med opplesingar av eigne dikt på møte i småbrukarlaga i bygda allereie i 15-16-årsalderen. Faren hans var også elles ein særs ivrig organisasjonsmann med stort engasjement i fråhaldsarbeid og i kristeleg foreiningsliv. Han hadde gått underoffisersskule og var sanitetssersjant. Han var elles mykje nytta som rekneskapsførar og revisor, og han var eit skrivande menneske mellom anna som lokal korrespondent for Gudbrandsdølen og med lokalhistorisk produksjon. Han var kristelegkonservativ, sterkt påverka av sin avhaldne lærar Ole Lund.

Mor til Jan-Magnus døydde da han var 14 år gammal. Vi kjenner ikkje spesielt til hennar engasjement og haldningar i kultur og samfunnsliv, men ho var musikalsk og hadde stor forteljarevne.

Jan-Magnus sjølv og syskena var i barndomen og ungdomen medlemmer i fråhaldslosjer og ivrige deltakarar i den frilynde ungdomsrørsla. Dei markerte seg ikkje politisk, med unntak av eldstebroren Hans, som vart lokalpolitikar for Arbeidarpartiet. Det var eit lite avvik i familien, som iallfall i følgje systera Alma ideologisk sett helst var for venstrefolk å rekne. Ho omtalar også faren som venstremann.

Skulegang

Jan-Magnus gjekk sjuårig folkeskule i Holmork. I storskulen der fekk han Thorstein Eggum som lærar. Systera Alma fortel at Eggum gjorde mykje til at dei vart nynorskfolk. Det var ikkje nokon sjølvsagd ting. Skulemålet for Jan-Magnus og syskena i småskulen var riksmål. Så vart det innført landsmål i krinsen i 1925, medan Jan-Magnus gjekk fjerde eller femte året der. Målskiftet gjekk ikkje utan strid. Det var underskriftskampanje for å behalde riksmålet, og både far og mor til Jan-Magnus var med dei som underskreiv.

Etter folkeskulen gjekk Jan-Magnus to år på framhaldskule, der han mellom anna hadde den avhaldne læraren Doro Heyerdahl. Så gjekk han eit år å på Viken kristelege ungdomsskole ved Gjøvik. Han byrja også på mellomskulen i Skjåk, som nett på den tida var sett i gang på privat basis. Der gjekk han berre det eine året før han avbraut. Han ville etter eiga utsegn heller arbeide på garden.

Arbeidskar, diktar og lærar

Etter avslutta skulegang arbeidde Jan-Magnus på garden heime. Han tok noko arbeid også utanfor heimen. Mellom anna arbeidde han på veganlegg i grenda der, nokre veker kvart år frå 1933 til 1936 på såkalla «naudsarbeid», dvs. sysselsetjing for arbeidslause med statstilskot til lønningane.

Bruheim budde heime og hjelpte til på Larskvea også etter at han hadde fått eit namn som diktar, og etter at eldstebroren Hans tok over garden. I åra 1957-1961 hadde han lærarstillingar i småskulen, fyrst eit år i Skogbygda i Vågå, deretter i Øygardskulen i heimbygda.

Jan-Magnus bygde seg eit eige hus og diktarstove ved heimegarden i Lundagrenda. Nokre år på sine eldre dagar budde han i Botnane i Bremanger (1978 til 1985). Men han flytta igjen heim til Skjåk og Lundagrenda, og døydde der.

Finnlandsven og antinazist

Bruheim var sterkt oppteken av nasjonal fridom og sjølvstende. I heimbygda som i landet elles var det eit breitt og tverrpolitisk solidaritetsarbeid for Finlands sak under Vinterkrigen, og Jan-Magnus deltok ivrig i dette. I februar 1940 fekk han publisert eit satirisk dikt i Demokratenes Blad. Det vart oppfatta som ei oppmoding om å gje militær støtte til finnane, ikkje berre uforpliktande sympati og fagre ord. Bruheim kom etter dette i ein polemikk i avisa, der han meir eller mindre direkte vart oppmoda til sjølv å melde seg som frivillig. Det skal han også ha gjort, men det var på det tidspunktet for seint.[1]

Bruheim deltok aktivt i haldningskampen mot okkupantane og NS-regimet under krigen. I oktober 1940 vart det hengt opp ei rekkje smededikt på telefonstolpar fleire stader i bygda, retta nettopp mot tyskarane og nazistane. NS-lensmannen fekk nyss om at Jan-Magnus Bruheim kan ha hatt med dette å gjere. Saka vart lagd bort som uoppklara, men etter krigen stadfesta Bruheim at det var han som stod bak.[2]

Om kvelden 1. nyttårsdag 1941 var det halde eit folkemøte i forsamlingslokalet Solheim i høve av at NS forsøkte å overta leiinga i UL Fram og dermed også lokalet som var lagets eigedom. Det vart eit rabaldermøte der NS-føraren i bygda og hirden kuppa møtet. Jan-Magnus Bruheim var ein av dei som tok ordet i protest. Han spurde frå salen opp til NS-føraren på talarstolen, og etter seiande var den unge diktaren drivkvit i andletet: «Kva var Kuusinen for Finland?» Jau, han sveik sitt land og samarbeidde med Sovjet svara NS-mannen naturlegvis. Så spør Bruheim: K«va var Quisling for Norge?». Svaret vart visst hengande i lufta. [3]

Sommaren 1942 var lensmannen og hirdleiaren i Skjåk på rassia på Larskvea for å sjå etter ein radio der, som det var rapportert at Jan-Magnus Bruheim skal ha hatt. Det vart ikkje funne noko. Radioen var da på Lunde hjå broren Hans. Hans Bruheim vart seinare (frå hausten 1943) eit sentralt medlem av Milorg i Skjåk. Han var sprengjingssjef og ein av fire lagførarar. Også faren deira, Mathias Bruheim, var aktiv i det sivile motstandsarbeidet, mellom anna ved å organisere innsamling av pengar til løn for presten som hadde trekt seg frå embetet under den såkalla kyrkjekampen.

Samfunnsengasjement elles

Etter krigen engasjerte Jan-Magnus Bruheim seg i fredsarbeid og motstand mot atomvåpen. Allereie i 1846 fekk han høve til å besøkje det krigsherja Tyskland. Seinare var han mellom anna med i ein norsk freds- og kulturdelegasjon på ei lengre reise i Sovjetunionen. Bruheim var i det heile teke mykje på reisefot, i Europa og USA.

Han var ei tid medlem i Den norske forfatterforenings litterære råd. Elles framgår det ikkje av gjennomgått kjeldemateriale om Bruheim var aktivt med i anna organisatorisk og politisk arbeid, utanom eit sterkt engasjement mot skulesentralisering og for lokal sjølvråderett. Han protesterte mot nedleggjinga av grendeskulane i Skjåk. Øygardskulen, som han sjølv var lærar på, vart nedlagd i 1961. Han var også blant dei i Skjåk som stod hardt mot foreslått samarbeid med Lom om niårig ungdomsskule og mot kommunesamanslåing som det var lagt opp til av Skei-komiteen midt på 1960-talet.

Forfattarskapet

Jan Magnus Bruheim fekk gjeve

Lyrikken: Kjærleik og personleg ansvar

Bruheim fekk gjeve ut fyrste diktsamlinga i 1941, Stengd dør, i 1941.. Stengd dør handlar mykje om ein ung, einsleg manns kamp mot einsemdkjensla og hans søkjing etter kjærleik . Mange av dikta er ganske eksplisitt erotisk karakter. Kjærleiksdikt og variasjonar over eit eg versus eit du er gjennomgåande i det meste også av den seinare diktinga hans. Den neste samlinga, Nordmed Bångråt-tjønn, kom allereie året etter og innheld dikt frå same emnekrinsen som den fyrste.

Med dei neste par samlingane, som kom rett etter krigen, kom ein annan emnekrinsen som står sentralt i Bruheims verk, og som har vorte kalla ein kjempande humanisme. Det gjeld det personlege etiske ansvaret overfor medmenneska og vår plikt til å kjempe mot vondskapen og for det gode i tilveret. Ein finn sjeldan og aldri nokon politisk bodskap i Bruheims dikting. Han er personleg engasjert i verda rundt seg med sterke meiningar om mangt og mykje, men han vil ikkje med dikta sine vere blant dei høgrøysta ”vegvisarar”. Dikta skal heller vere til sjølvrefleksjon og sjølvransaking. Dei skal vere vegvisaren i eintal som berre står stum og peikar. Diktet Vegvisaren står i samlinga Ved kjelda som kom i 1972, midt i striden om norsk EF-medlemskap, midt under ungdomsradikaliseringa, den militante kvinnekampen, økorørsle og hippietid, og ikkje minst i straumen av politisk engasjert litteratur i dikt og prosa. Det var mange vegvisarar på den tida. Og Bruheim føler seg freista sjølv:

”…når eg trur
eg har funne,
kjenner eg ogbr />ein brennande trong
til å rope
ut over hav og jord:
Dette er vegen, syster,
dette er vegen, bror!”

Men Bruheim avheldt seg frå agitasjonen. Dikta kan knappast knyttast til tid, stad og konkrete historiske omstende. Det var for hans eigen del noko han truleg såg som ungdommelege, velmeinte villfaringar, da han til dømes skreiv ibsensk broder-i-nød-dikt for Finland og smededikt mot okkupasjonsmakt og landssvikarar. I si «vaksne» dikting vil han helst berre fremje det personlege etiske imperativet, som for hans del også kan sjåast å vere kristent grunngjeve.

Når vi ein sjeldan gong finn konkrete historiske referansar, som i diktret Nevada frå 1957, er det ikkje noko politisk bodskap i namnet frå ørkenen i USA der atombomba vart utvikla og utprøvd. Han tek nemner gifteimar og vanskapte barn i mors liv. Men han knyter ikkje imperialismen eller kommunismen, korkje USA eller Sovjet, til djevelskapen. Nevadaørkenen blir symbolet på «mi sjels øydemark» og mitt «sjølskapte redsle-lende» - den menneskelege, individuelle evna til å forkrøple tanken og skape ondskap.

Barnebøkene

Litterære prisar

Referansar

  1. Demokratenes Blad 7.2.1940 og etterfølgjande innlegg frå Tore Juland og J-M. Bruheim. Hans P. Hosars samtaler med systera Alma Høgvoll og med lærar John O. Moen (om lag jamaldrande med Bruheim og frå same skulekrinsen, båe intervjua i 2003.
  2. Riksarkivet: Landssviksak nr. 7057/46 (gjennomgått av Hans P. Hosar).
  3. Fleire intervju , dagboknotatar frå krigen og landssviksaker. Kjeldene er gjennomgått av Hans P. Hosar i samband med bygdebokarbeid.

Kjelder og litteratur

  • Ættebok for Skjåk, bd II. Skjåk historielag 1969. Side 203-204.