Kjeld Andreas Bugge

Kjeld Andreas Bugge (fødd 28. november 1807 i Drøbak, død 29. april 1888 i Hole på Ringerike) tok teologisk embetseksamen 7. desember 1830. Han vart tilsett som personleg kapellan i Aurskog 25. november 1832.

Sokneprest i Jostedalen

27. november 1834 vart Bugge utnemnd til sokneprest i Jostedal prestegjeld. Ein av konkurrentane hans i tilsetjinga var Henrik Wergeland, som seinare uttrykte sterk misnøye med at han ikkje fekk embetet.[1] Bugge overtok truleg embetet våren 1835 då forgjengaren Bernt Anker Leigh forlet bygda.

Bugge var prest i Jostedalen då formannskapslovene vart vedtekne, og i 1838 vart den 30-årige presten valt til den fyrste ordføraren i den nye kommunen. Det fyrste møtet i det nyskipa representantskapet (kommunestyret) og formannskapet vart halde 1. september 1838.[2] Dette var det einaste møtet i 1838. Den største saka Bugge hadde som ordførar, var bygging av ny hovudbygning på Jostedal prestegard som stod ferdig i 1841, året etter at Bugge forlet bygda.[3] Bugge gjekk av som ordførar i juni 1840 etter å ha fått eit nytt prestekall.

Av ein etterfølgjar vert han nemnd som ein mykje omtykt prest i bygda.[4]

Aurland, Egersund og Hole

Bugge drog frå Jostedalen hausten 1840 etter å ha vorte utnemnt til sokneprest i Aurland 22. februar 1840. Han vart prost i Indre Sogn 9. januar 1843. Alt i 1846 flytte han vidare då han 26. juni vart utnemnd til sokneprest i Egersund. 22. august 1849 vart han prost i Dalane prosti. I 1868 gjekk ferda til bygda der han byrja i presteyrket då han vart utnemnd til sokneprest i Hole, og her fekk han avskil som prest 1. november 1880.

Notar

  1. Henrik Wergelands prestesøknad 1834
  2. Referet frå møtet 1.9.1838 (Jostedal historielag)
  3. Øvregard 2010, s. 203
  4. Kallsboka

Litteratur

  • Kalds-Bog for Justedals Præstegjæld begyndt 1830, Kyrkjekontoret i Luster. (digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Lampe, Johan Fredrik. (1896). Bergens stifts biskoper og præster efter reformationen. Biografiske efterretninger. (Bd. 2). Kristiania: Cammermeyer. (digital utgåve, Digitalarkivet)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune. (digital utgåve, NBdigital)
  • Øvregard, Kåre, Asbjørg Ormberg, og Oddmund L. Hoel. (2010). Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år. Leikanger: Skald forlag.

Eksterne lenkjer


Forgjengar:
 Bernt Anker Leigh 
Prestar i Jostedalen
Etterfølgjar:
 Michael Sundt Tuchsen Fasting 


Forgjengar:
 (Ingen) 
Ordførarar i Jostedal kommune
Etterfølgjar:
 Lars Rasmusson Faaberg