Knut Åsen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Knut Åsen (fødd kring 1565, død kring 1650) var truleg frå Gaupne i Luster i Sogn og Fjordane.

Han vart gardbrukar og leiglending på Åsen før 1600 og dreiv garden fram til kring 1628.

Knut er nemnd som lensmann i Jostedalen i ei skatteliste frå 1614-15 og skal ha vore lensmann i fleire år framover. Arne Kvitrud har funne ein Knut Sjursen i Åsen nemnt som lensmann 1615-1619, og dessutan i 1611, så det må ha vore same mannen. I 1613 er derimot Ole Myklemyr nemnd som lensmann.

Han var i si tid einaste jordeigaren i Jostedalen, men alle gardpartane var utanfor Jostedalen - La og Elvetun i Hafslo, og Råum og Sandviki i Luster.

Han må ha vore gift, men kona hans er ukjend. To born etter han er kjende:

  • Anders Knutson (1596-1653), gardbrukar i Åsen og svigerfar til Ole Arneson Åsen
  • Kari Knutsdotter, gardbrukarkone på Sperla.

Litteratur

  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 210. (digital utgåve, NBdigital)
  • Kvitrud, Arne. (1999). Luster. Fra pest til hungersnød. 1600 tallet. Stavanger. (Digital utgåve)