Knut Åsen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Knut Åsen (fødd kring 1565, død kring 1650) var truleg frå Gaupne i Luster i Sogn og Fjordane.

Han vart gardbrukar og leiglending på Åsen før 1600 og dreiv garden fram til kring 1628.

Knut er nemnd som lensmann i Jostedalen fleire gonger fleire av åra mellom 1610 og 1619. Arne Kvitrud skriv at han var lensmann då han 14. mars 1610 vart valt til å delta i hyllinga av Christian 5. Kvitrud har vidare funne ein Knut Sjursen i Åsen nemnt som lensmann i 1611 og åra 1615-1619, så det må ha vore same mannen. Han er dessutan nemnd som lensmann i ei skatteliste frå 1614-15. I 1613 er derimot Ole Myklemyr nemnd som lensmann.

Han var i si tid einaste jordeigaren i Jostedalen, men alle gardpartane var utanfor Jostedalen - La og Elvetun i Hafslo, og Råum og Sandviki i Luster.

Han må ha vore gift, men kona hans er ukjend. To born etter han er kjende:

  • Anders Knutson (1596-1653), gardbrukar i Åsen og svigerfar til Ole Arneson Åsen
  • Kari Knutsdotter, gardbrukarkone på Sperla.

Litteratur

  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 210. (digital utgåve, NBdigital)
  • Kvitrud, Arne. (1999). Luster. Fra pest til hungersnød. 1600 tallet. Stavanger. (Digital utgåve)