Knut Kirkhorn: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
m (kategorisplitting)
Linje 7: Linje 7:
== Gardbrukar og ordførar ==
== Gardbrukar og ordførar ==


I 1859 tok han over farsgarden og var bonde livet ut. Eigedommen, som var ganske stor etter vestlandske tilhøve, fødde i 1865 2 hestar og 16 storfe. Knut Kirkhorn hadde på denne tida både dreng og to tenestejenter. Då Hornindal i 1867 vart utskilt som eige [[herad]] frå [[Eid kommune|Eid]], vart Kirkhorn vald til ordførar.
I 1859 tok han over farsgarden og var bonde livet ut. Eigedommen, som var ganske stor etter vestlandske tilhøve, fødde i 1865 2 hestar og 16 storfe. Knut Kirkhorn hadde på denne tida både dreng og to tenestejenter. Då Hornindal i 1867 vart utskilt som eige [[herad]] frå [[Eid kommune|Eid]], vart Kirkhorn [[Ordførarar i Hornindal kommune|vald til ordførar]], og han hadde ombodet til han døydde.


== Stortinget ==
== Stortinget ==

Sideversjonen fra 8. aug. 2013 kl. 09:04

Mal:Thumb høyre Knut Rasmusson Kirkhorn (fødd 31. mai 1830 i Hornindal, død 3. mars 1885 på Tynset) frå Hornindal i Sogn og Fjordane var lærar, kyrkjesongar, gardbrukar og politikar for Venstre. Han møtte på Stortinget 1875, 1877 og 1880–85 og var fyrste ordføraren i Hornindal.

Bakgrunn og lærarkarriere

Han var son av Rasmus Olsson og Olave Olsdotter Kirkhorn. Faren var gardbrukar, og Knut Kirkhorn vart sjølv seminarist frå Stord i 1850. Deretter var han huslærar hos soknepresten Nils Nilssen DahlEid i Nordfjord, Walter Scott Dahl var då ein av elevane hans. Han var lærar og kyrkjesongar i heimbygda Hornindal frå 1852.

Gardbrukar og ordførar

I 1859 tok han over farsgarden og var bonde livet ut. Eigedommen, som var ganske stor etter vestlandske tilhøve, fødde i 1865 2 hestar og 16 storfe. Knut Kirkhorn hadde på denne tida både dreng og to tenestejenter. Då Hornindal i 1867 vart utskilt som eige herad frå Eid, vart Kirkhorn vald til ordførar, og han hadde ombodet til han døydde.

Stortinget

Kirkhorn vart vald som 4. vararepresentant for Nordre Bergenhus i 1870 og som 2. vararepresentant i 1873, og han møtte fyrste gongen på Stortinget frå 20. februar 1875 og ut sesjonen. Som 1. vararepresentant etter valet i 1876 møtte han på 1877-sesjonen. På dei to neste vala kom han inn på fast plass, så han møtte på Stortinget 1880-1885. Han var i desse åra (og i 1877) medlem av kyrkjekomiteen, og i 1885 var han ein av dei 41 framleggsstillarane bak jamstellingsvedtaket mellom landsmålet og bokspråket. Han var 1880-85 også medlem av Lagtinget, og var såleis 1883-84 medlem av riksretten.

Den 2. mars 1885 vart han permittert på grunn av sjukdom, og dagen etter døydde han på Tynset på veg heim med toget.

Kjelder og litteratur