Kulturminneområdet kring Lesjaskogskyrkja
Øverlismoen er eit området like vest for Strande på Lesjaskog, i nyare tid best kjent som Lisser, der det er samla mange kulturminner innafor eit nokså lite område. Ein finn i alle fall minne frå 1600-talet, kyrkja (sjølv om ho ikkje kom hit før i 1855) og trekolproduksjon, frå driftsformer i landbruket (kunstig vatning), samferdsel, sosiale samlingar, turisme, dramatiske krigshandlingar, forsøk på museumsdrift med meire.
Gjennom fleire synfaringar dukkar det opp stadig fleire spor etter menneskeleg verksemd. Av den grunn er området under tilrettelegging for oversynsskilt og skilt ved kvart kulturminne per 2021. Desse skal berre ha namna på kulturminnet og ein QR-kode som viser til omtalen her på lokalhistoriewiki. Lesjaskog skule deltek i prosjektet, som har fått økonomisk støtte frå Sparebankstiftelsen DNB.
Førebels er det omtalt av desse kulturminna:
- Lesjaskog kyrkje, bedriftskyrkje frå 1697 for Lesja jernverk
- Lesjaskog kornmagasin
- Kyrkjestugu
- Kyrkjebakken
- Minnesteinane
- Sigurd Einbu-bautaen
- Skulemuseet i Lisser
- Tandseterstugu
- Låven frå Fjellstad
- «Kortbordet» i Lisser
- Mange spor etter bombinga i 1940
- Kvilarsteinen i Lissersvingen
- Den «Romsdalske hovedvei» gjennom Lesja
- Mølmen hotell (som er borte) med tilliggande Magasinhaugen, Tennisbanen på Mølmen hotell, Bestemorstugu, Mølme, Stabburet, Mølme og Fantstugu, Mølme
- Stor trekolmilebotn frå jernverkstida