Kvernes stavkyrkje

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 24. jan. 2018 kl. 22:18 av PaulVIF (Samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Kvernes stavkyrkje sett frå sør.
Foto: Dag Bertelsen
Stavkyrkja under byggjinga av Kvernes kyrkje i 1890-åra.
Foto: Ole Olsen Ranheimsæter

Kvernes stavkyrkjeKvernes i Averøy kommuneNordmøre er ei stavkyrkje av møretypen med mellomstavar i ytterveggene og tverrgåande bjelkar. Ein trur at kyrkja kan ha vorte bygd sist på 1300-talet. Karakteristisk for denna kyrkja og Rødven stavkyrkje er dei utvendige skordene. Kyrkja vart omfattande ombygd blant anna med lafta kor i 1633. I 1776 vart kyrkja ombygd att, og i 1810 vart det påsett ein takryttar.

Kyrkja var i 1814 valkyrkje for prestegjeldet.

Stavkyrkja står rett ved sidan av Kvernes kyrkje, som vart reist i 1893. Medan Kornstad stavkyrkje på Averøya vart rive i 1871 då Kornstad kyrkje vart reist, valde ein på Kvernes å ta vare på stavkyrkja.

Galleri

Lenkjer

Koordinater: 63.00547° N 7.72157° Ø