Kvinnelista i Skjåk 1928: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Ny side: '''Kvinnelista i Skjåk 1928.''' Til kommunevalet i Skjåk hovudsokn vart det stilt ei eiga, rein kvinneliste i tillegg til listene for Bondepartiet og det årets småbrukar- og...)
 
(Kat)
 
(33 mellomliggende versjoner av 5 brukere er ikke vist)
Linje 1: Linje 1:
'''[[Kvinnelista i Skjåk 1928.]]''' Til kommunevalet i [[Skjåk]] hovudsokn vart det stilt ei eiga, rein kvinneliste i tillegg til listene for [[Bondepartiet]] og det årets småbrukar- og arbeidarliste ([[Venstre]]/[[Radikale Folkeparti]] og Det norske arbeidarpartiet).  
<onlyinclude>{{thumb|KvinnelisteSkjaak1928.jpg|Kvinnelista publisert i Lillehammer-avisa [[Dagningen]] 27. september 1928.}}
'''[[Kvinnelista i Skjåk 1928]].''' Til kommunevalet i [[Skjåk]] hovudsokn i 1928 vart det stilt ei eiga, rein kvinneliste. Den kom i tillegg til to partipolitiske alternativ, nemleg [[Bondepartiet]]s liste og «Småbrukernes og arbeidernes liste», som var ei samlingsliste for [[Venstre]]/[[Radikale Folkeparti]] og [[Det norske Arbeiderparti|Arbeidarpartiet]]. På båe desse var det oppført berre menn.


Kvinnene lista var desse:
Kandidatane kvinnelista var [[Guro Tråstad]], [[Tora Bræk]], [[Torø Hørven]], [[Tea Kummen]], [[Live Moen]] og [[Ragna Nyhus|Ragna Viken]] Når ein går nærare inn på kven kvar einskild av dei var og kva bakgrunn dei hadde, blir det openbert at dei representerte eit kvinnealternativ på tvers av partipolitiske og sosiale skiljeliner i bygda.</onlyinclude>


*[[Guro Tråstad]]
== Bakgrunn og resultat ==
*[[Tora Bræk]]
<onlyinclude>Ved valet fekk kvinnelista ei einaste stemme, og den vart forkasta. Dei som stod på lista hadde altså ikkje ein gong røysta på seg sjølve. Ein kunne såleis bli frista til å tolke tiltaket som ein spøk.</onlyinclude> Rettare er det venteleg å sjå det som ein demonstrasjon. Kandidatane sjølve og eventuelle sympatisørar var alle på det reine med at å røyste på lista ville vere bortkasta. Blant dei seks var etter alt å dømme iallfall to av dei tre politiske hovudretningane i bygda representerte: Venstre/Radikale Folkeparti og sosialistane. Det er også mogleg at ein eller eit par av kandidatane kan ha sympatisert med Bondepartiet. Kvinnene på lista ønskte neppe å svekke sine eigne parti, men ville tydeleggjere for all verda kor fullstendig mannsdominert politikken var på den tida. Det kom ikkje kvinner inn i kommunestyret i Skjåk før i 1948.
*[[Torø Hørven]]
*[[Tea Kummen]]
*[[Live Moen]]
*[[Ragna Viken]]


Ved valet fekk ikkje lista ei einaste røyst. Dei som stod på lista hadde altså ikkje ein gong røysta på seg sjølve. Ein kunne såleis bli frista til å tolke tiltaket som ein spøk. Rettare er det venteleg likevel å sjå det som ein demonstrasjon. Kandidatane sjølve og eventuelle sympatisørar var alle på det reine med at å røyste på lista ville vere bortkasta. Blant dei seks kvinnene var det ivrige talskvinner for alle dei tre politsike hovudretningane i bygda: Bondepartiet, Radikale Folkeparti og sosialistane. Dei ønskte neppe å svekke sine eigne parti, men ville tydeleggjere for all verda kor fullstendig mannsdominert politikken var på den tida. Det kom ikkje kvinner inn i kommunestyret i Skjåk før i 1948.
I ein kommentar til den publiserte vallista gjer avisa [[Laagen]] seg nettopp slike refleksjonar. Det blir konstatert at kvinnene ikkje går til val på noko eige program. Men kvinnene i Skjåk «har aldri opnådd å bli representert i herredsstyret og det er formodentlig grunnen til at de nu har funnet tiden inne til å ta saken i sin egen hånd.»
<gallery>
Fil:Guro Traastad.jpg|<small>Guro Tråstad. Foto K. Stakston.</small>
Fil:Tora Olsdatter Braek.jpg|<small>Tora Bræk. Foto Gudbrand Bræk.</small>
Fil:T Hyrve m trekkspel.jpg|<small>Torø Hørven. Foto Harald Wiker.</small>
Fil:Tea Kummen.jpg|<small>Tea Kummen. Utsnitt av familiebilete 1954. Ukjent fotograf.</small>
Fil:Ragna Viken Nyhus.jpg|<small>Ragna Nyhus. Foto K. Stakston</small>.
Fil:Live Moen (1879-1968).jpg|<small>Live Moen ca. 1910. Fotograf ukjent.</small>
</gallery>


Dei seks kandidatane på kvinnelista må alle kunne kallast respekterte og markante personlegdomar. Dei gjorde seg gjeldande på kvar sine samfunnsområde, og dei hadde bakgrunn i høgst ulike sosiale og politiske miljø. Dei var vaksne damer også av alder, den yngste var 28 år gammal, dei to eldste nærma seg 50.
== Kandidatane ==
Dei seks kandidatane på kvinnelista må alle kunne kallast markante og respekterte personlegdomar. Dei gjorde seg gjeldande på kvar sine samfunnsområde, og dei hadde bakgrunn i høgst ulike sosiale og politiske miljø. Dei var vaksne damer også av alder, den yngste var 28 år gammal, dei to eldste nærma seg 50.


Guro Tråstad (fødd 1891) var organist og særs ivrig i frilynt ungdomslagsarbeid.  
''Guro Tråstad'' (fødd 1891) var organist og særs ivrig i frilynt ungdomslagsarbeid. Ho kom frå ein bondefamilie, men partipolitisk standpunkt er uvisst.


Tora Bræk (fødd 1878) var bondekone og særs politisk interessert. Ho var dotter til nynorskforkjemparen og venstretilhengaren [[Ola Skjåk Bræk]]. Ho sjølv sokna også etter alt å dømme fyrst til Venstre, men seinare til Bondepartiet.  
''Tora Bræk'' (fødd 1878) var bondekone og politisk interessert, men heller ikkje for hennar del er det dokumentert korleis ho stilte seg politisk. Ho var dotter til nynorskforkjemparen og venstretilhengaren [[Ola O. Skjaak]], og ein viss affinitet til Venstre, eventuelt Bondepartiet er rimeleg å gjete på.


Torø Hørven (fødd 1893) arbeidde som kontorist for ymse verksemder og i kommuneadministrasjonen. Ho var elles ein populær prologskrivar ved ungdomsstemner og alle slags andre festlege høve, og ho var ein ettertrakta toraderspelar til dans på ungdomshusa. Ho var familiært og i innstilling tett knytta til ein krins rundt Venstre-/Radikale folkeparti-folk der svogeren hennar, [[Amund I. Odden]], og bonden [[Ola Aanstad]] stod sentralt.  
''Torø Hørven'' (fødd 1893) arbeidde som kontorist for ymse verksemder og i kommuneadministrasjonen. Ho var elles ein populær prologskrivar ved ungdomsstemner og alle slags andre festlege høve, og ho var ein ettertrakta toraderspelar til dans på ungdomshusa. Ho var familiært tett knytta til ein krins rundt Venstre-/Radikale folkeparti-folk der to av svograne hennar, [[Amund I. Odden]] og [[Kolbein Skaare]] stod sentralt, saman med grannane og omgangsvenene [[Ola Aanstad]] og sonen [[Kristen Aanstad|Kristen]].  


Tea Kummen (fødd 1893) var lærar og kjend barnebokforfattar.  
''Tea Kummen'' (fødd 1893) var lærar og kjend barnebokforfattar. Ho også kom frå gardbrukarsjiktet. Ho var ivrig talsmann for landsmålet, og kom i den saka i direkte konfrontasjon med tonegjevande personar i Bondepartiet, og det er ikkje urimeleg å gjete på at ho også var orientert mot Venstre.


Live Moen (fødd ) og Ragna Viken (fødd 1900) kom frå familiar som var tett knytta til den etter måten nye sosialistiske rørsla i bygda, og dei to var sjølve kjende for sterkt politisk engasjement på den same sida.
''Live Moen'' (fødd 1879) og ''Ragna Viken'' (fødd 1900) kom frå småbrukar-/arbeidarfamiliar som var tett knytta til den etter måten nye sosialistiske rørsla i bygda. Ragna fekk seinare tillitsverv i [[Skjåk arbeiderkvinnelag]].
 
== Forslagsstillarane ==
Ti namngjevne andre kvinner frå bygda har stilt seg bak som forslagsstillarar til kvinnelista. I følgje Laagen 25. september 1928 var det Magnhild Bakken, Torø Johnsgard, Ymjer [Embjørg] Krogstad, Anne H. Ånstad, Sigrid Rudser, Torline Kjørren, Margrethe Kveen, Klara Kjørren, Kari Aurmo og Anne Stakston.
 
Det er ei viss overvekt av arbeidarkvinner blant desse. For eksempel var Klara Kjørren (f. 1903) få år seinare med på å starte Skjåk arbeidarkvinnelag. Ho var gift med arbeidarpolitikaren Ola Kjørren. Torline Kjørren (f. 1901) var syster til Ola Kjørren, og altså svigerinne til Klara. Anne Stakston (fødd Viken 1889) var syster til Ragna som stod på sjølve kvinnelista. På den andre sida var t.d. Anne Ånstad (f. 1890, frå Nørdre Hyrve) gift gardkone på Nordigard Ånstad på Skjåkstrond. Embjørg Krogstad (fødd 1902 på Nordistun Krogstad) og Margrethe Kveen (fødd 1902 på Nørdre Brandsar) var båe fødde av gardbrukarforeldre. Far til Margrethe var endatil ein framgrunnsfigur for Bondepartiet og riksmålet i bygda, fanejunker [[E.C.Brandser]].
 
Alt i alt gjer lista over forslagsstillarar sitt til å forsterke inntrykket av ein brei sosial basis for kvinneinitiativet.
 
 
== Kjelder og litteratur ==
 
*''[[Gudbrandsdalens Folkeblad]]'' 26.9.1928 og 24.10.1928.
*''[[Laagen]]'', 25.9.1928.
*''Ættebok for Skjåk'', bd. I og II. Skjåk historielag 1946 og 1969.


[[Kategori:Skjåk kommune]]
[[Kategori:Skjåk kommune]]
[[Kategori:Kvinnesak]]
[[Kategori:Stemmerett]]
[[Kategori:1928]]
[[Kategori:Lokalpolitikk]]
{{F2}}
{{ikke koord}}
{{Kvinner i lokalhistoria}}
{{nn}}

Nåværende revisjon fra 1. jan. 2021 kl. 09:24

Kvinnelista publisert i Lillehammer-avisa Dagningen 27. september 1928.

Kvinnelista i Skjåk 1928. Til kommunevalet i Skjåk hovudsokn i 1928 vart det stilt ei eiga, rein kvinneliste. Den kom i tillegg til to partipolitiske alternativ, nemleg Bondepartiets liste og «Småbrukernes og arbeidernes liste», som var ei samlingsliste for Venstre/Radikale Folkeparti og Arbeidarpartiet. På båe desse var det oppført berre menn.

Kandidatane på kvinnelista var Guro Tråstad, Tora Bræk, Torø Hørven, Tea Kummen, Live Moen og Ragna Viken Når ein går nærare inn på kven kvar einskild av dei var og kva bakgrunn dei hadde, blir det openbert at dei representerte eit kvinnealternativ på tvers av partipolitiske og sosiale skiljeliner i bygda.

Bakgrunn og resultat

Ved valet fekk kvinnelista ei einaste stemme, og den vart forkasta. Dei som stod på lista hadde altså ikkje ein gong røysta på seg sjølve. Ein kunne såleis bli frista til å tolke tiltaket som ein spøk. Rettare er det venteleg å sjå det som ein demonstrasjon. Kandidatane sjølve og eventuelle sympatisørar var alle på det reine med at å røyste på lista ville vere bortkasta. Blant dei seks var etter alt å dømme iallfall to av dei tre politiske hovudretningane i bygda representerte: Venstre/Radikale Folkeparti og sosialistane. Det er også mogleg at ein eller eit par av kandidatane kan ha sympatisert med Bondepartiet. Kvinnene på lista ønskte neppe å svekke sine eigne parti, men ville tydeleggjere for all verda kor fullstendig mannsdominert politikken var på den tida. Det kom ikkje kvinner inn i kommunestyret i Skjåk før i 1948.

I ein kommentar til den publiserte vallista gjer avisa Laagen seg nettopp slike refleksjonar. Det blir konstatert at kvinnene ikkje går til val på noko eige program. Men kvinnene i Skjåk «har aldri opnådd å bli representert i herredsstyret og det er formodentlig grunnen til at de nu har funnet tiden inne til å ta saken i sin egen hånd.»

Kandidatane

Dei seks kandidatane på kvinnelista må alle kunne kallast markante og respekterte personlegdomar. Dei gjorde seg gjeldande på kvar sine samfunnsområde, og dei hadde bakgrunn i høgst ulike sosiale og politiske miljø. Dei var vaksne damer også av alder, den yngste var 28 år gammal, dei to eldste nærma seg 50.

Guro Tråstad (fødd 1891) var organist og særs ivrig i frilynt ungdomslagsarbeid. Ho kom frå ein bondefamilie, men partipolitisk standpunkt er uvisst.

Tora Bræk (fødd 1878) var bondekone og politisk interessert, men heller ikkje for hennar del er det dokumentert korleis ho stilte seg politisk. Ho var dotter til nynorskforkjemparen og venstretilhengaren Ola O. Skjaak, og ein viss affinitet til Venstre, eventuelt Bondepartiet er rimeleg å gjete på.

Torø Hørven (fødd 1893) arbeidde som kontorist for ymse verksemder og i kommuneadministrasjonen. Ho var elles ein populær prologskrivar ved ungdomsstemner og alle slags andre festlege høve, og ho var ein ettertrakta toraderspelar til dans på ungdomshusa. Ho var familiært tett knytta til ein krins rundt Venstre-/Radikale folkeparti-folk der to av svograne hennar, Amund I. Odden og Kolbein Skaare stod sentralt, saman med grannane og omgangsvenene Ola Aanstad og sonen Kristen.

Tea Kummen (fødd 1893) var lærar og kjend barnebokforfattar. Ho også kom frå gardbrukarsjiktet. Ho var ivrig talsmann for landsmålet, og kom i den saka i direkte konfrontasjon med tonegjevande personar i Bondepartiet, og det er ikkje urimeleg å gjete på at ho også var orientert mot Venstre.

Live Moen (fødd 1879) og Ragna Viken (fødd 1900) kom frå småbrukar-/arbeidarfamiliar som var tett knytta til den etter måten nye sosialistiske rørsla i bygda. Ragna fekk seinare tillitsverv i Skjåk arbeiderkvinnelag.

Forslagsstillarane

Ti namngjevne andre kvinner frå bygda har stilt seg bak som forslagsstillarar til kvinnelista. I følgje Laagen 25. september 1928 var det Magnhild Bakken, Torø Johnsgard, Ymjer [Embjørg] Krogstad, Anne H. Ånstad, Sigrid Rudser, Torline Kjørren, Margrethe Kveen, Klara Kjørren, Kari Aurmo og Anne Stakston.

Det er ei viss overvekt av arbeidarkvinner blant desse. For eksempel var Klara Kjørren (f. 1903) få år seinare med på å starte Skjåk arbeidarkvinnelag. Ho var gift med arbeidarpolitikaren Ola Kjørren. Torline Kjørren (f. 1901) var syster til Ola Kjørren, og altså svigerinne til Klara. Anne Stakston (fødd Viken 1889) var syster til Ragna som stod på sjølve kvinnelista. På den andre sida var t.d. Anne Ånstad (f. 1890, frå Nørdre Hyrve) gift gardkone på Nordigard Ånstad på Skjåkstrond. Embjørg Krogstad (fødd 1902 på Nordistun Krogstad) og Margrethe Kveen (fødd 1902 på Nørdre Brandsar) var båe fødde av gardbrukarforeldre. Far til Margrethe var endatil ein framgrunnsfigur for Bondepartiet og riksmålet i bygda, fanejunker E.C.Brandser.

Alt i alt gjer lista over forslagsstillarar sitt til å forsterke inntrykket av ein brei sosial basis for kvinneinitiativet.


Kjelder og litteratur