Kyrkjebakken (Lesjaskog)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 18. mai 2021 kl. 20:18 av Arnfinn Kjelland (samtale | bidrag) (Ny side: Kyrkjebakken er området nedanfor Lesjaskog kyrkje, ned mot nåverande parkeringsplass og Kyrkjestugu. Her gjekk òg den gaml…)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Kyrkjebakken er området nedanfor Lesjaskog kyrkje, ned mot nåverande parkeringsplass og Kyrkjestugu. Her gjekk òg den gamle kongevegen før 1888.

I dag samlast gjerne folk her etter gudsteneste for ein prat før dei køyrer eller går kvart til sitt. Men så enkelt var det ikkje før i tida. Før ein fekk nemnande andre informasjonskanalar, først aviser og seinare utover 1900-talet radio og fjernsyn, var det ved kyrkja folk i bygder og grender samlast. Det ein fekk høyre i kyrkja var sjølvsagt først og fremst gudsteneste etter ein rimeleg fast liturgi, der preika var sentral. Det vart òg lese visse offentlege forordningar frå preikestolen, men både før og etter sjølve gudstenesta kunne det i periodar vere betydeleg aktivitet kring kyrkja, på kyrkjebakken.

Før søndagsgudsteneste var det i periodar militær eksersis med den lokale avdelinga av hæren. Vi kjenner ikkje til at Lesja kompani hadde eksis ved Lesjaskogskyrkja der ho står nå, eller medan ho stod ved Lesjaverket. Det var nok helst ved hovudkyrkja eksisen gjekk føre seg. Etter eksisen gjekk soldatane på messe, der dei hadde plassar fremst i kyrkja (men altså ikkje i kyrkja her).

Etter gudstenesta kunne det vere at lensmannen brukte kyrkjetrappa til å lese opp ymse kunngjeringar, til dømes om at det skulle vere tingsamling eller . Men elles hadde ikkje bygdefolket særleg mange andre informasjonskanalar, så dei samla seg gjerne på kyrkjebakken for å utveksle lokale nyhende. Etter Kyrkjestugu her vart bygd, kunne dei kome under tak og kjøpe kaffe her.

Kyrkjestugu inngår i Kulturminneområdet på Øverlismoen.