Forskjell mellom versjoner av «Langesund Bad»

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Kjelder)
 
Linje 25: Linje 25:
  
 
==Kjelder==
 
==Kjelder==
* Lund-Tangen, Jac, ''Fra Langesunds historie'', Langesund : Eget forlag, 1977. [https://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2016110148103 Lenke] til digital utgåve på [[bokhylla.no]].
+
* Lund-Tangen, Jac, ''Fra Langesunds historie'', Langesund : Eget forlag, 1977. {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2016110148103}}
 
* [http://www.langesundbad.no/Historie--Langesund-Bad-Hotell--kurs-konferanse-og-overnatting/226 Langesund Bad si heimeside] (Lest 14. august 2018, kl. 13.00).
 
* [http://www.langesundbad.no/Historie--Langesund-Bad-Hotell--kurs-konferanse-og-overnatting/226 Langesund Bad si heimeside] (Lest 14. august 2018, kl. 13.00).
  

Nåværende revisjon fra 18. jul. 2019 kl. 21:26

Langesund Bad sett frå sjøsida i 1986.
Foto: Stig Rune Pedersen (1986).

Langesund Bad blei bygd i 1898, etter at apoteker Fred Hegge tok initiativ til å etablerte "Aktieselskabet Langesund Bad" i 1897. Det blei oppført ein restaurant og tre badehus i Badeveien 5 i Langesund. Restauranten var teikna av arkitekt Haldor Larsen Børve.

Snart blei det oppført hotell og ein hovudbygning som inneheldt spisesal, salongar og ballsal. Gjestene ankom gjerne med båt eller jarnbane, og staden fekk raskt eit godt rykte langt utanfor Langesund og Telemark sine grenser. Kunstnarar og musikarar frå Kristiania kom for å underhalde, og det blei arrangert opplesingar og konsertar i ballsalen og i ein eigent musikkpaviljong ved inngangen til badeparken.

Viktige årstal

1898: Langesund Bad opnar.

1917: Fred Hegge sel badet til Isak Seveland.

1919: Langesund Bad blir utvida med bygget "Societeten", som inneheld selskapslokale og kjøkken.

1926: "Societeten" brenn ned 31. januar. Allereie ved Sankthans same året (15. juni) blei den noverande bygningen innvia.

1929: Ei stor bølge råkar badehusa nede ved sjøen, og samtlege blei øydelagt.

1940: Tyskarane inntek Langesund Bad og nyttar det til innkvartering for forskjellige avdelingar frå hær og marine.

1945: Det norske baptistsamfunn kjøper badet og driv det som sumarhotell og campingplass.

1991: Meinigheitane i det norske baptistsamfunn tek over drifta og driv det som leir- og stevnestad.

2006: Lars Rise tek over Langesund Bad. Badet blir renovert.

Kjelder