Lars Eldevik: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
 
(Én mellomliggende revisjon av samme bruker vises ikke)
Linje 9: Linje 9:

== Davik ==
== Davik ==
{{thumb|No-nb digibok 2008090100076 0103 1.jpg|Eldevik i boka ''Om folkeskolen paa Nes Hedemarken'' (1916).}}
Eldevik tok eksamen ved [[Tromsø lærerskole]] i 1879, og arbeidde deretter to år som lærar i [[Måsøy kommune]]. Frå kring 1881 til 1900 var han tilsett i skulen i heimbygda Davik, og der sat han mellom anna 13 år i formannskapet. I to år var Lars Eldevik ordførar i Davik.  

Linje 14: Linje 15:

== Nes ==
== Nes ==
{{thumb|No-nb digibok 2008090100076 0103 1.jpg|Eldevik i ''Folkeskolen Nes Hedemarken'' (1916).}}
{{thumb|Dæhli skole Nes.jpg|Dæhli skole. Biletet syner skulebygningen som vart sett opp i 1918.|[[Hedmarksmuseet]]}}
{{thumb|Dæhli skole Nes.jpg|Dæhli skole. Biletet syner skulebygningen som vart sett opp i 1918.|[[Hedmarksmuseet]]}}
Rundt 1900 flytta han og familien til Austlandet, der han vart tilsett som lærar ved [[Dæhli skole (Ringsaker)|Dæhli skole]] på Nes. På Dæhli var det òg ganske mykje lærarjord, som Eldevik-familien fekk tilleggsutkomme frå. I [[Folketellinga 1910|folketeljinga for 1910]] er sonen Leiv titulert som agronom, som «arbeider ved gaardsbruket». Lars Eldevik var dessutan skulestyreformann på Nes i ni år.

Nåværende revisjon fra 11. jan. 2023 kl. 07:45

Eldevik sin 80-årsdag. Han sit til venstre, medan vi ser sønene Sigmund og Leif bak til høgre.

Lars Eldevik (fødd 17. juni 1860 i Davik i Nordfjord, død 4. desember 1952) var lærar og lokalpolitikar, engasjert i mellom anna landsmålssak, ungdomslagsarbeid og lokalhistorie. Han verka lengst i Davik, der han var ordførar i to år, og på Nes på Hedmarken.

Bakgrunn og familie

Han vaks opp på garden Eldevik i Davik, i noverande Vågsøy kommune. Foreldra var bonde Jørgen Larssen og Marthe Aleksandersdatter.

Lars Eldevik vart gift med lærarinna Sigrid Samsonsdatter Midnes (1857-1928) frå Ullensvang. Kona var dotter av Samson Larsen og Synneva Larsdatter. Lars og Sigrid Eldevik fekk sønene Sigmund (1888-?) og Leif (1890-1959).

Davik

Eldevik i boka Om folkeskolen paa Nes Hedemarken (1916).

Eldevik tok eksamen ved Tromsø lærerskole i 1879, og arbeidde deretter to år som lærar i Måsøy kommune. Frå kring 1881 til 1900 var han tilsett i skulen i heimbygda Davik, og der sat han mellom anna 13 år i formannskapet. I to år var Lars Eldevik ordførar i Davik.

I november 1899 gjekk det ut eit opprop i avisene i Sunnfjord og Nordfjord med oppmoding om å ta i bruk landsmålet i skule og kyrkje. Eldevik og to andre lærarar frå Davik var mellom dei som skreiv under.

Nes

Dæhli skole. Biletet syner skulebygningen som vart sett opp i 1918.

Rundt 1900 flytta han og familien til Austlandet, der han vart tilsett som lærar ved Dæhli skole på Nes. På Dæhli var det òg ganske mykje lærarjord, som Eldevik-familien fekk tilleggsutkomme frå. I folketeljinga for 1910 er sonen Leiv titulert som agronom, som «arbeider ved gaardsbruket». Lars Eldevik var dessutan skulestyreformann på Nes i ni år.

Som pensjonist vart Lars Eldevik den fyrste formannen i Nes historielag, som vart stifta 15. februar 1930. Eldevik og historielaget arbeidde særleg med Nes bygdebok, band I, som kom ut som to bøker i 1943 og 1944. Det var meininga at Eldevik sjølv skulle vere hovudforfattar av band II, gards- og slektshistoria, men i 1944 overlet han manuskriptet til styret, utan at boka var fullført. Eldevik var då 84 år gammal.

Han døydde i 1952, og vart gravlagd på Stavsjø kirkegard.

Kjelder og litteratur

Eksterne lenkjer