Lars Utne

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Faksimile fra Nationen 10. oktober 1922, utsnitt av omtale av bortgangen til Lars Utne.

Lars Utne (fødd 24. november 1862 i Midttun i Utne i det noverande Ullensvang herad, død 8.august 1922 i Asker) var bilethoggar.

Familie

Lars Utne var son av bonde og snikkar Jørund Amundsson Utne (1813–1889) og Brita Torgilsdotter Jaastad (1819–1902). Han vart gift i 1887 i København med Elisabeth Christiane Semb (1867–1927), ekteskapet oppløyst i 1899, deretter i 1900 i Kristiania med Ragnhild Hafslo Qvam (1869–1954). I folketeljinga 1910 finn vi dei med ein son og ei dotter på Haugsdal i Asker.[1]

Liv og virke

Lars Utne sitt bronserelieff av kong Harald III Hårdråde på Harald Hårdrådes plass i Gamlebyen i Oslo vart avduka i 1905.
Foto: Stig Rune Pedersen (2012)

Lars Utne lærte først frå Lars Kinsarvik, seinare studerte han ved Den kongelige tegneskole, og han oppheldt seg òg eitt år i Paris og åtte år i Berlin, der han mellom anna arbeidde med utsmykning av Riksdagsbygninga.

I Noreg er han først og fremst kjend for utsmykningane til Nationaltheatret i Oslo. Skulpturen «Gutten med beltet» er rekna som det viktigaste enkeltverket hans. Han står og bak dei to messingløvane på trappa innafor inngangen hjå Høyesteretts hus. Lars Utne sitt bronserelieff av kong Harald III Hårdråde på Harald Hårdrådes plass i Gamlebyen i Oslo vart avduka i 1905.

Utne var overlærar ved Den kongelige kunst- og haandverksskole i Kristiania, der han sjølv hadde studert då det heitte Den kongelige tegneskole.

Ettermæle

Lars Utne er gravlagd ved Vestre gravlund i Oslo.
Foto: Stig Rune Pedersen (2012)

Lars Utne er gravlagd på Vestre gravlund i Oslo. Gravminnet er pryda med eit portrettrelieff av han.

.

Galleri

Referansar

  1. Lars Utne i folketeljinga 1910 for Asker herred frå Digitalarkivet.

Kjelder