Lesjaskog sentrum: Forskjell mellom sideversjoner
Ingen redigeringsforklaring |
Ingen redigeringsforklaring |
||
Linje 1: | Linje 1: | ||
'''[[Lesjaskog sentrum]]''' eller Strande er nemninga på ein del av [[Kyrkjekretsen]], det som i dag er eit av | '''[[Lesjaskog sentrum]]''' eller Strande er nemninga på ein del av [[Kyrkjekretsen]], det som i dag er eit av tettstadsområda på [[Lesjaskogen]]. Det rekk grovt sett frå om med Skulemuseet i Lisser, Lesjaskog kyrkje og Mølme vest for Mølmsåe, langs den gamle riksvegen (før han vart omlagt i 1987) til og med [[Lesjaskog skule]]. | ||
Det er ikkje funne kjelder som fortel om busetjing i dette området før fyrst på 1700-talet. Da var [[Lesja jernverk|jernverket]] kome i drift, og det vart nok meir trafikk over [[Lesjaskogsvatnet]], truleg både vinter og sommar. Her ved den vestre vassenden vart det tidleg bygd dam for å heve vasspeglet, og det er det grunn til å tru at det gjekk ein god del transport ved hjelp av prammar over vatnet. Dermed vart det behov for omlasting, og gardsnamnet Rundtom ovafor Gameldammen har vore sett i samanheng med at det var her hestetransporten som kom nede frå [[Veblungsnes]] snudde her etter å ha lasta over varene på båtar. | Det er ikkje funne kjelder som fortel om busetjing i dette området før fyrst på 1700-talet. Da var [[Lesja jernverk|jernverket]] kome i drift, og det vart nok meir trafikk over [[Lesjaskogsvatnet]], truleg både vinter og sommar. Her ved den vestre vassenden vart det tidleg bygd dam for å heve vasspeglet, og det er det grunn til å tru at det gjekk ein god del transport ved hjelp av prammar over vatnet. Dermed vart det behov for omlasting, og gardsnamnet Rundtom ovafor Gameldammen har vore sett i samanheng med at det var her hestetransporten som kom nede frå [[Veblungsnes]] snudde her etter å ha lasta over varene på båtar. | ||
Linje 7: | Linje 7: | ||
I 1855 vart så [[Lesjaskog kyrkje|kyrkja som før stod ved jernverket]] flytt til tomt rett ovafor Mølme, og i 1872 vart Kyrkjestugu bygd som kommunehus og etter kvart [[fastskule]]. | I 1855 vart så [[Lesjaskog kyrkje|kyrkja som før stod ved jernverket]] flytt til tomt rett ovafor Mølme, og i 1872 vart Kyrkjestugu bygd som kommunehus og etter kvart [[fastskule]]. | ||
Samstundes skaut utviklinga i Mølme fart. Ole O. Mølmen (1830-1912) starta med handelsverksemd på garden kring 1860, og frå 1862 var det òg postutlevering. I 1867 var | Samstundes skaut utviklinga i Mølme fart. Ole O. Mølmen (1830-1912) starta med handelsverksemd på garden kring 1860, og frå 1862 var det òg postutlevering der. I 1867 var «Lesjaskogens Poståbneri» opna. | ||
I 1874 vart Mølmen hotell bygd. Det brann ned i 1890, men vart bygd opp att året etter. | I 1874 vart Mølmen hotell bygd. Det brann ned i 1890, men vart bygd opp att året etter og var i drift til ut på 1970-talet. | ||
Lesjaskog sparebank kom i gang frå nyttår 1909-10. Banken leigde rom i Mølme dei fyrste åra. | Lesjaskog sparebank kom i gang frå nyttår 1909-10. Banken leigde rom i Mølme dei fyrste åra. I 1928 vart det bestemt å bygge felles bank- og kommunehus. | ||
Med jernbaneanlegget og bygginga av [[Lesjaskog stasjon]] skaut utviklinga fart. | Med jernbaneanlegget og bygginga av [[Lesjaskog stasjon]] skaut utviklinga fart. Det var mange jernbanefunksjonærar og -arbeidsfolk dei første tiåra, og fleire av dei slo seg ned kring stasjonane og bygde seg bustadhus. | ||
[[Grøna mølle]] vart bygd opp att her i sentrum i 1945. | |||
Den private aldersheimen «Eldres Senter» vart opna i 1974, og overteke av Lesja kommune i 1984. Sparebanken vart fusjonert inn i Lesja sparebank i 1980-åra, først som filial, deretter nedlagt på 1990-talet. | |||
===Bilde frå Lesjaskog sentrum=== | |||
<gallery> | |||
Bilde:Grona molle.jpg|Grøna bygdemølle | |||
Bilde:Lesjaskog kyrkje.jpg|Lesjaskog kyrkje | |||
</gallery> | |||
==Litteratur== | ==Litteratur== |
Sideversjonen fra 27. sep. 2009 kl. 09:33
Lesjaskog sentrum eller Strande er nemninga på ein del av Kyrkjekretsen, det som i dag er eit av tettstadsområda på Lesjaskogen. Det rekk grovt sett frå om med Skulemuseet i Lisser, Lesjaskog kyrkje og Mølme vest for Mølmsåe, langs den gamle riksvegen (før han vart omlagt i 1987) til og med Lesjaskog skule.
Det er ikkje funne kjelder som fortel om busetjing i dette området før fyrst på 1700-talet. Da var jernverket kome i drift, og det vart nok meir trafikk over Lesjaskogsvatnet, truleg både vinter og sommar. Her ved den vestre vassenden vart det tidleg bygd dam for å heve vasspeglet, og det er det grunn til å tru at det gjekk ein god del transport ved hjelp av prammar over vatnet. Dermed vart det behov for omlasting, og gardsnamnet Rundtom ovafor Gameldammen har vore sett i samanheng med at det var her hestetransporten som kom nede frå Veblungsnes snudde her etter å ha lasta over varene på båtar.
Vi veit i alle fall at den første faste buplassen her var Mølme, litt lenger vest for vassenden og vest for Mølmsåe, vart rydda eit av dei fyrste tiåra på 1700-talet. Garden var da husmannsplass under Øverlie. I 1795 kjøpte brukaren Mølme til sjølveige, og på den tida var det etablert gjestgjevarverksemd på plassen. Det er kanskje grunnen til at kornmagasinet for soknetr vart plassert her. I 1837 fekk Mølme løyve som skysskiftestasjon og i 1852 som skysstasjon med plikt til å¨halde fem hestar.
I 1855 vart så kyrkja som før stod ved jernverket flytt til tomt rett ovafor Mølme, og i 1872 vart Kyrkjestugu bygd som kommunehus og etter kvart fastskule.
Samstundes skaut utviklinga i Mølme fart. Ole O. Mølmen (1830-1912) starta med handelsverksemd på garden kring 1860, og frå 1862 var det òg postutlevering der. I 1867 var «Lesjaskogens Poståbneri» opna.
I 1874 vart Mølmen hotell bygd. Det brann ned i 1890, men vart bygd opp att året etter og var i drift til ut på 1970-talet.
Lesjaskog sparebank kom i gang frå nyttår 1909-10. Banken leigde rom i Mølme dei fyrste åra. I 1928 vart det bestemt å bygge felles bank- og kommunehus.
Med jernbaneanlegget og bygginga av Lesjaskog stasjon skaut utviklinga fart. Det var mange jernbanefunksjonærar og -arbeidsfolk dei første tiåra, og fleire av dei slo seg ned kring stasjonane og bygde seg bustadhus.
Grøna mølle vart bygd opp att her i sentrum i 1945.
Den private aldersheimen «Eldres Senter» vart opna i 1974, og overteke av Lesja kommune i 1984. Sparebanken vart fusjonert inn i Lesja sparebank i 1980-åra, først som filial, deretter nedlagt på 1990-talet.
Bilde frå Lesjaskog sentrum
Litteratur
- Kjelland, Arnfinn 1987: Bygdebok for Lesja bd 1. Gards- og slektshistorie for Lesjaskogen s. 297-24.
- Kjelland, Arnfinn og Tor Einbu 2008: Bygdebok for Lesja bd. 4. Foto og fotografering i Lesja og av lesjingar 1850-1950 s. 63.
- Mølmshaug, Arild 1985 (1972): Mølmen som skyss-stasjon. I Årsskrift for Lesja historielag s. 70-73.
- Skotte, Ola og Sigurd Einbu 1949: Lesja. Litt frå den kommunale soga 1838-1938 og ymse anna. Lesja kommune s. 144ff.