Lesjaskog sentrum

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Lesjaskog sentrum eller Strande er nemninga på ein del av Kyrkjekretsen, det som i dag er eit av tettstadsområda på Lesjaskogen. Det rekk grovt sett frå om med Skulemuseet i Lisser, Lesjaskog kyrkje og Mølme vest for Mølmsåe, langs den gamle riksvegen (før han vart omlagt i 1987) til og med Lesjaskog skule.

Det er ikkje funne kjelder som fortel om busetjing i dette området før fyrst på 1700-talet. Da var jernverket kome i drift, og det vart nok meir trafikk over Lesjaskogsvatnet, truleg både vinter og sommar. Her ved den vestre vassenden vart det tidleg bygd dam for å heve vasspeglet, og det er det grunn til å tru at det gjekk ein god del transport ved hjelp av prammar over vatnet. Dermed vart det behov for omlasting, og gardsnamnet Rundtom ovafor Gameldammen har vore sett i samanheng med at det var her hestetransporten som kom nede frå Veblungsnes snudde her etter å ha lasta over varene på båtar.

Vi veit i alle fall at den første faste buplassen her var Mølme, litt lenger vest for vassenden og vest for Mølmsåe, vart rydda eit av dei fyrste tiåra på 1700-talet. Garden var da husmannsplass under Øverlie. I 1795 kjøpte brukaren Mølme til sjølveige, og på den tida var det etablert gjestgjevarverksemd på plassen. Det er kanskje grunnen til at kornmagasinet for soknetr vart plassert her. I 1837 fekk Mølme løyve som skysskiftestasjon og i 1852 som skysstasjon med plikt til å¨halde fem hestar.

I 1855 vart så kyrkja som før stod ved jernverket flytt til tomt rett ovafor Mølme, og i 1872 vart Kyrkjestugu bygd som kommunehus og etter kvart fastskule.

Samstundes skaut utviklinga i Mølme fart. Ole O. Mølmen (1830-1912) starta med handelsverksemd på garden kring 1860, og frå 1862 var det òg postutlevering der. I 1867 var «Lesjaskogens Poståbneri» opna.

I 1874 vart Mølmen hotell bygd. Det brann ned i 1890, men vart bygd opp att året etter og var i drift til ut på 1970-talet.

Lesjaskog sparebank kom i gang frå nyttår 1909-10. Banken leigde rom i Mølme dei fyrste åra. I 1928 vart det bestemt å bygge felles bank- og kommunehus.

Med jernbaneanlegget og bygginga av Lesjaskog stasjon skaut utviklinga fart. Det var mange jernbanefunksjonærar og -arbeidsfolk dei første tiåra, og fleire av dei slo seg ned kring stasjonane og bygde seg bustadhus.

Grøna mølle vart bygd opp att her i sentrum i 1945.

Den private aldersheimen «Eldres Senter» vart opna i 1974, og overteke av Lesja kommune i 1984. Sparebanken vart fusjonert inn i Lesja sparebank i 1980-åra, først som filial, deretter nedlagt på 1990-talet.

Bilde frå Lesjaskog sentrum

Litteratur