Li (Jostedalen): Forskjell mellom sideversjoner
(tillegg om fast busetnad på 1900-talet) |
(Referansar snøskred) |
||
Linje 24: | Linje 24: | ||
På Røvomn i Li låg den nedlagde [[Mjølverdalen skule]]. | På Røvomn i Li låg den nedlagde [[Mjølverdalen skule]]. | ||
Li har lege utsett til for snøskred. Husmannsplassen [[Leteigen (Jostedalen)|Leteigen]] vart øydelagd og fleire personar skadde av eit skred i 1846, og plassen [[Tøgeplassen (Jostedalen)|Tøgeplassen]] vart øydelagd og to born drepne i 1868. I den siste ulukka vart òg stovehuset på hovudtunet i Li råka og flytt ein halvmeter. | Li har lege utsett til for snøskred. Husmannsplassen [[Leteigen (Jostedalen)|Leteigen]] vart øydelagd og fleire personar skadde av eit skred i 1846, og plassen [[Tøgeplassen (Jostedalen)|Tøgeplassen]] vart øydelagd og to born drepne i 1868. I den siste ulukka vart òg stovehuset på hovudtunet i Li råka og flytt ein halvmeter.<ref>[http://www.historielaget.jostedal.no/?page_id=1268 Snøskred i Mjølverdalen 1846] og [http://www.historielaget.jostedal.no/?page_id=1621 Snøskred i Li 1868] (Jostedal historielag)</ref> | ||
==Bruksdeling== | ==Bruksdeling== | ||
Linje 41: | Linje 41: | ||
*[[Tøgeplassen (Jostedalen)|Tøgeplassen]] - rydda 1867, nedlagd 1868 | *[[Tøgeplassen (Jostedalen)|Tøgeplassen]] - rydda 1867, nedlagd 1868 | ||
*Haugane - rydda kring 1893, nedlagd 1911 | *Haugane - rydda kring 1893, nedlagd 1911 | ||
==Notar== | |||
<references/> | |||
==Litteratur== | ==Litteratur== |
Sideversjonen fra 11. apr. 2011 kl. 19:38
Li (Luster, gnr. 203) er ein matrikkelgard i Jostedalen, Luster kommune. Dette er den nordlegaste garden på vestsida av Jostedøla og grensar i sør mot grenda Mjølver.
På Røvomn i Li låg den nedlagde Mjølverdalen skule.
Li har lege utsett til for snøskred. Husmannsplassen Leteigen vart øydelagd og fleire personar skadde av eit skred i 1846, og plassen Tøgeplassen vart øydelagd og to born drepne i 1868. I den siste ulukka vart òg stovehuset på hovudtunet i Li råka og flytt ein halvmeter.[1]
Bruksdeling
- Bnr. 1 Li - delt i to bruk (Lien søndre og Lien nordre) ca 1819-1827
- Bnr. 3 Norheim - den tidlegare husmannsplassen Sva - utskild 1910
- Bnr. 4 Leteigen - tidlegare husmannsplass - utskild 1914
Hovudbruket i Li vart fråflytt i 1940 og er seinare drive i lag med bnr. 3 Norheim. I Leteigen har det ikkje vore fast busetnad sidan 1970. Norheim har såleis vore det einaste bruket i Li med fast bustetnad sidan 1970.
Husmannsplassar
Det har i alt vore sju husmannsplassar under Li, men ikkje på same tid, og somme berre i eit kortare tidsrom.
- Tuftene - truleg berre i bruk ca 1825-1832
- Endreheimen (Buateigen) - truleg rydda tidleg i 1790-åra, nedlagd kring 1880
- Sva - rydda kring 1880 då husmannen i Endreheimen flytte husi sine hit, utskild 1910 som bnr. 3 Norheim
- Leteigen 1 og 2 - utskild 1914
- Tøgeplassen - rydda 1867, nedlagd 1868
- Haugane - rydda kring 1893, nedlagd 1911
Notar
- ↑ Snøskred i Mjølverdalen 1846 og Snøskred i Li 1868 (Jostedal historielag)
Litteratur
- Laberg, Jon. (1944). Jostedal. Ei stutt utgreiding um bygdi og folket der. Tidsskrift utgitt av Historielaget for Sogn (nr. 11), 5-85. (Digital utgåve, Jostedal historielag)
- Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 686-716. (Digital utgåve, NBdigital)
- «Li», Gardsleksikon, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane