Lo (Nord-Fron gnr. 246/1)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 7. mai 2012 kl. 09:18 av Kallrustad (samtale | bidrag) (litt flikking og tillegg)
Hopp til navigering Hopp til søk

Mal:Thumb høyre Lo er ein gard i Sorperoa i Nord-Fron kommune (gnr. 246/1). Gardsnamnet, som finst fleire stader i Noreg, tyder «lågtliggande engeslette». Lo har om lag 420 mål dyrka jord, 1700 mål skog og 2000 mål anna areal. I 1998 var det 30 mjølkekuer her. Lo har seter på Hattdalen, før Liseter (Høgsetra). Garden har fleire gamle hus, mellom anna våningshus frå 1734 og eldhus med drengestugu frå 1754. I 1865 var det heile ti husmannsplassar under Lo, som då fødde sju hestar og 44 kuer.

Frå Lo stammar mellom anna det praktfulle drikkehornet på Maihaugen, «Osjukahornet». På garden kan det òg ha lege ein forhistorisk steinkrins, noko det framleis er fleire av i nabobygda Sør-Fron. I Hiorthøys topografiske skildring av Gudbrandsdalen (1775) fortel han at det ved «Lo er mange Kiempegrave og stensatte Kredse».

Garden vart sterkt skadd av Storofsen i 1789. Elva Møgla tok nytt far mot jordet og husa på Lo. Av åkeren, som då var på 70 mål, vart 20 mål øydelagt av elva. Mykje av enga på 30 mælingar vart nedøyra av stein og grus. To av husmannsplassane vart heilt øydelagde. Plassen Stordodden, som seinare vart sjølveigarbruk, var ein av desse. Nye hus vart bygd opp att på ei anna tomt.

Veterinæren Amund Lo (1864-1941) vaks opp på Lo, som son av Lodver Iversen og Rønnaug Hansdotter Lo (sjå eigarlista nedanfor).

Eigarar

Mal:Thumb høyreGarden har lenge vore i same slekt, truleg sidan 1660-talet, men brukarane her var leiglendingar til 1836. Etter at Lo vart sjølveigande gard, har staden hatt desse eigarane:

  • Lodver Iversen (1836-1885)
  • Iver Lodversen (1885-1908)
  • Rønnaug Iversdotter Lo, gift med Ole Chr. Hvattum (1908-36)
  • Iver Olsen Lo (1936-74)
  • Amund Lo (1974-)

Husmannsplassar

Mal:Thumb høyre

  • Lostugu (Bergset)
  • Nedre Lostugu
  • Øvre Lostugu
  • Øvre Odden (Kolodden), fråskilt i 1946 (bnr. 25)
  • Ytre Odden
  • Vetl-Odden (Myrvoll), fråskilt i 1931 (bnr. 6)
  • Storodden, fråskilt i 1847 (bnr. 2)
  • Lomoen
  • Grinda
  • Steinbakken, nedlagt
  • Salmakarstugu
  • Johimen
  • Martinmoen
  • Dokkastugu
  • Giverhaugen
  • Rustad

Kjelder og litteratur