Storofsen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Flaumstøtta sør for Ringebu.

Storofsen er nemninga på eit omfattande uvêr med flaum og jordskred som traff store delar av Sør-Norge i juli 1789. Verst var det truleg i Gudbrandsdalen, men uvêret herja òg i Valdres, Østerdalen, på Nordmøre, i Romsdal og Sør-Trøndelag.

Fleire faktorar førte truleg til den ekstreme vêrsituasjonen. Det hadde vore ein kald vinter med djup tele i jorda, sein snøsmelting, mykje regn og fleire varmeperiodar tidleg på sommaren. Omkring 14. juni skal vêret ha blitt lummert med kvelande varme, tunge skyer og luft metta av vassdamp. Eit lågtrykk kom truleg nordover frå Polen og la seg til over Austlandet, medan eit høgtrykk skal ha lege over Finland og hindra den normale drifta av lågtrykk austover. Eit anna lågtrykk skal ha lege over Nordland, og det kan ha ført kaldare luft sørover som førte til ustabil luft og voldsomt torevêr og nedbør i dagane 20. til 23. juli.

På det verste stod vatnet i Gudbrandsdalslågen truleg sju meter over det normale. Til saman 72 menneske omkom, og av desse var 61 frå Gudbrandsdalen. Mange bønder frå Østerdalen og Gudbrandsdalen flytta frå bruka sine til indre Troms ved hjelp av futen i Tromsø og Senjen fogderi Jens Holmboe.

Det er sett opp flaumstøtter som viser vasstanden i samband med Storofsen og andre flaumar i Gudbrandsdalen både ved Lalm og Elstadkleiva i Ringebu.

Litteratur

Kjeldearkivet