Lomsk såmaskin

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 16. sep. 2009 kl. 11:39 av Arnfinn Kjelland (samtale | bidrag) (Ny side: {{thumb|Lomsk saamaskin.jpg|Lomsk såmaskin|Arnfinn Kjelland}}Den såkalla '''lomske såmaskina''' var ei radsåmaskin for korn, og som etter kvart erstatta såing av å...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Lomsk såmaskin
Foto: Arnfinn Kjelland

Den såkalla lomske såmaskina var ei radsåmaskin for korn, og som etter kvart erstatta såing av åkrane for hand i Nord-Gudbrandsdalen og visstnok lenger utover dalen heilt utover til flatbygdene. Den sette såkornet like djupt i jorda, og det gjekk ikkje med meir enn knapt det halve i høve handsåinga.

Sokneprest Niels Petersen i Lom skal iflg. Ivar Kleiven ha vore den som fekk ei slik maskin til bygda i 1780-åra. Rolv K. Øygard meiner Vass-Per fann opp maskina kring 1806. Men stykket hans i Årbok for Gudbrandsdalen inneheld i alle fall ein faktisk feil; han påstår at den første maskina Per laga kom til Sygard Geilo og at presten Petersen fekk sjå ho der og kjøpte ho. Det må da ha vore etter 1806, men Petersen reiste frå Lom alt i 1797.

Maskina vart forbetra i fleire omgangar og var i bruk til ut på 1900-talet. Dei første utgåvene av maskina skal ha hatt ei tinderad, meier framme og rull bak. Da måtte ein køyre to gonger over åkeren for å få sådd tilfredsstillande. Seinare fekk ho to og tre tinderader og to hjul framme.

Hallvor Johannesson f. på 1813 på Sygard Synstnes, gift til Søre Glømsdal i Bøverdalen emigrerte til Amerika i 1859. Iflg. Kleiven lærte han å smi mm. av Vass-Per, og i Amerika «går det ordet at han fann opp den amerikanske rad-såmaskina»

Litteratur

  • Bygdabok for Lom bd. 3 s. 211 og bd 4 s. 38.
  • Hosar, Hans P. 1998: Skjåk bygdebok. Band 3. Historia 1797-1914. Skjåk kommune s. 145f.
  • Kleiven, Ivar 1915: Lom og Skjaak. Gamal bondekultur i Gudbrandsdalen. Vågå s. 186ff.
  • Øygard, Rolv K. 1934: Vass-Per. Årbok for Dølaringen s. 122ff.