MB «Nybør»

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 8. feb. 2011 kl. 09:34 av Magnar Høydal (samtale | bidrag) (→‎Bilder: justert bildestørrelse)
Hopp til navigering Hopp til søk
MB «Nybør», går ei runde utfor slippen på Vik

MB «Nybør» M-24-S, levert desember 1954, eigarar var Hjalmar, Kjartan og Oddvar Longva. Alle frå Haugsbygda i Sande kommune, Møre og Romsdal. Båten var bygd etter verkstaden sin vanlege modell. Kravellt kryssar med rana stamn, og lyft på understemne. Doblingspanta var av 6 toms fure. Berekna lengde på båten var 60 fot. Lugarkappe, lukekarm og kaising i stål, overbygg elles i tre. Bak i kaisinga var bysse. Der var dorken heva, for å gi høgde i kahytta, som hadde fire køyer. Gang midt i kaising med dør til begge sider, nedgang til kahytt, og leider opp til bestikklugar. Nedgang til maskinrom også frå gangen. På babord side var galgedekk med davitar for livbåt, og egnarhus. Mastrer, bommar og alle beslag, tankar og liknande vart laga på verkstaden. Forut var lugar med 6 køyer. Båten hadde to ankerklyss. Styremaskina var av merke «Tennfjord». Elles var montert; radar, Simrad sendar, ekkolodd. Sjå også båtlista for Vik. Kjenningssignal: LJOJ.

Bruk

Fyrste åra var båten brukt til snurrevad etter torsk og hyse. Om vinteren var det sildegarn. Båten hadde då ein 100 hk «Finnøy»motor.

Motorar

I 1957 til 1961-62 var det skovletrål på Finnmarkskysten. Det var også grunnen til at det i 1957 vart innsett større motor, ein 130 hk «Finnøy». Etter at dei slutta trålinga på Finnmarka, vart det snurrevad ut frå heimehamna.

Avvik

I fiskeriregisteret for 1958 står lengda med 56.5 n. fot. I registeret for 1980 står 18,3 m, det er same lengde som systerbåten «Arne Longva». Begge dei båtane var bygde på same modellane. 18,3 m er 58,3 norske fot, og 60,0 engelske fot. Reknar med at 18,3 m er den rette lengda.

Seinare eigarar

  • 1976 Per-Einar Flem, Longva. M-24-H. Før han kjøpte båten fekk han skipskontrollen til å undersøkja skroget. Dei sa at materialen var så frisk som om han kom rett frå skogen, Flem brukte båten til snurrevad, og garn etter torsk, sei og lange. Han sette inn ein 300 hk «Cumming» motor, og Brattvåg totromla trålvinsj. Skifta til ein nyare radar, VHF og decca navigasjonssystem. I april 1984 selde han båten til Bømlo.
  • 1984 Stig Oskar Nilsen, Bømlo. Fiskeriregistrert med H-1-B. Bilder frå den perioda viser at båten har fått trålbakk. Der er og innsett ein 1991 mod, 390 hk «Volvo»motor. Båten dreiv reketråling.
  • I Fiskeriregisteret for 1996 har Nybør skifta namn til Feiebjørn og F.reg. er H-1-FE. Eigarar er Mågøy Ans. v/ Kurt Rongvær, Fedje. Dei brukte også båten til reketråling. Under tråling fekk dei brann om bord, båten gjekk ned, men alle vart berga.

Bilder

Eit utspanta skrog. Uvist kvafor ein båt, men viser korleis det ser ut før huda er på.
Her går Nybør i moderat fart med alle vimplar oppe. Bildet er truleg teke frå kaia på Volda Mekaniske Verkstad og ein ser styrbord side.
Alle vimplar oppe når Nybør her går forbi og viser fram babord side. Båten hadde egnarhus berre på babord. Bildet er truleg teke frå kaia på Volda Mekaniske Verkstad.

Kjelder