Mjølver (Jostedalen)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Mal:Infoboks gard (nynorsk)

Mjølver (Luster, gnr. 202) er ein matrikkelgard og ei grend (Mjølvergrendi) i Jostedalen, Luster kommune. Grenda ligg på vestsida av Jostedøla og grensar i sør mot området på Gjerde som ligg under matrikkelgardane i Krundalen, og i nord mot garden Li.

Mjølver har gjeve namn til Mjølverdalen og til Mjølverdalen skule.

I somme versjonar av segna om Jostedalsrypa, vert det hevda at ho kom frå garden Bjørkehaugen.

Ein storgard

Etter nyryddinga av Jostedalen sist på 1500-talet går det fram at Mjølver var den største garden i heile dalen når ein reknar dei tre bruka i lag. I 1639 hadde Mjølver ei samla smørskyld på 4 laupar og 12 merker. Dette vitnar om at Nigardsbredalen må ha vore frodig beite- og slåttemark før Nigardsbreen skaut seg fram. I 1640-åra vart skylda redusert fleire gonger, og i 1665 var skylda under halvparten av kva ho hadde vore i 1639. Særleg dramatisk skulle skyldreduksjonen bli for bruka Nigard og Bjørkehaugen.

Bruka

Dei tre opphavlege bruka under Mjølver var:

Seinare er desse bruka skilde ut (tomtebruk ikkje medtekne):

  • Bnr. 2, Bukveen
  • Bnr. 5, Pikhaugen
  • Bnr. 6, Aspehaug (Kleivi)
  • Bnr. 8, Svori
  • Bnr. 9, Hellebø
  • Bnr. 10, Opheim (Kleivi)
  • Bnr. 11, Havraberg
  • Bnr. 13, Fjellheim (pensjonat)

Bnr. 1 Mjølver

Mjølver var det minste av dei opphavlege Mjølver-bruka. Også Mjølver fekk skylda redusert utover på 1600-talet, men mindre enn Nigard og Bjørkehaugen.

Mjølver var av dei bruka Gerhard Munthe fekk hand om då jostedalsgodset vart delt i tre i arveoppgjeret etter Christopher Munthe. Mjølver var eitt av dei tre bruka som Gerhard ikkje selde før han døydde i 1785, så det gjekk vidare til borna Frantz Wilhelm Rieck Munthe og Mette Andrea Rieck Munthe. Brukaren Rasmus Erikson Bergset vart fyrste sjølveigar i Mjølver då han 23. oktober 1787 fekk skøyte på helvta til Frantz Wilhelm og 25. mai 1788 fekk skøyte på helvta til Mette Andrea. Medan Bjørkehaugen vart det andre bruket i Jostedalen som kom på lokale hender (i 1691), vart hovudbruket Mjølver såleis det nest siste. (Sjå Eigedomstilhøve i Jostedalen før 1800.)

Litteratur

  • Laberg, Jon. (1944). Jostedal. Ei stutt utgreiding um bygdi og folket der. Tidsskrift utgitt av Historielaget for Sogn (nr. 11), 5-85. (Digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 592-661. (Digital utgåve, NBdigital)
  • «Mjølver», Gardsleksikon, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Mal:Infoboks gardsbruk