Nicolay Grevstad: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Ny side: Nicolay Grevstad (fødd 2. juni 1851 i Sykkylven og død 20. februar 1940 i Chicago) var ein norskamerikansk pressemann, politikar og diplomat. Foreldra var husmann og skreddar Karl Nicolai...)
 
m (Teksterstatting – «[[kategori:» til «[[Kategori:»)
 
(18 mellomliggende versjoner av 8 brukere er ikke vist)
Linje 1: Linje 1:
Nicolay Grevstad (fødd 2. juni 1851 i Sykkylven og død 20. februar 1940 i Chicago) var ein norskamerikansk pressemann, politikar og diplomat. Foreldra var husmann og skreddar Karl Nicolai Simonsen og jordmor Birgitte Andersdatter Skjetlein. Grevstad vart i 1878 gift med Maren Martine Berger.  
{{thumb|Nicolay Grevstad - allkunne.png|Nicolay Grevstad|Allkunne }}
'''[[Nicolay Grevstad]]''' (fødd 2. juni 1851 i [[Sykkylven]], død 20. februar 1940 i [[Chicago]]) var ein norskamerikansk pressemann, politikar og diplomat. Foreldra var husmann og skreddar Karl Nicolai Simonsen og jordmor Birgitte Andersdatter Skjetlein. Grevstad vart i 1878 gift med Maren Martine Berger.  


Grevstad budde i Sykkylven til han vart konfirmert. Etter konfirmasjonen var han nokre år handelsbetjent i Ålesund. Så gjennomførte han lærarseminaret på STord før han i 1872 reiste til Kristiania og byrja på Heltbergs privatskule. Han tok examen artium i 1878. Deretter studerte han jus ved universitetet i hovudstaden og vart cand.jur. i 1878. Etter ein periode som advokatfullmektig og som tilsett i Justisdepartementet vart han i 1880 tilsett som redaktør av Dagbladet, ei avis som var knytta til partiet Venstre. Han var ein trufast støttespelar for Johan Sverdrup, noko som bidrog til at han i 1883 måtte gå av som redaktør.
Grevstad budde i Sykkylven til han vart konfirmert. Etter konfirmasjonen var han nokre år handelsbetjent i [[Ålesund]]. Så gjennomførte han lærarseminaret på [[Stord]] før han i 1872 reiste til Kristiania og byrja på [[Heltbergs privatskule]]. Han tok examen artium i 1878. Deretter studerte han jus ved universitetet i hovudstaden og vart cand.jur. i 1878. Etter ein periode som advokatfullmektig og som tilsett i Justisdepartementet, vart han i 1880 tilsett som redaktør av ''[[Dagbladet]]''. Han var ein trufast støttespelar for [[Johan Sverdrup]], noko som bidrog til at han i 1883 måtte gå av som redaktør.


Nicolay Grevstad emigrerte i 1883 til USA. Han oppsøkte det norske kjerneområdet i Minnesota og vart journalist i den norskspråklege avisa, Nordvesten i St. Paul. Han heldt oppe kontakta med politiske vener i Noreg og han organiserte ei innsamling blant norskamerikanarar for det nystifta Venstre-partiet.
Nicolay Grevstad emigrerte i 1883 til USA. Han oppsøkte det norske kjerneområdet i [[Minnesota]] og vart journalist i den norskspråklege avisa, ''[[Nordvesten]]'' i [[St. Paul]]. Han heldt oppe kontakta med politiske vener i Noreg og organiserte innsamling blant norskamerikanarar for det nystifta Venstre-partiet. Ein vesentleg del av partiets budsjett vart den første tida dekt av desse midlane. I 1886 bad Johan Sverdrup Grevstad kome heim for å leie redaksjonen i ei planlagt regjeringsvennleg avis. Etter eit halvt år i hovudstaden vart han lei det han opplevde som småleg kiv, og reiste tilbake til USA.
 
Grevstad hadde gode engelskkunnskapar og fekk snart oppgåver i engelskspråkleg presse. I 1887 vart han tilsett som journalist i ''Minneapolis Tribune''. Han vart snart leiarskribent. I 1890 vart han sjefredaktør i ei ny avis; ''Minneapolis Times''. Han motarbeidde republikanarane sin guvernørkandidat, og då denne vart valt kom han igjen i ei politisk klemme. Det førte til at han måtte gå frå stillinga si. Han fekk i staden tilbod om å bli korrespondent i Minneapolis for den norskspråklege avisa ''[[Skandinaven]]''. Her var han nokre månader i 1892, før han same året flytta til Chicago for å bli avisas sjefsredaktør.
 
Framleis heldt han kontakta heimover, og ved nokre høve, i samband med ulukker, organiserte han innsamlingsaksjonar i det norske Amerika. I 1906 vart han utnemnt til Riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.
 
''Skandinaven'' støtta det republikanske partiet, og i 1911 vart Grevstad utnemnt til USA sin offisielle representant i Uruguay og Paraguay. Ministerpostane hadde han i fire år. Då han kom tilbake til USA, hadde han ulike oppgåver, mellom anna leia han det republikanske partiet si presseteneste for framandspråkleg presse. I 1930 vart han igjen redaktør i ''Skandinaven'', ei stilling han hadde til han døydde. Eitt år etter at han døydde, gjekk avisa inn. Det var ikkje lenger marknad for ei norskspråkleg avis i USA.
 
Nicolay Grevstad hadde heile livet ei stor interesse for juridiske emne, og han skreiv mellom anna om jurysystemet. I amerikanske tidsskrift og aviser skreiv han elles artiklar om dei norske forlikskommisjonane, noko som bidrog til at fleire amerikanske statar innførte såkalla «courts of conciliation».
 
I hans fødekommune Sykkylven er plassen nedanfor kommunehuset oppkalla etter han: [[Nicolay Grevstads plass]].
 
==Kjelder==
*[http://nbl.snl.no/Nicolay_Grevstad/utdypning Store norske leksikon. Nettutgåva.]
* {{hbr1-1|pe00000000982723|Nicolay Grevstad}}.
 
{{DEFAULTSORT:Grevstad, Nicolay}}
[[Kategori:Venstrepolitikere]]
[[Kategori:Redaktører]]
[[Kategori:Personer]]
[[Kategori:Sykkylven kommune]]
[[Kategori:Norsk-amerikanere]]
[[Kategori:Minnesota]]
[[Kategori:St. Olavs Orden]]
[[Kategori:Sykkylven leksikon]]
[[Kategori:Fødsler i 1851]]
[[Kategori:Dødsfall i 1940]]
{{nn}}

Nåværende revisjon fra 16. nov. 2023 kl. 23:23

Nicolay Grevstad
Foto: Allkunne

Nicolay Grevstad (fødd 2. juni 1851 i Sykkylven, død 20. februar 1940 i Chicago) var ein norskamerikansk pressemann, politikar og diplomat. Foreldra var husmann og skreddar Karl Nicolai Simonsen og jordmor Birgitte Andersdatter Skjetlein. Grevstad vart i 1878 gift med Maren Martine Berger.

Grevstad budde i Sykkylven til han vart konfirmert. Etter konfirmasjonen var han nokre år handelsbetjent i Ålesund. Så gjennomførte han lærarseminaret på Stord før han i 1872 reiste til Kristiania og byrja på Heltbergs privatskule. Han tok examen artium i 1878. Deretter studerte han jus ved universitetet i hovudstaden og vart cand.jur. i 1878. Etter ein periode som advokatfullmektig og som tilsett i Justisdepartementet, vart han i 1880 tilsett som redaktør av Dagbladet. Han var ein trufast støttespelar for Johan Sverdrup, noko som bidrog til at han i 1883 måtte gå av som redaktør.

Nicolay Grevstad emigrerte i 1883 til USA. Han oppsøkte det norske kjerneområdet i Minnesota og vart journalist i den norskspråklege avisa, Nordvesten i St. Paul. Han heldt oppe kontakta med politiske vener i Noreg og organiserte innsamling blant norskamerikanarar for det nystifta Venstre-partiet. Ein vesentleg del av partiets budsjett vart den første tida dekt av desse midlane. I 1886 bad Johan Sverdrup Grevstad kome heim for å leie redaksjonen i ei planlagt regjeringsvennleg avis. Etter eit halvt år i hovudstaden vart han lei det han opplevde som småleg kiv, og reiste tilbake til USA.

Grevstad hadde gode engelskkunnskapar og fekk snart oppgåver i engelskspråkleg presse. I 1887 vart han tilsett som journalist i Minneapolis Tribune. Han vart snart leiarskribent. I 1890 vart han sjefredaktør i ei ny avis; Minneapolis Times. Han motarbeidde republikanarane sin guvernørkandidat, og då denne vart valt kom han igjen i ei politisk klemme. Det førte til at han måtte gå frå stillinga si. Han fekk i staden tilbod om å bli korrespondent i Minneapolis for den norskspråklege avisa Skandinaven. Her var han nokre månader i 1892, før han same året flytta til Chicago for å bli avisas sjefsredaktør.

Framleis heldt han kontakta heimover, og ved nokre høve, i samband med ulukker, organiserte han innsamlingsaksjonar i det norske Amerika. I 1906 vart han utnemnt til Riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.

Skandinaven støtta det republikanske partiet, og i 1911 vart Grevstad utnemnt til USA sin offisielle representant i Uruguay og Paraguay. Ministerpostane hadde han i fire år. Då han kom tilbake til USA, hadde han ulike oppgåver, mellom anna leia han det republikanske partiet si presseteneste for framandspråkleg presse. I 1930 vart han igjen redaktør i Skandinaven, ei stilling han hadde til han døydde. Eitt år etter at han døydde, gjekk avisa inn. Det var ikkje lenger marknad for ei norskspråkleg avis i USA.

Nicolay Grevstad hadde heile livet ei stor interesse for juridiske emne, og han skreiv mellom anna om jurysystemet. I amerikanske tidsskrift og aviser skreiv han elles artiklar om dei norske forlikskommisjonane, noko som bidrog til at fleire amerikanske statar innførte såkalla «courts of conciliation».

I hans fødekommune Sykkylven er plassen nedanfor kommunehuset oppkalla etter han: Nicolay Grevstads plass.

Kjelder