Nils Roth Heyerdahl (1862–1956)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Nils Roth Heyerdahl (fødd i Vadsø 31. januar 1862, død i Oslo 19. mars 1956) var teolog og verka som kapellan og sokneprest fleire stader i landet: Voss, Sandar, Tinn og Holla. Han var sterkt engasjert i kristeleg ungdomsarbeid. Frå ung alder viste han sterk interesse for landsmål og dialekter, og han gav ut ei samling norske «songar og kvæde», Som teolog og ungdomsarbeidar var han etter alt å dømme påverka av grundtvigianismen.

Bakgrunn og familie

Foreldra var Fredrik Wexels Heyerdahl (1819-1887) og hustru Mariane Christine f. Nergaard (f. 1830). Da Nils vart fødd, budde familien i Vadsø, der faren var tollkasserar. Da Nils var seks år gammal (1868) vart faren utnemnd til fut i Valdres, og familien flytta Nord-Aurdal. Der fekk Nils barndomsåra sine frå han var seks til han kom i konfirmasjonsalderen. I 1877 flytta han heimefrå for å ta til med utdanninga si, på same tid som faren vart fut i Larvik og familien flytta dit.

Nils Roth Heyerdahl gifta seg i 1890 med stud. teol. Alette Aagaard (1862-1957). Dei fekk borna Marianne Kristine Heyerdahl (f. 1891), Kristian August Aagaard Heyerdahl (f. 1892) og Dorothea Heyerdahl (f. 1894).

Utdanning og tidleg yrkeserfaring

Den fyrste skulegangen fekk Nils i Nord-Aurdal, der han vart undervist dels ved guvernante og huslærar og eldre sysken, dels ved «en høiere almueskole». Året 1877-1878 gjekk han 6. klasse ved Lands kommunale middelskole i Hov i Land. I 1878 byrja han på latinlinja ved Aars og Voss skole i Kristiania, som førde han fram til eksamen artium i 1881.

Etter gjennomført artium var han eit halvt års tid tilsett paa «juridisk kontor» i Valdres. Vårsemesteret 1882 var han tilbake i Kristiania, der han las til anneneksamen (førebuande prøver) ved universitetet. Etter avlagt eksamen gjorde han sommaren 1882 ei rundreise i Sverige, Danmark og Sønder-Jylland, der han mellom anna vitja folkehøgskular. I to år (1882-1884) var han huslærar hjå sokneprest Thorvaldsen på Stord. I 1884 byrja han fagstudiet ved universitetet, og avla teologisk embetseksamen våren 1889.

Prestegjerninga

Etter teologisk practicum i februar 1890, vart han tilsett som personalkapellan hjå soknepresten på Voss, Wilhelm Hansteen. Heyerdahl var da nygift, og han og kona Alette fekk alle sine tre born medan dei budde på Voss, til 1898.

Medan dei var på Voss, tenestegjorde Heyerdahl som feltprest på Tvildemoen, og han framhevar sjølv frå den tida at han da nytta høvet til å gjere «i alt 20 besøg til Gravehalstunnelen for at holde opbyggelse for arbeiderne».

Frå 1898 til 1910 var Heyerdahl kallskapellan i Sandeherred (nå Sandar) ved Sandefjord. Han fekk sokneprestembetet i Tinn i Telemark 1910 og vart prost i Aust-Telemark prosti frå 1914.I 1917 fekk han nytt kall i Holla, og var også prost i Nedre Telemark prosti frå 1929 til han gjekk av for aldersgrensa i 1932.

Da han vart pensjonist, flytta Heyerdahl og kona til Alnabru i Østre Aker (nå Oslo), der dei budde på eigedomen Bakkelund livet ut.

Kulturengasjement og organisasjonsverksemd

Si interesse for norsk folkekultur, landsmål og dialekter, tilskriv Heyerdahl sjølv innverknad frå Valdres i oppveksten og frå åra på Voss, der norskdomsrørsla stod sterkt. Det var i studietida, etter at han mellom anna hadde besøkt danske folkehøgskular, at han fekk gjeve ut Norske songer og kvæde, samlade av N.R.Heyerdahl (1885).

Både på Voss og i Sandeherred var Heyerdahl saman med kona sterkt engasjert i kristeleg ungdomsarbeid, knytta til Norges kristelige ungdomsforbund. I 1901 stod han bak publikasjonen Ungdomsforeningernes ordning og program, som var utgjeve av forbundet. Han utarbeidde ein «Bibellæseplan», utgjeve av Det norske bibelselskap etter oppmoding av ungdomsforbundet.

I 1898 fekk Nils og Alette Heyerdahl stifta Sandeherreds og Sandefjords ungdomsforening, og han var formann i mange år. Han var sekretær i Vestfolds kreds af kristelige fioreninger for unge. Som pensjonist var Heyerdahl formann i Norsk buddhistmisjon.