Nord-Gudbrandsdalen: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Ny side: '''Nord-Gudbrandsdalen''' (eller lokalt berre Norddalen) er ei nemning med fleire tydingar, der to er mest brukt: øvre delen av hovuddalføret i Gudbrandsdalen, med kommunane [[Les...)
(Ingen forskjell)

Sideversjonen fra 19. okt. 2009 kl. 19:27

Nord-Gudbrandsdalen (eller lokalt berre Norddalen) er ei nemning med fleire tydingar, der to er mest brukt: øvre delen av hovuddalføret i Gudbrandsdalen, med kommunane Lesja og Dovre, eller alle kommunane ovafor Nord-Fron, der også Sel, Vågå, Lom og Skjåk inngår.[1] Desse blir òg rekna å høyre til Ottadalen (rett nok berre ein del av Sel).

Norddalen vart eige futedømme ved frådeling frå Gudbrandsdal futedømme i 1860. Da var òg Nord- og Sør-Fron inkludert, men Sør-Fron vart snart overført til Sørdalen.

Norddalen var truleg eige sorenskriveri frå det embetet vart oppretta sist på 1500-talet. Dette omfatta tinglaga i Lesja, Vågå, Lom og Fron. Frå 1699 til 1731 var dei to sorenskriveria i dalen samanslege.

Kjelde