Nordmøring

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 14. nov. 2007 kl. 00:49 av Olve Utne (samtale | bidrag) (Ny side: :''Denne artikkelen handlar om språkforma nordmøring. For folk frå Nordmøre, sjå '''«Nordmøringar»'''.'' ---- '''Nordmøring''', òg kalla '''nordmørsdialekt''', '''nordmø...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne artikkelen handlar om språkforma nordmøring. For folk frå Nordmøre, sjå «Nordmøringar».

Nordmøring, òg kalla nordmørsdialekt, nordmørsmål og nordmørsk, er den tradisjonelle språkforma av norsk som blir tala på Nordmøre, på Eidsøra i Nesset kommune i Romsdalen og i Hemne kommune i Sør-Trøndelag. Nordmørsdialekten, som saman med fosendialekten og ytre namdalsmål blir klassifisert under den uttrøndske gruppa av trøndske målføre, har tjukk l i ord med historisk L, kløyvd infinitiv, jamvekt med varierande grad av vokaljamning, ein del apokope, ulik bøying av sterke og svake hokjønnsord, ein del palatalisering i trykktung og (oftast) trykklett staving, og dativ (ikkje i bymål, berre i eldre mål på Smøla og i Hemne, og på vikande front elles òg blant dei som er fødde etter 1970). Trekk som varierer mykje mellom dei ulike underdialektane på Nordmøre er tjukk l av historisk (berre ytre Nordmøre), monoftongisering i innlyd (ikkje sunndalsdialekt, sunndalsøramål, kristiansundsdialekt og hemnværing), handsaming av korte trykksterke stavingar (delvis haldne som kortstavingar i eldre mål frå Eidsøra til innersida av Tustna og i Rindalen; stort sett lenging av konsonanten dei fleste stadene; og mest lenging av vokalen i sunndalsdialekten).

Viktige underdialektar

  • Kristiansundsdialekt — eit typisk bymål med sterke trekk frå fosenmålet. Dativ manglar, diftongane ei/øy/au er i all hovudsak bevarte; svake hokjønnsord har -a i bunden form eintal.
  • Sunndalsøramål (øramål) —
  • Sunndaling (sunndalsdialekt, sunndalsmål) —
  • Rindaling (rindalsdialekt, rindalsmål) — dannar ein overgang til inntrøndsk. Svake hokjønnsord har -a i bunden form eintal.
  • Aurgjelding (auredialekt, auremål)
  • Hemnværing (hemnedialekt, hemnemål)

Ordtilfang

Liste

Litteratur

  • Grip, Olav: Målet i Aure. Hovedoppgave, Universitetet i Oslo, 1945?. [1]
  • Jenstad, Tor Erik: Sunndalsmålet : bygde- og sentrumsmål : med hovedvekt på lyd- og formverk. Hovedoppgave i nordisk - Universitetet i Trondheim, 1982 II. (314 bl. : kart.) [2]
  • Jenstad, Tor Erik: Eit nytt sentrumsmål veks fram : drag frå talemålet til ungdom på Sunndalsøra. (Skrifter / Nordisk institutt, Universitetet i Trondheim ; 5.) Trondheim (Tapir), 1983. (112 s.; bibliografi) ISBN 82-519-0588-5 [3]
  • Jenstad, Tor Erik: Sunndalsmålet : eit grensemål på indre Nordmøre. (Norske studiar ; 4) Oslo (Novus), 1985. (308 s.) ISBN 82-7099-110-4 [4]
  • Moe, Eilert: Ei lita utgreiding um stavingsdeling i Rindalsmaale : serleg um deling paa vokal. (Kristiania Videnskapselskaps Forhandlinger ; 1914:2.) Kristiania (Dybwad), 1915. (43 s.) [5]
  • Moe, Eilert: Tonelagstilhøve i rindalsk : med umtale av nokre eksperimentale freistnader på Det fonetiske institutt. (Kristiania Videnskapsselskaps Forhandlinger ; 1922:1 Opuscula phonetica Instituti phonetici Universitatis Regiae Fredericianae ; 1.) Kristiania (Dybwad), 1923. (67 s. : ill.) [6]
  • Moe, Eilert: Todalsmålet (Nordmøre) / ved Eilert Mo. (Norske målføre ; 6.) Oslo (Studentmållaget), 1922. (35 s.) [7]
  • Tranøy, Betuel Sofus: Fra syntaksen i Smølamålet [manuskript]. Hovedoppgave - Det Kongelige Frederiks universitet, 1925. [8]