Notlag i Austefjordområdet: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Kategori: Sjøbru >> Kategori: Sjøbruk i Volda kommune (Hugs på å kategorisere innanfor kommunen.))
m (Ny info)
Linje 29: Linje 29:

==Strukturendringar==
==Strukturendringar==
Kor mange notalag som har vore i Austefjordområdet er ikkje lett å få dokumentasjon på. Litt dukkar opp, pr 2012 har ein skriftleg informasjon tilbake til 1836 i tillegg til muntlege forteljingar. I 1836 var det ei strukturendring. Det gamle Østefjordens Notlag med notlageigarar, truleg frå Årset og Håvik og langt framover Austefjorddalen vert delt i to eller tre med same grunngjeving som 150 år framover i tid. Det vart for mykje folk i notlaget grunna lettare drift. Ser ein på namn på noteigarane er laga organisert slik at dei har eigarar ved fjorden som ser etter fisk og får ut nota, så ropar ein "notabod" framover dalane til eigarane for å gjere det verkelege tungarbeidet, å få fram nota og stengje eller ta seg av fisken. Med spreidd busetnad og tungvint varsling og samling av folk verkar det som grannelag ved fjorden med lettare varslingsrutinar fungerte best og vann konkuransen om fisken og vart dei som heldt ut lengst.  

{{thumb|Holsvik notlag ca 1910 a.jpg|Holsvik notlag}}
{{thumb|Holsvik notlag ca 1910 a.jpg|Holsvik notlag}}

Linje 48: Linje 48:
*[[Austefjord notlag/Østefjorden Notlag]] det verkeleg gamle notlaget i inste Austefjorden.
*[[Austefjord notlag/Østefjorden Notlag]] det verkeleg gamle notlaget i inste Austefjorden.
*[[Geitvik notlag]] ei fantastisk historie om notkjøp. Avskrift av sjølbiografi av Hans H. Geitvik.
*[[Geitvik notlag]] ei fantastisk historie om notkjøp. Avskrift av sjølbiografi av Hans H. Geitvik.
*[[Grusnes notlag|Grusnes eller Grasnes notlag]] vart oppretta og bygde naust i Grasneset i 1836, i 1880 Lars Botnen som bas og eigarar heilt til Eide
*[[Grusnes notlag|Grusnes eller Grasnes notlag]] fortsette med naust i Grasneset i 1836 på leigd Holsvikgrunn som eine laget etter delinga av Østefjordens Notlag. I 1880 ved inngåing av ny grunnkontrakt med Lars Botnen som bas og eigarar heilt til Eide
*[[Haraldedal notlag]] eller Sundalsnotalaget med naust utom Vollane på Holsvikgrunn og eigarar i Gjersdal og Sundal
*[[Haraldedal notlag]] eller Sundalsnotalaget med naust utom Vollane på Holsvikgrunn og eigarar i Gjersdal og Sundal
*Hjattåbygda, indre
*Hjattåbygda, indre

Sideversjonen fra 20. nov. 2012 kl. 20:26

Kart over indre del av Austefjorden

Notlag i Austefjordområdet. Fjordagardane på Vestlandet har hatt behov for matauk meir enn det garden kunne gi, slik var det også på gardane i Austefjorden i Volda. Dette var meir naudsynt i gamledagar enn no. Gamle dagar er vel ikkje så langt att i tida i denne samanheng. Ser ein på korleis det var i 1930-åra, så var det ikkje så mykje kontantar mellom folk. Gardane var små så maten frå fjorden var naudsynt for både livberging og busetjing. Heimefiskje høyrde kvardagen til, og den som var heime tok del. Ein kan seie at fjorden berga liv, men nokre gonger gjekk det gale, og fjorden tok liv.

Notlag var ei organisasjonsform ein kunne finne i fjord- og kystbygder langt opp mot siste hundreårsskifte. Det var ein meir effektiv måte enn berre handsnøre eller garn. Eigardel i eit notlag har vore verdfull, det skjønar ein når ein son fekk notalagsparten i brudlaupsgåve frå far sin.

Dei fyrste nøtene det vert fortalt om var bolkenøter. Då eigde kvar part sin bolk av nota og hadde ansvar for vedlikehald av den.

Notproduksjon og vedlikehald

Nøtene var landnot/”bolkenøter” av hampetråd og å lage not og naudsynte mengder tau var arbeidssome greier.

«Dei batt garn og not sjølve. Kona på garden spann tråden på rokken heime i stova. Det var ein kunst å spinne hampetråd, for dei fekk ikkje karde hampen i "krullar" som dei gjorde med ulla. Dei hengde hampen i ein kvist eller ei grein av bjørk som stod att med rokkesnelda i eit hol laga i rokken til dette bruk.»

Grunnen til bruk av den mjuke kvisten å ha hampetråden på var at dei kunne riste/halde hampen i rørsle når dei skulle lirke ut passelege mengder til å spinne jamtjukk tråd av.

Arbeidsfellesskapet, eit ekteskap, i kombinasjonsdrift

Historia fortel og om kor viktig samspelet mellom kvinne og mann var i kombinasjonsdrifta mellom sjø og land. Mannen gjer dei store bragdene ser det ut til, men ser ein på dei store mengdene hampetråd som gjekk med til not, garn og tau var ei dyktig gardakjering det største aktivum i kombinasjonsdrifta. Og berre tenk på slåtten.

Enkelte år har gardbrukarane knapt teke livet av ei grasbust for heile slåtten, dei har knapt nok vore på land heller. I og med at notlaga hadde oppmøteplikt etter eigarskap er dei lite til slåttekarar.

Fiskeri har alltid vore eit sjangsespel. Nokre år mykje fisk, då går prisen ned. Nokre år lite fisk men god pris. Nokre år er det ikkje korkje fisk eller pengar. Her gjeld det å stå på.

Nøter

Landnotset i Austefjordområdet fortel at for å bruke landnot og sekkjenot måtte ein vere «grunnkjend».

Strukturendringar

Kor mange notalag som har vore i Austefjordområdet er ikkje lett å få dokumentasjon på. Litt dukkar opp, pr 2012 har ein skriftleg informasjon tilbake til 1836 i tillegg til muntlege forteljingar. I 1836 var det ei strukturendring. Det gamle Østefjordens Notlag med notlageigarar, truleg frå Årset og Håvik og langt framover Austefjorddalen vert delt i to eller tre med same grunngjeving som 150 år framover i tid. Det vart for mykje folk i notlaget grunna lettare drift. Ser ein på namn på noteigarane er laga organisert slik at dei har eigarar ved fjorden som ser etter fisk og får ut nota, så ropar ein "notabod" framover dalane til eigarane for å gjere det verkelege tungarbeidet, å få fram nota og stengje eller ta seg av fisken. Med spreidd busetnad og tungvint varsling og samling av folk verkar det som grannelag ved fjorden med lettare varslingsrutinar fungerte best og vann konkuransen om fisken og vart dei som heldt ut lengst.

Holsvik notlag

Tillet ein seg litt spekulasjon i tillegg til det ein kan dokumentere har det før ca. 1830 ei tid vore to notlag innanfor Furneset. Eit notlag Høydalen og Hjartåbygda med grense Håvik og Årset. Med ytre grense Håvik og Årset har Østefjordens Notlag eigarar langt framover Austefjorddalen. Heilt til Osdalen dreiv folk vinterfiskje og var båtvande. Strukturendringa ca. 1830 gir truleg fem notlag. Strukturendring i drifta er kontinuerleg i form av kjøp og salg av lutar/partar med ein topp mellom 1880 og 1910. Ny endring kjem omlag 1930 med nedjustering til under ti mann oppmøte pr. lag. 1946 -1952 vart det innkjøpt større motorbåtar og snurpenøter i dei laga som satsa på vidare drift. Desse gav ein del utbyte ein ti års tid. Den siste store endringa kjem i 1960 - 1965. Inntektsgrunnlaget fell vekk i dei store felles notlaga. Nøtene blir lettare og dei som driv vidare er dei "spesielt interesserte" som no driv som enkeltmannsføretak. 2012 er det framleis litt slik notdrift, men ei epoke lang fjordane er på hell.

Notlag

Rundt 1950 var det fire notlag som omfatta bortimot heile bygder, eller grannelag.

  • Holsvik notlag hadde i fylgje den munnlege historia naust og båt i Grusneset/Grasneset, seinare naust, not, nothenge og båt i Holmen, Holsvika.
  • Høydal notlag var i Høydalen og omfatta mest heile bygda, vart gjerne kalla stornotalaget.
  • Håvik notlag hadde fyrst naust i Håvika, så laga dei nothenge og framtrekk for båtane i Skorneset.
  • Årset notlag hadde fram til 1952 naust og båt på Årset, så base på Aurstad med naust og nothenge.

Dei tidlegaste nøtene var landnøter og «sekkjenøter», sjå modellar på Austefjord Museum. Her trongst det og ein del folk for bruk. Frå 1836 finn ein munnlege overleveringar og skriftleg informasjon om kastenøter organisert som bolkenøter. Informasjonen frå 1836 fortel om endring frå tidlegare, dermed er notbruk ein tradisjon som allereide er gamal i området. Eigarane måtte lage sin notbolk sjølv, dermed låg det ein stor innsats i å delta i notlag.

Sildesteng ved Høydalsneset
  • Austefjord notlag/Østefjorden Notlag det verkeleg gamle notlaget i inste Austefjorden.
  • Geitvik notlag ei fantastisk historie om notkjøp. Avskrift av sjølbiografi av Hans H. Geitvik.
  • Grusnes eller Grasnes notlag fortsette med naust i Grasneset i 1836 på leigd Holsvikgrunn som eine laget etter delinga av Østefjordens Notlag. I 1880 ved inngåing av ny grunnkontrakt med Lars Botnen som bas og eigarar heilt til Eide
  • Haraldedal notlag eller Sundalsnotalaget med naust utom Vollane på Holsvikgrunn og eigarar i Gjersdal og Sundal
  • Hjattåbygda, indre
  • Hjartåbygda, ytre
  • Leite notlag naust og nøter i Pøyten på Leite
  • Løfoll notlag med naust og not på Løfoll.
  • Leirvik, Johannes f. 1898, kjøpte kyrkjebåten «Bugakyra» med naust i Botnen til fiske- og føringsbåt og brukte not frå ein færing
  • Maaen notlag nøtene frå Grasnes notlag. Naust i Trongestøda på Årset
  • Kjeldearkiv: Strånota
Austefjorden. 2007

Etter at dei store notlaga la ned drifta 1960 til 1965 og det om lag samtidig kom nylonnot, vart notbruk mykje lettare. Eit menneske kunne no gjere arbeidet det tidlegare var behov for mykje meir folk til med dei tunge hamp- eller bomullsnøtene. Desse notlaga var enkeltmannsføretak:

Aarset, Hans f. 1936.
Aarset, Kaspar f. 1922.
Årsetøy, Knut f. 1925.
Hamre, Jon f. 1907.
Holsvik, Lars f. 1915.
Høydal, Johannes L. f 1900.
Høydalsvik, Einar f.1920.
Håvik, Håkon f. 1936.
Håvik, Inge f. 1941.

På lenkjene for kvart notlag vert det etterkvart lagt ut opplysningar. Desse vert supplert etter kvart som ein får fram informasjon. På kvart notlag kjem også informasjon om båtane som laget eigde eller leigde. Bilde kjem også på plass etter kvart.

Kjelder