Austefjord notlag/Østefjorden Notlag
Østefjordens notlag | |
---|---|
Kjeldeinformasjon | |
Navn: | Martinus Harald Olai Holsvik |
Født: | 16.09.1843 |
Død: | 06.02.1893 |
Tema: | Østefjordens notlag |
Sted: | Austefjorden (Volda) |
Tidsrom: | Ukjend tid – 1880, delt i fleire notlag 1836 |
Nedtegnet: | 1870 - 1890 |
Metode for nedtegning: | Her er brukt informasjom om not- og fiske-delen i Rekneskabsbog for Østefjordens Notlag av Martinus Holsvik (1843 - 1893) etter avskrift frå originalmanus. Avskrifta er gjort av Jostein Fet ca. 1970, bokstavrett etter forfattar |
Viktig: | Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator. |
Organisering
Østefjordens Notlag i Austefjorden (Volda) har vore i drift i ukjend (”frå alders tid”) tid og har tilhald i Grasnes/Grusnes fram til 1880 då dei skiftar namn til Holsvik notlag og flyttar utstyret sitt til Holsvikholmen. Nota er organisert som lutlag med heile- og halvelutar. Heil lut har pliktig oppmøte med to mann. Halv lut har pliktig oppmøte med ein mann. Nota har regulering etter den gamle notlova.
Notproduksjon og vedlikehald
Nøtene var landnot/”bolkenøter” av hampetråd og å lage not og naudsynte mengder tau var arbeidssome greier.
«Dei batt garn og not sjølve. Kona på garden spann tråden på rokken heime i stova. Det var ein kunst å spinne hampetråd, for dei fekk ikkje karde hampen i "krullar" som dei gjorde med ulla. Dei hengde hampen i ein kvist eller ei grein av bjørk som stod att med rokkesnelda i eit hol laga i rokken til dette bruk.»
Grunnen til bruk av den mjuke kvisten å ha hampetråden på var at dei kunne riste/halde hampen i rørsle når dei skulle lirke ut passelege mengder til å spinne jamtjukk tråd av.
Flytting til Holsvikholmen
Flyttinga til Holsvikholmen i 1880 skal i fylgje munntlege overleveringar henge saman med at Holsvika fekk flytte fjellbeitinga og selet sitt til Skinviksetra, dette skulle vere betaling for bruk av grunn til notlaget så lenge behovet var der. Ein finn ikkje avtalt grunnleige på anna vis i Holmen, så kva som er heilt rette opplysingar er det ikkje like lett å svare på.
Strukturendringa 1836
Når rekneskapsbok for Østefjordens Notlag startar gjengir Martinus grunnleigekontrakt med eit notlag som skal bygge seg naust og treng tørkeplass i 1836, Grusnes notlag. Ny kontrakt med same notlag er inngått i 1880. Ein finn og fyrste notata om Årset notlag med naust på Årset frå 1836.
Dette fortel om ei strukturendring. Østefjordens Notlag notlag har i 1836 for mykje folk og er delt i to eller tre der eit av laga fortset drifta med det gamle namnet til 1880. Ser ein på namna på deltakarane i dei nye laga har dei fått ei praktisk organisering der ein del av deltakarane bor ved sjøen og har til oppgåve å sjå fisken og få ut i nota. Så ropar ein ”notabod” fram gjennom bygdene for å samle folk til det verkelege tungarbeidet.
Eigarskap og driftsform
Martinus skriv nokre gonger kven som betalar eller får utbetalt midlar i notlaget. Frå desse opplysingane ser ein kven som deltek på kommentert tidspunkt og kven som har heil eller halv lut. Det syner og systemet for å kjøpe seg inn eller bli køpt ut i notlag i drift. Reguleringa føregår tydeleg etter den gamle notlova då dei ved byte av namn til Holsvik Notlag rutinemessig gjer nytt val.
Den gode Martinus kommenterar ymse ting ut gjennom dei tjue åra han skriv. For not stadfestar han det ein tidlegare har høyrt omsnakka. Nøtene i eit stort notlag er Stornot, Stengjenot, Kastenot (truleg den storbuttne Seidnota) og Lissjenot. Fisken det var kasta etter med desse var i hovudsak sild, sei og størje. I tillegg makrel, men å ta denne sommarstid med ei turr landnot av hamp var ikkje enkelt, nota sekk for seint.
Makrelen let seg ta på bukter og vikar når du kan vere på god avstand og har tid til å la nota sekke. Den er ein luring når han går etter beint land, han toler lite lyd før han reagerar (brenn av, som dei sa). Då slår han med spurden i lufta, går rett til botnen og fyl denne ut på djupt vatn. Så kjem den opp att, ser snill og grei ut og lokkar ivrige ”nothundar” til nytt bomkast.
Størja var kjend for at den var redd alt som var i sjøen og rende seg på land når ein sette not eller samanknytte garn kring den. I fjøra vart den teken imot til slakt om lag på same måte som det meir kjende grindadrapa på Færøyane.
Skriveform for namn, etter uttale
Mange etternamn har heilt anna skriveform enn 100 år etterpå. Til dømes Langevand er Langvatn, Dyvik er Djuvik og Overstad er Aurstad.
Martinus Holsvik f. 1843, sine notatar startar i år 1870 med gard-, not- og båt-opplysingar i ei bryllaupsliste når Martinus gifter seg. Her får Martinus overdrege halparten av ein heil lut i notlaget.
Eigedomsoverføring mellom generasjonane
FORSKJELIGE TING SOM MIN FADER HAR FORÆRET MIG SOM BRYLØPSGAVE I AARET 1870 DEN 12 JUNI
Halvdelen i Storenoten og Stængenoten og Kastenoten og i Nøst og Baad Halvedelen i Nøstet Halvedelen i Lilenoten Halvedelen i Kjirke Baad og Nøst
Garden, notdrifta og vinterfisket på kysten er livsgrunnlaget for den nye familia. Med overdraging av halve driftsgrunnlaget fyl også halvdelen av pliktene og vedlikehaldet.
Arbeidsfellesskapet, eit ekteskap, i kombinasjonsdrift
Historia fortel og om kor viktig samspelet mellom kvinne og mann var i kombinasjonsdrifta mellom sjø og land. Mannen gjer dei store bragdene ser det ut til, men ser ein på dei store mengdene hampetråd som gjekk med til not, garn og tau var ei dyktig gardakjering det største aktivum i kombinasjonsdrifta.
Martinus fortel eit år at han, gardbrukaren, knapt har teke livet av ei grasbust for heile slåtten, han har knapt nok vore på land heller. I og med at notlaga hadde oppmøteplikt etter eigarskap har vel ikkje dei andre gardbrukarane i notlaget vore særleg til slåttekarar heller.
Fiskeri har alltid vore eit sjangsespel. Nokre år mykje fisk, då går prisen ned. Nokre år lite fisk men god pris. Nokre år er det ikkje korkje fisk eller pengar. Her gjeld det å stå på.
Tidens gang, avskrift frå not- og fiskeopplysingane med kommentarar
I Aaret 1872 havde vi et Udmærket got Aar som jeg tidt Mere maa Beskrive. Sild og Torsk fik Folket et Rigt Udbyte af De Folk som drev Vinter fiske saa at det jorde et stort Vælstand. Over hele Søndmøre Et Velsignet got veir Havde vi ogsaa. Stilt og Mildt saa at vi til lige fik en tidlig Vaar. Vi begjynte at Pløie 23 April og fik Saakornet i jorden til Mai. Veret var fremdeles got. Med Slaaten Begynte vi den 8 Juli og slutede med Slaaten den 12 Agust. Veret var fremdeles Godt saa at ikke et Straad blev forkastet heler udskjemt som de siger. Løavlen Blev tillige med det Aller meste som den nogen sende pleie være. Potetegræset Begynte at raudne Paa sine stæder i Førstningen av Slaaten de fik ganske Lidet. Paa andre stæder stod det grønt til Bjergningstiden. Men dise fik et rigt ud byte. Men Rotfeber vilde til dels te sig. Den 14 Agust Begynte Vi at Skjære Paa Kornet. Got Veir havede vi ogsaa nu Saa at vi fik det got og Ubeskadigt i laden for noget som helst tilfelde. De som ikke fik Skjære fult saa tidligt fik en liden Snært af gror. Thi her falt Lit Regn og Stilt og Milt var Veiret. I øvrigt Ær det i hele taget et Udmerket got Aar. Veiret serdeles Udmerket.
I 1873 kjem neste kommentar på notdrift. Sommaren har vore fri for fisk, men så kjem sild, i massevis. I år oppfører den seg rart, den går fram i Fyrdselva, oppom floamålet og laksegaren (reidskap for laksefangst og lager for fersk laks og aure for salg, frå 1881 og utover kom det mange ferske middagar på bordet på Maaens Hotell herifrå) litt fram om dagens bru (2011). Silda gir mat og inntekt, då er alt i orden.
1873. I fra dette Vil jeg skride over til vor Vinter drift. Den 3 Februar 1873 Reiste vi til fisken og Onstag den 5 Februar Satte vi ud garn og Fik ogsaa Sild og en jævgod pris ifra 2 Spd Til 3 Spd 32 6 Skjeling pær Tønde. I fra Onsdag til Lørdags kveld Havede vi en 26 Spd paa Lod og det fik vi i Norden for Rondet indenfor Vor Sundet. Men Siden Blev Veret stygt saa at det tog Bort alt Fiskeri Enda det tog Ubeskrivelig Mange garn Baade torskegarn og Sildegarn enskjønt Uheldet Ramte icke os. Det drev Uheldig vis af 18 Sildegarn for os ogSaa Som vi Satte du Norden for Ronda Skjæret og der trode vi os ganske Sikre for at ikke Styge veiret Skulde rive dise Bort. Men se vor ledes det jik der drev av vist en 1000 Garn og dise Blev Bjerget i Godø og got Behandlet og vi fik i jen Vær en Grand i tæmelig got Stand. Forøvrigt har jeg intet at Bemerke. Første Fisken var Smaa i Almindelighed. Vi fik en 700 og saa fik vi Nogle og Tyve Stykker Storsed Saa at vi kalde os lykelie og vere vel til fredse. Gud Være Laavet Vi kom Lykkelig og væl jæm med Helbred og Sundhed den 20. Mars og Fant Alt got og væl jemme.
I det Aar 1873….. Den 27 Juli og den 31 Juli Havede vi et Ualmindeligt Torden Veir og Regn skjyl. Men det jik ganske snart for Bi. Paa Aarsæt hendte det at en Pige som var Paa sætren Blev ramet af et Torden Lyn og maate bærest fra stædet. Men efter en Tids forløp kom han sig. Sild Har vi enu ingen teng faat af Saa at her er en Stor Mangel omkræng Bygderne for Salt fisk. Men da det led Lenger ud paa Høsten i Oktober begynte vi at fiske Lit i garnene saa at Bygderne Her om kreng blev jolpne. Ligeledes strømmede her til en saa Stor mengde med Smaa Sild som stod ront hele Landet fra November 1873 til Udgangen af februar 1874 Saa at Man nesten til en vær tid kunde tage vad man Vilde. Tilslut stod den stablet opijenem Førs Elven lige opi Lagsegaren. Rasmus Halkjelvik holt paa at tage Sild op i Nevnte Elv i Vinter og føre Udpaa Land og Sænde med Dampen til Aalesund og fik til Pris 8 Spd pær Tønde. Det forbrugtes til Agnsild. I Blant Denne Silden kom ogsaa en Stor mengde Torsk Seid og Lyr Saa at Folket havde et stort Arbed frem i jenem Høsten og Utijenem Vinteren til at fiske Med Garn og med Not Saa at ikke i Mansmend har det Været et saadant fiskeri. I udgangen af Novæmber (1873) tog vi en 13 Hundrede torsk med Noten og flere gange fik vi ogsaa gode Slumper men jeg husker ikke regtig talet. Men det kan være det Same Fisket var gaat. Arbeidstiden jik bort og Notslitet var stort.
Den 2 Februar 1874• Reste vi til Fisken og havde fint Ver om morgenen. Men da vi kom til Volshammeren Begynte han at Stor blaase saa at vi maate tage Losji i Velsviken den Naten. Om Morgenen den 3 fik vi fint ver og kom os lykelig til Fosnavog til vort Logi og da havede vi en 2 a 3 dage stygt Ver men saa fik vi gaat Ver og fik en Sømelig god fiske og det jik ogsaa tæmmelig fort. Paa en Fjortendags tid Havde vi vad vi fik, vi fik en 40 Spd paa Lot. Vi kom jem i fra Vintersfisken den 24/3 og havde en Regtig god Vind. Men da vi kom til Skornæset Møtte vi Isen og maatte Læge Baaden paa trongestyden og saa fik vi os en færings Baad inde i Skora. Og der i fraa maatte vi bruge foten saa at vi blev trætte af den veislæbe.Den følgende Dag Maate vi kjøre vort spark (utstyr) i fra Haavik. Næste Uge tok han bort Isen saa at vi fik vores Baad ind i Nøstet. Smugt og Milt veir havde vi saa at det saag ud til en tidlig Vaar. Men se vor det jik. I April Maane Tørke og Kalt. I førsningen af Mai Lige dant. Om kreng Pins helgen var han lit Varmere men saa var det aligevæl tort. I Juni Begynte Han at Regne og Sneje Kold og ubehagelig, saa at det ikke vilde mone paa jorvegen, i sær fra den 7 Til den 13 Var det et helt Sodoma. Den 14 klar og varm og ganske Stil.
For 1874 er notfisket kommentert under 1873 på den måten at fisket varte ut februar 1874. Ikkje kommentert på sommar.
Det tegner sig til Storm og Stygt veier. Torsdag da vi reiste jemen (heimanfrå) i Øra dato den 25 Februar 1875 fik vi en Vakker dag føielig og god vind saa at vi kom os Lykelig og væl frem til vort Logi i Fosnavogen kloken 5 om kvelden. Onsdag Torsdag Fredag Lørdag og Søndag Storm og slut saa at det ikke var at tenke paa at bruge søen i dise dage Med untagelse av Lørdag var en del Ude for at trekke Torskegarn og saa vit jeg ved fik de ogsaa fat paa det de søgte efter og om Lørdagskveld Laante vi os Tvo Torsker og Lod dem Smage os Væl. Mandag Tirsdag Onstad Torstag og Fredag Stygt og uroligt Ver saa at vi maatte Lige trygt paa Landet. Lørdag den 6 Februar Var vi paa søen og havde et Udmerket got Veir og Fik til bytte 135 Torsk Pris 13 Skjeling Pær styke med tilleg at vi skulde faa skjære A1e ryge og saa skulde vi faa en del Hod naar vi reiser jem. Der næst skal jeg bemerke at Erik Langvand drog en Kvete paa om trent 12./. Vog og saa fik vi 6 brøsme og det var vort hele dags Fiske i dag. Søndag den 7/3 Smugt og gat ver. Mandag gat Ver og vi var paa Søen og fik 10 Torsk. Tirsdag Ligesaa gat ver og vi var paa søen og da fik vi 97 Torsk. Onstag reste vi sør onda til Stat Landet og Satte Sildegarn paa og tog os Logi i Borgondvog. Torstag Drog vi og fik nesten ingen ting og saa forsate vi vor res Nor over og kom os til bage til fosnavog. Fredag var vi Her ufte paa Søen og fik ingen teng. Lørdag fik vi 42 Torsk l Longe og en Sed og 3 Brøsmer. Det ær nu saa fiske 1øst at det ser ud til et Uaar. I dag den 19/3 Er det Taaget fint Sødlig - Jeg skal bemerke at den Hele Uge har været got og Smugt ver Men ganske fiske løst. Torsdag var vi Ut og nor om dybet og fik bare 2 Torsker . , Fredag Laag vi jeme.Lørdag reiste vi kloken 2 om Naten Ut og Nor om dybet og da fik vi 75 Styker Torsk og vi fik en føielig god Norden vind af Søen Saa at det var rent paa et Overlag. I dag Søndag ær Veret Smugt og Vakkert….. Det Mislige ved dette Aars Udgang var Sildefisket . Det blev ikke det aller minste Nodfiske, paa Sildegarn fik vi saa meget at vi vare Selvbergede og Væl saa - Vinter Torskefisket jeik ogsaa meget forskjeligt af sig. Jeg for min del har gudske laav ikke noget at klage. Vi var ganske heldige vi fik 2800 Styker og 12 a. l3 skjeling pær Styke. Siden jeg kom jem ien af fisken har her ikke vært noget at bekomme af Søen som ær vært til at Nævne. Tæt for Paaske fik vi en del Makrel i Sildegarnene og han var dygtig Stor men videre fed. Den 2den Mai fik vi en del Brisling. Stor og vaker var han og rent god Smakendes.
1876 blir nøtene brukt til sild, makrel, størje og sei.Det må vere lov å anta at Kristian sild har med Kristian Bjelland å gjere (ynskjer tilbakemelding på denne tolkinga). Martinus ser nok for seg alle gongane flittige hender må flytte seg for å fylle hermetikkboksar med småfallen sild og brisling. Sjøisen er som alltid den store plaga haust og vinter.
1876 og 1877 er Martinus oppteken med løebygging og leiger tydelegvis notlaget og mange fleire for å ta ut ein skogteig på Bjørkedalen. Ein veit at det på same tid vart bygd løe i Skinvik, stovehus i Kineset og stove på Løfoll bruk 1, i alt fire hus innafor området notlaget heldt til i. Løfoll bruk 1 tok material frå eigen skog, elles var her få som hadde skog til hus. Skal tru om denne skogteigen var ei fellesdrift ? Tømmeret vart transportert til oppgangssaga i Skinvikelva og omgjort til husmaterial.
1877: Her er ein kommentar som fortel at mannen som gardbrukar mange plassar må vere ein slags hevdvunnen formalitet. Dei alltid heimeverande kvinnene/gardakjeringane var i praksis drivar og administerande direktør. Mannen var ein av og til oppmøtande styreleiar. I år har det gått i fiske: Gardbrukaren har ikkje teke livet av ei grasbust på fire veker midt i slåtten, og her i området slo dei ofte så langt til fjells det var grønt i år med små avlingar. Sonen, Martinus d. y. kommenterar dette i eit interjuv 70-80 år seinare: Det var nesten ikkje ei bust å sjå men overfarast med ljå skulle det.
1877. Tryg og stærk (sjøisen) saa at vi drog vores Fiskebaad til Aarsæt men da vi vare færdige til at reise sled han isen bort saa at vi fik vores Baad ind i jen og fik seile her i fra med en føielig godSønden Vind og kom Lykkelig til vort Logi i Fosnavogen. Og da fik vi det ganske roligt. Veiret blev stygt og ingen fisk ja lige saa at sige en Tre Fire Ugger saa at folket blev næsten haabeløse. Men saa oplugte Gud en dør og Skjengte Fisk i stor Masse under Land og Gav ogsaa et Rigt udbytte. Jeg fik 4291 Torsk og Solgte den af søen og var akuderet om 13 Skjeling til udbetaling dito 100 Sed til 6 Skjeling Stykke. Siden har vi den akord at dersom fisken bliver dyrere skal vi ærholde det om han saa blir 18 Skjeling. Fisketiden var han almindeligt stygt Ver og Lige saa frem ijenem Vaaren. Helle April har han Bestandigt Sneiet og naar det har været Oplyst har det Hværet saa Kolt at ikke i Mans mende et saa hjevænt og drygt norden Veir paa den tid har Været. For-mangel Til Kreaturer streker sig Ud over alle bygder saa at det ær en stor ynkelighed at høre. Gud ved vad vei det tager. Seid og smaasild ær Søen opfylt af paa alle kanter og de som har havt Lelighed til at være efter samme har faat Store teng af ham. Med lilenoten har vi faat engang Mai 4 Enhundrede og Segsti stykker Seid. Med Store Noten har vi været Uheldig. Vi fik bare 30 Styker og der om kan intet siges Gud raader for alt.
Martinus fortel om motvind på kyrkjeveg. Vinden heldt seg til etter vielsen, så her har eit knippe åttringsstyremenn synt seglekunstane sine og gjort heimturen på rekordtid:
……Vi fik kornet i Jorden til Pinsehelgen og 3 Dag i Pinse den 21 Mai 1877 Var jeg med Kjirken og Hans Skare og Hansine Dyvik bleve paa den dag Ægteviede af Presten Gledis og det var ikke got at komme ud paa land (Volda) den dagen. Vi begynte om Morgenen kloken 8 og kom ud til kloken 3 efter Midag men vi havde god bør paa jemveien.
Eit ”seideår”. Seien, denne kystens lasaron, er uberegneleg:
Men alige væl ær det et framgangs Aar for mig. Et saadant Aar med Sed har aldre Været i Mans Mende, det ær de som har over 1000 Sed paa Lod. Jeg har set paa den i store Masser trenget ind paa Land men jeg har ikke havt andledning at Saare den. Det var en gang vi tog med Storenoten en 800 og dito med Lile Noten en 660 Sed og Gud være laav og tak jeg har faat Store teng en Skjønt Liden tid. ………………………. Slaatten har varet til den 7 Siptember og det ær af de Grunde at sent begjynte vi og adskjilig Tide spilde har det været med Noten. Det var i 4 Uger jeg ikke tog i Liaa. Vi har nu til dags fisket paa Store Noten for 434 Spedsidaler og paa Lile Noten for 38 Sp Den 25 Agust stak jeg M H (Martinus Holsvik) en Størje paa Lile noten og den 27 R.L.f (Rasmus Løvfold) og paa Store Noten Tog vi 4 den 4 Siptember
Til den tilstundende Vinter Fiske for Aaret 1878 Reste vi den l Februar og den 19 Mars var Slutningsdagen vor, da var det forbi med fiskriet og da havede vi faaet 3620 Styker. Veret har været Meget uroligt i dette Aar saa at det ær et svært ujævnt fiske. Vi ær derfor saa at kalde den Aller beste Fiskker for Sørøingerne. Med hensyn til fiskriet har det været meget Uselt. Makrelen Har vi aldrigen i dette Aar Seeiet og i Fjor var det bare eneneste gang vi fik fat paa en Liden grand. Sildudsigter Har her aldrig vist sig det menste tegn til før den 25 Juli og da var det første Gangen. Vi var ude med Lille noten i gaar og da fik vi 5 Silder paa Lod. Silde Sorten var regtig god Bare istre Sild og StøreIse af MedelsiId.
I 1878 har notlaget gjort ei stor investering, ny gavlbåt til Stornota. Den er truleg truleg lik Storenotabåten til Årset notlag som (2012) står på Sunnmøre Museum. Det er kjøpt 1 pund sinkkvit og 1 Lod pariserblå måling. Når rigg og segl er på plass må dette ha vore eit vakkert syn i eigarane sine auge. Ser ein det i ettertid har her vore mykje båtar å halde ved like. Berre hos dei samtidige eigarane i dette notlaget var her minst tre åttringar og tre kyrkjebåtar.
I Aaret 1878 tingede vi os Ny Note Baad og det var med Sjur R.S. Strømme og Baaden var byget i Kjille af ham Sjur og af Johans Kjille. Den 20 April var jeg M. Holsvik og L. Skinvik og J. Løfold og H. Dyvik og O Skare og H. Aaslid, og J. Leite, og E.V.S. Førde Stad og hentede den jem til os og vi fik os regtig en Pæn baad
30 Spedsi Daller skulde vi betalIe for den blev vi akuderede om og 18 Spedsi Daller fik han ved Baadens afhentelse og Tolv daller stod ijen og Det blev han laavet til Pinsdag Samme Aar og dette ud jør paa vært Lod 2 Sd 1ort og 13 Skjeling paa lod ær det til sammen 2 Sd 2 ort....
Notbåten vart brukt fyrste gong 1. mai. Karane likte den dårleg. Utsagnet står i sterk kontrast til at dei tek 900 storsei og sel den til god betaling.
Poteter Rigt, og vi for vor del har ikke at klage over Raadenhed heller men det ær adskjilige. Sildefisket blev det heller ikke meget af. Vi fik saa pas paa vores Not at vi havde Salt fisk og det var ikke flere heller.
Oktober den 14 Stengt med Storenoten ien paa Folabugen
Lars E Dyvik Medsent 15 k til at kjøbe Dreg for
No er nye notbåten klar til drift og det syner og i rekneskapen som utbetaling av landlut. Det verkar som at der det er organiserte notlag går landluten til notlaga og ikkje til kvar enkelt grunneigar. Dei driftar tydelegvis i Voldsfjorden, Dalsfjorden og Ørstafjorden.
Salter pIas og Lans Lot. Salter pIas for Knud Olsen. Ole RS Omelfot Lanslot. Grasnes N.Lag Lanslot. Johanes Aarskog Lanslot. Aarsæt Notelag Lanslot. Simaa Hovede SalterpIas. Stefen Lilebø Lanslod. Ole Velsvik Lanslot. Morten ( ••. ) Lanslot. Kleppe Not Lans Lot. Logis til Simaa Velle. Rysevikernes Notelag Lanslot. Paul Fosnavog Lanslot. Ole Høidalsvik Lanslot. Gurske Notelag Lanslot
Så flyttar ein i Holsvikholmen og endrar namn til Holsvik notlag med same eigarane. Kontrakta er etter den gamle notlova. Ein ”knyter att for endane” så her ikkje skal bli krangel mellom eigarane:
KONTRAGT:
Herved opretes følgende kontragt millem Holsviks notelag. Holsviks notelag udvelger af notelaget 5 Mend forat bedømme Notens brugbarhed, og vis disse finder at en af Noteierne har saa daarlig Not at den foraarsager fiskespilde da at udenvidere tvinge den noteier til, enten at skjære det daarlige Stykke eller ogsaa skaffe ny not istedet og i tilfelde af at ubrugbar not udskjæres og brugbar not ikke indsetes saa bliver ejeren forpligtet til ved opjør at svare det derved udregnede fiskespilde. I tilfelde af at notejeren ikke selv vil skjære ud sit daarlige notstykke, saa kan de udnevnte 5 Mend udenvidere skjære ud det daarlige notstyke.
De udnevnte 5 Mand var navnlig: M Holsvik, R Løfold, L Skinvik, H Dybvik, P Aaslid
Noteiernes Navne: M Holsvik, R. Løfold, L. Skinvik, H. Dyvik, P. Aaslid, Otta Skare, J. Sundalsaas, A. Sundalsfold, J. Sundalsfold, E. Sundal, K. Sundalsfold (brukte Haue-plassen under Sundalsfoll, etternamn Sagehaug er også brukt men i dagleg tale, Haue-Knut), M. Førde, E. Førde, J. Leite.
Det er godt mogeleg opplysingane om noteigarane er rett, men L. Dyvik er nemnd som eigar både før og etter namnebyte på notlaget. Fyrdsreitane er ikkje nemnde her, men D. Maan er nemnd rett etterpå då han flyttar til Reitane. Her blir kjøpt ut ein del eigarar næraste åra og Leite notlag, Haraldedal notlag og Maaen notlag kjøper Grusnes notlag. Strukturendringane held fram.
1880. Dette året er der notert ein del om båt:
Ole Aarsæt Øe (Øya-Ola) har berga gamlenotabåten og fått ei krone for det. Han er nemnd to gonger i rekneskapen med forskjelleg namn. Heiter og Ole Haavik Øe og får seg ei krone til.
Dei kjøper ein brukt kyrkjebåt på Hestenesøyra i Norfjord og fører nøye rekneskap med den. Denne båten er eine alternativet til Lissjenotabåten, denne er i alle fall ombygd frå ein kyrkjebåt.
REISEN TIL NORFJOR EFTER KJIRKEBAAD
Kjøbet 39. 12 kroner
Fragt paa Damskipet fraa Eidet til Hestenes pær person 85 Øre
Dito 85 Øre
Fragt for Baaden frå Hestenes til Naustdal 2 k 15 Øre
For Pærsonerne 60 Øre
Dito 60 Øre
Kjørsle Over edet 5 k 49 k 5 Øre
Vaksnekarane på Bjørkedalen fortel at det var køyrt mykje båt mellom Naustdal og Kilsfjorden gjenom Hjelmelandsdalen og over Bjørkedalsbrekka på ”långskjækje” (ei hestevogn med flyttbar hjulaksel og spettdriven påløpsbrems). Brukt opp til trerøringsstørrelse på båt og til frakt av stokkar til saga og matarial heim att for å unngå rusk i stokkane.
I overgangen til Holsvik notlag set dei i gang og bygg nytt nothus. Oversikta over diverse til nothuset har oddetal på stavar og sperrer, dette kan truleg tolkast slik at dei brukar oppatt material frå naust som står der frå før.
Dei betalar leig for trerøring og for 1886 er det notert at dei tek eit kast med storseid på Holsvika på 5200 stykke og det blir omsett notpartar og nye notlag oppstår.
En Notpart indkjøbt af L. Leite. Dette bliver per Lod kr. 60,29
Østefjordens notlag blir Holsvik notlag
Boka sluttar tolv år inn i Holsvik notlag og gir god innsikt i endringane der ein justerar partseigarane og satsar på ny båt og utvida driftsområde for å betre inntekta til dei gjenverande deltakarane. Ser ein på etternamna til deltakarane i Østefjorden Notlag og tenkjer på det moderne begrepet, strukturendring (2011), kan ein stille seg fylgjande spørsmål: Dekte Østefjordens Notlag før 1836 området frå Årset og Håvik til Eide ? 1836 skriv Grasnes/Grusnes Notlag kontrakt ned Holsvik om nausttomt og turkeplass. Elias JS Overstad/Aurstad er ein av underskrivarane. 1836 startar fyrste tilgjengelege notat i Årset Notlag. Er desse tankane brukbare er det gamle Østefjorden notlag gjenom strukturendring/oppdeling grunna stadig lettare nøter og enklare drift opphav til dei fleste påfylgjande notlag i inste Austefjorden fram til 2010.
Notaset / notakast
Notakasta, sjå Landnotset i Austefjordområdet måtte alle som skulle setje landnot kunne, elles vart det unødig mykje reparasjonar av nøtene. Stein på botnen vart kalla «hengje». Notakarane visste om dei forskjellige hengja var lette eller vanskelege å hanskast med. Ved bruk av snurpenot var det ikkje kasta heilt ved land ein måtte kunne, men djupne og tilhøve på botnen der det var i minste laget djupt.
Kjelder
- Austefjord Museum
- Notfiske i Austefjorden, eit hefte utgjeve av Austefjord Museum
- Reknskapsbog for Østefjordens notlag 1870 – 1890 (Holsvikannalane) av Martinus Holsvik, her ei avskrift av Jostein Fet ca. 1970 etter original som skal vere oppbevart på Ålesund Museum
Informantar
- Nille f. Botn Djuvik (1883 - 1971)
- Forteljartradisjon etter Endre Nes (1898 - 1981)
- Høydalsvik, Oddvar E. f. 1951
Austefjord notlag/Østefjorden Notlag er ein del av prosjektet Kulturminneregistrering i Volda og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Artiklar i Kjeldearkivet skal ikkje endrast, bortsett frå at lenkjer kan leggjast inn. Fleire artiklar finn du i denne alfabetiske oversikten og på prosjektforsida. |