Ola O. Skjaak

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 24. mar. 2012 kl. 06:46 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Ny side: Ola O. Skjaak (fødd i Skjåk 29. oktober 1836, død same stad 15. september 1921) var gardbrukar, lokalpolitikar og norskdomsforkjempar. Han var [[Ordførarar i Skjåk kommune|ordf...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Ola O. Skjaak (fødd i Skjåk 29. oktober 1836, død same stad 15. september 1921) var gardbrukar, lokalpolitikar og norskdomsforkjempar. Han var ordførar i Skjåk i to periodar (Venstre). Han var fødd på Uppigard Skjåk, men vart med ekteskapet gardbrukar i Øvre Brekk, og blir derfor ofte omtala som Ola Skjåk i Brekk. Namnet hans blir skrive i mange variantar, og det er ikkje heilt på det reine kva han sjølv føretrekte. Ein del etterkomarar nyttar etternamnet Skjaak Bræk.


Familie

Foreldra hans var Ola Gudbrandsen Skjåk (1800-1873) og hans fyrste kone Livø Olsdotter Bøje (1809-1847). Dei var gardbrukarar på Uppigard Skjåk, ein av dei største gardane i bygda.

Ola gifta seg i 1868 med Gunhild Rolvsdotter Bræk (1843-1924). Ho var dotter til gardbrukar og fanejunker Rolv Rasmussen Bræk (1813-1902) og hans fyrste kone Torø Jonsdotter Gran. Ola og Gunhild overtok Øvre Brekk, der faren hennar og stemora Susanne Beichmann Bræk er føderådsfolk i folketeljinga 1900. [1]

Ola og Gunhild fekk desse borna:

  • Olaf, f. 1869, utvandra til Amerika.
  • Rolv, f. 1872, døydde som toåring.
  • Rolv, f. 1875, banksjef på Hamar.
  • Tora, f. 1878, g.m. Erik Eriksen Vange (f. 1881), tok over foreldregarden Øvre Brekk
  • Gudbrand, f. 1880, banksjef på Eidsvoll. Han var far til Ola Skjaak Bræk, banksjef i Ålesund og statsråd.
  • Live, f. 1882, utvandra til Amerika.

Ola og Gunnhild var føderådsfolk i Øvre Brekk etter at dottera overtok garden, truleg frå 1904, da Tora gifta seg.[2]


Politikk og tillitsverv

Ola O. Skjaak sat i kommunestyret i Skjåk seinast frå 1884 og heilt til 1911.[3] Han var ordførar i to periodar, 1890-1891 og 1898-1901. Han var venstremann, og avløyste fyrste gongen leiaren for dei kristeleg-konservative i bygda kyrkjesongar Ole Lund som ordførar.

Han sat i styret for Skjåk almenning i 20 år (1879-1899).

Han var medlem av det fyrste forstandarskapet og styret i Lom og Skjåk sparebankLenketittel, og seinare formann i styret i mange år.


Målsaka

Referansar

  1. Folketeljinga 1900
  2. Folketeljinga 1910.
  3. [Skjåk 1966:26-30. Litt uvisse hefta ved namnet der det berre er skrive Ole Skiaker. Det kan ha vore nevøen Ola G. Skjaak.]


Kjelder og litteratur

  • Folketeljinga 1900.
  • Folketeljinga 1910.
  • Skjåk bygdebok bd. 3 side 401.
  • Bruheim, M. Skjåk ålmenning 1798-1968, utg. av Skjåk almenning 1969.
  • Ættebok for Skjåk I,25,2 og 221,1; II,176,2; II,215,1