Olav Aukrust: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 24: Linje 24:


== Ein sosial og kulturell bygdeelite - lokalt og regionalt ==
== Ein sosial og kulturell bygdeelite - lokalt og regionalt ==
Også ut over dette ekteskapet var det nært skyldskap og svogerskap og tett ideologisk fellesskap mellom familiane Aukrust og Blekastad. Kva meir er, familiane kan seiast å ha tilhøyrt eit nettverk av norskdomsfolk og kulturpersonlegdomar knytta særleg til den folkehøgskule- og friskuleverksemda som hadde blomstra i Gudbrandsdalen frå 1860-åra av. Målstrev og frilynt ungdomsarbeid var ein sjølvsagd ingrediens i dette miljøet.
Også ut over dette ekteskapet var det nært skyldskap og svogerskap og tett ideologisk fellesskap mellom familiane Aukrust og Blekastad. Kva meir er, familiane kan seiast å ha tilhøyrt eit nettverk av norskdomsfolk og kulturpersonlegdomar knytta særleg til den [[folkehøgskule]]- og [[Friskule|friskuleverksemda]] som hadde blomstra i Gudbrandsdalen frå 1860-åra av. Målstrev og frilynt ungdomsarbeid var ein sjølvsagd ingrediens i dette miljøet.


== Skulegang og sjukdom ==
== Skulegang og sjukdom ==
Olav gjekk berre fem år i folkeskulen (allmugeskulen), openbert av di han var uvanleg skuleflink. Som 12-åring byrja han på den toårige framhaldsskulen som ambulerte mellom Lom og Skjåk. Fyrste vinteren (1895-1896) var skulen på [[Geisar]] i Lom, så da kunne han nok bu heime. Da skulen året etter var i Skjåk, måtte 13-åringen bu borte i skuletida. Dei to neste åra hjelpte han til på heimegarden. Vinteren 1899-1900 gjekk han [[amtsskole|amtskulen]] på [[Vignes]] ved Lillehammer. Aukrust hadde planar om å bli forstmann, og søkte hausten 1900 på [[Statens skogskole i Kongsberg|skogskulen på Kongsberg]]. Han var for ung til å kome inn, så han vart igjen verande heime eit år. I folketeljinga 1900 finn vi han som gardsarbeidar på heimegarden.<ref>{{folketelling person|pf01037080001906|Olav Aukrust|1900|Nordgard Aukrust i Lom}}</ref>
Olav gjekk berre fem år i folkeskulen (allmugeskulen), openbert av di han var uvanleg skuleflink. Som 12-åring byrja han på den toårige framhaldsskulen som ambulerte mellom Lom og Skjåk. Fyrste vinteren (1895-1896) var skulen på [[Geisar]] i Lom, så da kunne han nok bu heime. Da skulen året etter var i Skjåk, måtte 13-åringen bu borte i skuletida. Dei to neste åra hjelpte han til på heimegarden. Vinteren 1899-1900 gjekk han [[amtsskole|amtskulen]] på [[Vignes]] ved Lillehammer.  
 
Aukrust hadde planar om å bli forstmann, og søkte hausten 1900 på [[Statens skogskole i Kongsberg|skogskulen på Kongsberg]]. Han var for ung til å kome inn, så han vart igjen verande heime eit år. I folketeljinga 1900 finn vi han som gardsarbeidar på heimegarden.<ref>{{folketelling person|pf01037080001906|Olav Aukrust|1900|Nordgard Aukrust i Lom}}</ref> Han fekk ta til på Kongsberg i september 1901. Da hadde han allereie hatt i ri med giktfeber. Eit nytt åtak av giktfeber og dertil leddtuberkulose, gjorde at han måtte avbryte skogskulen og leggjast inn på [[Dr. Jervells klinikk]] i Kristiania. Han måtte amputere ein finger på venstrehanda. Dette var særleg sårt for den unge Aukrust, da han og også hyste draumar om ein musikalsk karriere. Sjølv med handikappet var han ein habil felespelar, og dyrka særleg den lokale folkemusikken.


== Folkehøgskulemannen ==
== Folkehøgskulemannen ==

Sideversjonen fra 13. des. 2014 kl. 07:33

Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Mal:Thumb høyreOlav Aukrust (fødd i Lom 21. januar 1883, død same stad 3. november 1929) var folkehøgskulemann, folkeminne- og folkekunstsamlar, men framfor alt diktar. Han er ein av dei aller fremste lyrikarane i norsk litteratur.

I form og innhald innbyr Olav Aukrusts dikting både til begeistring og til sterke motforestillingar. Dikta hans er på den eine sida prega av ekstatisk, visjonær religiøsitet, og på den andre sida av ein ytterleggåande norskdomsideologi. Naturmystikken er eit berande element både i nasjonalismen og religiøsiteten. Hans språkkunst og suverene rådemakt over litterære verkemiddel er vanskeleg å overgå. Men bruk av lite kjende, til dels nyskapte ord og vendingar, mykje basert på dialekt og norrøne røter, kan verke som ein barriere for nye lesarar.

Dei nasjonalromantiske vyene om ei germansk, nordisk og norsk kulturell atterføding står i fokus hjå Aukrust, og han set seg som mål som sjåar og skald å påpeike og utløyse den nasjonale stordom i språk, kultur og sjeleliv. Det vil skje i ein syntese av norrøn kraft og kristen forklåring, symbolisert i det Aukrust sjølv kallar det «olsoknorske», med referanse til Olav den heilages kristningsverk. Realiseringa eller frigjeringa av den ekte norske folkeånd skal nåast i ei trinnvis foredling med inspirasjon frå det fjellnorske og genuint bondenorske via det landsnorske til det olsoknorske. Sagt på ein annan måte vil Aukrust bevege seg frå det lokale over det nasjonale til det universale, som også det olsoknorske i røynda representerer.

Aukrust er blitt omtala som «en av de store kristne mystikere i europeisk diktning» (Ørnulf Hodne). Om livssynet var djupt kristent, var Aukrust også tydeleg påverka av Austens religionar og mest direkte av teosofien og antroposofien.

Familie

Olav Aukrust var fødd og oppvaksen på Nordgard Aukrust i Bøverdalen i Lom, som hadde vore slektsgard i generasjonar. Foreldra var gardbrukarparet Olav Olsen Aukrust (1851-1931) og Mari Pålsdotter frå Uppigard Andvord (1864-1936).

Olav var eldst i ein syskenflokk på fem:

Olav opplet odelsretten til garden til eldste broren Paal, som var fødd mindre enn eit år etter han sjølv.

Olav Aukrust gifta seg sommaren 1911 med Gudrun Blekastad (1887–1984), dotter av skulemannen og forretningsdrivande Ivar Blekastad (1850–1936) og Torø Ofigsbø (1858–1929). Olav og Gudrun hadde vore trulova frå 1907.

Ein sosial og kulturell bygdeelite - lokalt og regionalt

Også ut over dette ekteskapet var det nært skyldskap og svogerskap og tett ideologisk fellesskap mellom familiane Aukrust og Blekastad. Kva meir er, familiane kan seiast å ha tilhøyrt eit nettverk av norskdomsfolk og kulturpersonlegdomar knytta særleg til den folkehøgskule- og friskuleverksemda som hadde blomstra i Gudbrandsdalen frå 1860-åra av. Målstrev og frilynt ungdomsarbeid var ein sjølvsagd ingrediens i dette miljøet.

Skulegang og sjukdom

Olav gjekk berre fem år i folkeskulen (allmugeskulen), openbert av di han var uvanleg skuleflink. Som 12-åring byrja han på den toårige framhaldsskulen som ambulerte mellom Lom og Skjåk. Fyrste vinteren (1895-1896) var skulen på Geisar i Lom, så da kunne han nok bu heime. Da skulen året etter var i Skjåk, måtte 13-åringen bu borte i skuletida. Dei to neste åra hjelpte han til på heimegarden. Vinteren 1899-1900 gjekk han amtskulenVignes ved Lillehammer.

Aukrust hadde planar om å bli forstmann, og søkte hausten 1900 på skogskulen på Kongsberg. Han var for ung til å kome inn, så han vart igjen verande heime eit år. I folketeljinga 1900 finn vi han som gardsarbeidar på heimegarden.[1] Han fekk ta til på Kongsberg i september 1901. Da hadde han allereie hatt i ri med giktfeber. Eit nytt åtak av giktfeber og dertil leddtuberkulose, gjorde at han måtte avbryte skogskulen og leggjast inn på Dr. Jervells klinikk i Kristiania. Han måtte amputere ein finger på venstrehanda. Dette var særleg sårt for den unge Aukrust, da han og også hyste draumar om ein musikalsk karriere. Sjølv med handikappet var han ein habil felespelar, og dyrka særleg den lokale folkemusikken.

Folkehøgskulemannen

Kulturvernar og smaksdommar

Diktinga

Det visjonært religiøse

Det burlesk folkelege

Den nasjonale renessansen

Antroposof?

Romantikar og fascistoid?

Bibliografi

Referansar

Kjelder og litteratur