Olav T. Kvaale: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 5: Linje 5:


Han gifta seg i 1924 med Mari O. Galde (1900-1982), fødd og oppvaksen på [[Galdesanden]] og dotter av landhandlar Ole J. Galde og Rønnaug fødd Elvesæter. Mari  var også lærar, og ho og Olav var i mange år tilsette ved same skulen, Loar i Lom. Dei fekk to søner, Torodd (1927-1995) som var journalist, og Roar (fødd 1932), psykolog. Frå 1929 budde familien i Ljosli, ein heim dei hadde bygd seg på tomt frå ein av Andvordsgardane, like ved Tor Jonsson-stugu. Diktaren [[Tor Jonsson]] vart ein familieven, om enn diktaren og Kvaale kunne ha ulikt syn på den bygdekulturen dei båe var ein del av.
Han gifta seg i 1924 med Mari O. Galde (1900-1982), fødd og oppvaksen på [[Galdesanden]] og dotter av landhandlar Ole J. Galde og Rønnaug fødd Elvesæter. Mari  var også lærar, og ho og Olav var i mange år tilsette ved same skulen, Loar i Lom. Dei fekk to søner, Torodd (1927-1995) som var journalist, og Roar (fødd 1932), psykolog. Frå 1929 budde familien i Ljosli, ein heim dei hadde bygd seg på tomt frå ein av Andvordsgardane, like ved Tor Jonsson-stugu. Diktaren [[Tor Jonsson]] vart ein familieven, om enn diktaren og Kvaale kunne ha ulikt syn på den bygdekulturen dei båe var ein del av.
== Utdanning og lærargjerning ==
Etter sjuårig folkeskule gjekk Olav T. Kvaale [[framhaldsskole|framhaldsskulen]] i Lom 1909-1910, der han hadde [[Olav Aukrust]] som lærar. Olav T. Kvaale vart sterkt oppmoda om å skaffe seg vidare utdanning, mellom andre av soknepresten i bygda, prost [[Theodor Julius Børresen|Theodor J. Børresen]]. Olav drog til Kristiania i 1912 for å ta mellomskulen ved [[Hauges Minde (skole)|Hauges Minde]]. Han tok examen artium i 1916,og avla lærarprøva ved [[Oslo lærerskole|Oslo lærarskule]] i 1917. Året etter var han lærar ved Garmo skule i heimbygda. Året 1920-1921 gjekk han lærarhøgskulekurset som [[Torstein Høverstad]] hadde sett i gang på [[Bondi]] i [[Asker]]. Sidan tok han kurs i teikning, gymnastikk og helselære.

Sideversjonen fra 11. des. 2014 kl. 21:05

Olav T. Kvaale (fødd i Lom 30. september 1895, død same stad 25. januar 1985) var lærar, og gjennom mange tiår ein sentral kulturpersonlegdom i heimbygda si. Han var verksam på mange område, fyrst og fremst som oppsedar av mange kull skuleborn, men også som eldsjel i organisasjonslivet og innan lokalhistorisk arbeid og kulturvern. Han var ein eksponent for norskdomsdyrkinga og den folkelege høgkulturen som hadde sett sitt særpreg på Lom alt frå 1870-åra av.

Familie

Olav T. Kvaale var fødd og oppvaksen på garden Kvåle på Søre Strond i Lom, som foreldra åtte og dreiv. Faren var Torkjell Pålsson Kvåle (1853-1925) og mora var Anne Olsdotter Lykre frå Skjåk (1862-1946). Olav var den åttande i rekkja av i alt 14 sysken, fødde i tidsrommet 1882-1907.

Han gifta seg i 1924 med Mari O. Galde (1900-1982), fødd og oppvaksen på Galdesanden og dotter av landhandlar Ole J. Galde og Rønnaug fødd Elvesæter. Mari var også lærar, og ho og Olav var i mange år tilsette ved same skulen, Loar i Lom. Dei fekk to søner, Torodd (1927-1995) som var journalist, og Roar (fødd 1932), psykolog. Frå 1929 budde familien i Ljosli, ein heim dei hadde bygd seg på tomt frå ein av Andvordsgardane, like ved Tor Jonsson-stugu. Diktaren Tor Jonsson vart ein familieven, om enn diktaren og Kvaale kunne ha ulikt syn på den bygdekulturen dei båe var ein del av.

Utdanning og lærargjerning

Etter sjuårig folkeskule gjekk Olav T. Kvaale framhaldsskulen i Lom 1909-1910, der han hadde Olav Aukrust som lærar. Olav T. Kvaale vart sterkt oppmoda om å skaffe seg vidare utdanning, mellom andre av soknepresten i bygda, prost Theodor J. Børresen. Olav drog til Kristiania i 1912 for å ta mellomskulen ved Hauges Minde. Han tok examen artium i 1916,og avla lærarprøva ved Oslo lærarskule i 1917. Året etter var han lærar ved Garmo skule i heimbygda. Året 1920-1921 gjekk han lærarhøgskulekurset som Torstein Høverstad hadde sett i gang på Bondi i Asker. Sidan tok han kurs i teikning, gymnastikk og helselære.