Ole Anderson Åsen: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Linje 11: Linje 11:
*Laberg, Jon. (1944). Jostedal. Ei stutt utgreiding om bygdi og folket der. ''Tidsskrift utgjeve av Historielaget for Sogn'' (nr. 11), 5-85. ([http://www.historielaget.jostedal.no/?page_id=300 digital utgåve, Jostedal historielag])

*Øyane, Lars E. (1994). ''Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune.''  (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune. ([http://www.nb.no/utlevering/nb/3e0d6828c2b4d539b4d38892e2274895#&struct=DIV242 digital utgåve, NBdigital])

*Øvregard, Kåre. (1996). ''Skulen i Luster gjennom 250 år. Kulturhistoriske glimt frå skulen sitt arbeid i dei ulike krinsane.'' Gaupne: Luster kommune.
*Øvregard, Kåre, Asbjørg Ormberg, og Oddmund L. Hoel. (2010). ''Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år.'' Leikanger: Skald forlag.
*Øvregard, Kåre, Asbjørg Ormberg, og Oddmund L. Hoel. (2010). ''Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år.'' Leikanger: Skald forlag.

Sideversjonen fra 6. okt. 2010 kl. 07:07

Ole Anderson Åsen (fødd kring 1716, død 23. oktober 1789) var gardbrukarson frå Åsen i Jostedalen. Han tok over heimebruket kring 1747 og fekk bygselsbrev på garden av godseigar Christopher Munthe 13. mars 1754. Han vart 10. januar 1771 den fyrste sjølveigaren i Åsen.

Ole A. Åsen var klokkar i Jostedalen i mange år, truleg frå kring 1746 til kring 1776, men i ein periode kring 1760 truleg avløyst mellombels av storebroren Henrik Anderson Kreken. Ole A. Åsen gifte seg 12. april 1746 med Martha Olsdotter frå Grov, dotter av klokkar Ole Knutson Grov, forgjengaren til Ole A. Åsen. Giftarmålet kom i stand etter ein lang og kvass strid med sokneprest Matthias Foss.[1] To av sønene til Ole og Martha Åsen vart òg klokkarar, Anders Olson og Lars Olson Bjørk.

Ole A. Åsen vart den fyrste gardbrukaren og klokkaren som vart eigar av Jostedal kyrkje då han i 1751 kjøpte kyrkja saman John Erikson Nedrelid og broren Henrik Anderson Kreken. Dei selde kyrkja ved skøyte dagsett 19. juli 1762 til Otto Olson Grov,[2] som var verbror til Ole A. Åsen.

Notar

  1. Statsarkivet i Bergen, Indre Sogn prosti, Justisprotokoll nr. 1, fol. 98b-117a
  2. Øvregard m.fl. 2010, s. 69

Litteratur

  • Laberg, Jon. (1944). Jostedal. Ei stutt utgreiding om bygdi og folket der. Tidsskrift utgjeve av Historielaget for Sogn (nr. 11), 5-85. (digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune. (digital utgåve, NBdigital)
  • Øvregard, Kåre. (1996). Skulen i Luster gjennom 250 år. Kulturhistoriske glimt frå skulen sitt arbeid i dei ulike krinsane. Gaupne: Luster kommune.
  • Øvregard, Kåre, Asbjørg Ormberg, og Oddmund L. Hoel. (2010). Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år. Leikanger: Skald forlag.

Forgjengar:
 Ole Knutson Grov 
Klokkarar i Jostedalen
Etterfølgjar:
 Anders Olson