Ole Andreas Lindeman

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 15. okt. 2008 kl. 08:33 av Olve Utne (samtale | bidrag) (Ny side: <onlyinclude>'''Ole Andreas Lindeman''' (17691857) var ein pianist, organist og musikkpedagog frå SurnadalenNordmør. Han var fødd den [[17. ja...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Ole Andreas Lindeman (17691857) var ein pianist, organist og musikkpedagog frå SurnadalenNordmør. Han var fødd den 17. januar 1769Øye i Surnadal av foreldra Anne Christine Tangen og Jacob Madsen Lindeman som var sorenskrivarNordmør.

Liv

Lindeman tok eksamen artium ved Trondheim katedralskole før han reiste til København i 1788 for å studere juss. Etter kvart brukte han stadig meir av tida på musikk, og han avbraut jusstudia. Ole Andreas Lindeman vart elev av kapellmeister Israel Gottlieb Wernicke og heldt konsertar med klavér eller fiolin i København. På oppmoding frå biskop Johan Christian Schønheyder flytta Lindeman til Trondheim for å bli organist i Vår Frue kirkje der i 1799.

Ole Andreas Lindeman vart ein dominerande musikkpedagog i Trondheim — «privilegert Stadsmusicus» — gjennom eit halvt hundreår. Han var song- og musikklærar ved Trondhjems Borgerlige Realskole òg. I 1835 gav han ut, med offentleg stønad, den aller første norske koralboka.

Lindeman vart gift med Anne Severine Hickmann i 1802, og saman fekk dei fem søner. Av desse vart fire organistar, ein av dei dessutan prest, og ein annan dokter. Den eldste sonen, Frederik Christian, etterfølgte faren i Vår Frue kirkje, Just Riddervold vart organist i Domkirkja. Jacob Andreas og Ludvig Mathias reiste til Vår Frelsars kirkje i Oslo. Førstnemnte vart seinare prest i Leikanger og Davik; sistnemnte var far til musikkpedagog Peter B. Lindeman, som var leiar for Musikkonservatoriet i Oslo i mange år, og organist Kristian T.M. Lindeman, som overtok som organist i Domkirkja etter farbror sin.

Ole Andreas Lindeman, som heilt til det siste var organist ved Vår Frue kirkje i Trondheim, dødde 88 år gammal den 26. februar 1857.

Kjelder


Creative Commons License Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Ole Andreas Lindeman» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er oppsett i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For ei liste over bidragsytarar til den opphavlege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opphavlege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.
Artikkelen bør gjennomgåast for å tilpasse innhald og vinkling til lokalhistoriewiki.no. Sjå Hjelp:Skilnader frå Wikipedia for meir informasjon.

Mal:Q