Otra

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Otra er Sørlandets største elv. Ho renn fpå Setesdalsheiene i Bykle gjennom Setesdal og Vennesla til Kristiansand, der ho renn ut i Østre havn. Med ei lengde på 245 km er Otra den åttande lengste elva i Noreg.

Elva er lakseførande opp til Vigeland i Vennesla. Ein finn óg bleke, som er ein reliktlaks, i Byglandsfjorden. Fjorden er ein del av Otravassdaget.

Eit av Den norske kyrkje sine prosti, Otredal prosti, har fått namn etter elva og dalen ho renn gjennom. Prostiet dekkjer Setesdal og Vennesla.