Protoindustri: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 39: Linje 39:


Historikaren [[Anna Tranberg]] skildrar den økonomiske verksemda på storgarden [[Samsal]] i [[Ringsaker]] rundt 1800 på ein måte som fell saman med dei protoindustrielle trekka, utan at Tranberg sjølv brukar nemninga i den artikkelen. I andre arbeid tek Tranberg føre seg protoindustriell verksemd meir generelt på [[Hedmarken]] og på [[Toten]]. Forholda på Toten, som [[Eilert Sundt]] kalla «det mest industrielle Bygdelag i Landet»»,<ref>[http://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2010020812002 Sundt, E. 1867-68 s. 153.]</ref> får ein innblikk i mellom anna i wikiartiklane om [[Hans Skikkelstad]], [[Treskjemakerne på Toten]], [[Vevegrenda]] og andre stader.  
Historikaren [[Anna Tranberg]] skildrar den økonomiske verksemda på storgarden [[Samsal]] i [[Ringsaker]] rundt 1800 på ein måte som fell saman med dei protoindustrielle trekka, utan at Tranberg sjølv brukar nemninga i den artikkelen. I andre arbeid tek Tranberg føre seg protoindustriell verksemd meir generelt på [[Hedmarken]] og på [[Toten]]. Forholda på Toten, som [[Eilert Sundt]] kalla «det mest industrielle Bygdelag i Landet»»,<ref>[http://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2010020812002 Sundt, E. 1867-68 s. 153.]</ref> får ein innblikk i mellom anna i wikiartiklane om [[Hans Skikkelstad]], [[Treskjemakerne på Toten]], [[Vevegrenda]] og andre stader.  
Med utgangspunkt i dei ovannemnde arbeida, ei rad bygdebøker, årboksartiklar og anna kan vi byrje på eit geografisk ordna oversyn over verksemd som med større eller mindre rett kan kallast protoindustri i Noreg. Eit uvurderleg «samtidsdokument» og utgangspunkt i denne samanhengen er Eilert Sundts bok frå 1867/68 ''Om Husfliden i Norge''.
=== Østfold ===
=== Akershus og Oslo ===
=== Hedmark ===
=== Oppland ===
=== Buskerud ===
=== Vestfold ===
=== Telemark ===
=== Aust-Agder ===
=== Vest-Agder ===
=== Rogaland ===
==== Gjesdal ====
=== Hordaland ===
=== Sogn og Fjordane ===
==== Gaular ====
=== Møre og Romsdal ===
=== Sør-Trøndelag ===
=== Nord-Trøndelag ===
=== Nordland ===
=== Troms ===
=== Finnmark ===
   
   
== Kjelder og litteratur ==
== Kjelder og litteratur ==
*Alsvik, Jan: ''Gjesdal bygdebok 2. 1800-1870''. Gjesdal kommune 1989.
*Clarkson, L.A.: ''Protoindustrialization: The First Phase of Industrialisation?'' The Economic History Society/MacMillan Publishers Ltd., 1985.
*Clarkson, L.A.: ''Protoindustrialization: The First Phase of Industrialisation?'' The Economic History Society/MacMillan Publishers Ltd., 1985.
*Hovland, E., Nordvik, H. og Tveite, S.: «Proto-Industrialisation in Norway 1750-1850: Fact or Fiction?» i ''Scandinavian Economic History Review'', nr. 1 1982.
*Hovland, E., Nordvik, H. og Tveite, S.: «Proto-Industrialisation in Norway 1750-1850: Fact or Fiction?» i ''Scandinavian Economic History Review'', nr. 1 1982.
*Kriedte, Peter: ''Peasants, Landlords and Merchant Capitalists. Europe and the World Economy 1500-1800.'' Berg Publishers Ltd., 1983 (tysk originalutgåve 1980).
*Kriedte, Peter: ''Peasants, Landlords and Merchant Capitalists. Europe and the World Economy 1500-1800.'' Berg Publishers Ltd., 1983 (tysk originalutgåve 1980).
*Mendels, Franklin: «Proto-industrializatinon: The First Phase of the Industrialization Process», i ''Journal of Economic History'' XXXII, 1972.
*Mendels, Franklin: «Proto-industrializatinon: The First Phase of the Industrialization Process», i ''Journal of Economic History'' XXXII, 1972.
*Nordås, Hallvard: ''Gjesdal bygdebok 3. 1870-1989''. Gjesdal kommune 1989.
*Reksten, Erling: Europas historie 1500-1815. Eget forlag, Asker 1993.
*Reksten, Erling: Europas historie 1500-1815. Eget forlag, Asker 1993.
*Sundt, Eilert:  ''Om Husfliden i Norge. Til Arbeidets Ære og Arbeidssomhedens Pris''. 1867. {{bokhylla|NBN:no-nb_digibok_2010020812002}}, Ny utgave ved Gyldendal forlag, Oslo 1975 (bd. 8 av ''Eilert Sundt. Verker i utvalg''.)
*Sundt, Eilert:  ''Om Husfliden i Norge. Til Arbeidets Ære og Arbeidssomhedens Pris''. 1867. {{bokhylla|NBN:no-nb_digibok_2010020812002}}, Ny utgave ved Gyldendal forlag, Oslo 1975 (bd. 8 av ''Eilert Sundt. Verker i utvalg''.)
*Timberlid, Jan Anders: ''Bygdebok for Gaular. Band 2. Perioden 1660-1865 - vekst innafor faste rammer.'' Gaular sogenemnd, 19992.
*Tranberg, Anna: «"Ledighed taales ikke". Plassfamilien på gardsarbeid» i ''Historisk tidsskrift'' 4/1990.
*Tranberg, Anna: «"Ledighed taales ikke". Plassfamilien på gardsarbeid» i ''Historisk tidsskrift'' 4/1990.
*Tranberg, Anna: ''Korn og klasseskille 1660-1840. Ringsakboka, bd. III''. Ringsaker 1993.
*Tranberg, Anna: ''Korn og klasseskille 1660-1840. Ringsakboka, bd. III''. Ringsaker 1993.

Sideversjonen fra 12. mai 2017 kl. 07:48

Ljåsmiinga i Tinn i Telemark er eit døme på protoindustri i Noreg. Her er fleire kjente smedar frå Tinn samla ved ei kolmile i Austbygde i 1918.
Foto: Ukjent /Telemark fylkesmuseum

Protoindustri vart ca. 1970 lansert som nemning på ulike former for «industriell» verksemd på landsbygda før den industrielle revolusjonen, dvs. handverksproduksjon og omsetnad organisert som heimeindustri og forlagsverksemd. Stundom reknar ein også med handverksbaserte «fabrikkar» (manufakturar) på landsbygda. Protoindustrien skil seg frå det tradisjonelle bygdehandverket ved at den er organisert i meir omfattande skala og basert på marknader utanfor bygda/regionen. Den skil seg frå den «eigentlege» industrien (fabrikkproduksjon) ved sitt lågteknologiske produksjonsutstyr, ved sine desentraliserte produksjons- og distribusjonssystem og svakt utvikla arbeidsdeling i produksjonsprosessen.

Omstridd teori

Det var den amerikanske økonomihistorikaren Franklin Mendels (1943-1988) som utvikla protoindustrialisering som ein historisk modell eller teori. Han nytta uttrykket i doktoravhandlinga si frå 1969, og vann særleg gehør med artikkelen «Proto-industrializatinon: The First Phase of the Industrialization Process» frå 1972.[1] Teorien er omdiskutert. Det gjeld særleg den årsaksforklarande rolla Mendels tillegg protoindustrien i samband med den industrielle revolusjonen. Kritikarane påpeikar at protoindustrien iallfall ikkje var ein nødvendig føresetnad for industrialisering, og at mange av dei mest utprega protoindustrielle områda slett ikkje vart industrialiserte i moderne forstand.

Utgreiingar om proto-industri omhandlar mykje av dei same fenomena som andre har kalla den industriøse revolusjonen, og som historieteori kan dei to omgrepa sjåast som konkurrerande.

Fire hovudtrekk ved protoindustrien

Basert på ei framstilling av den britiske historikaren L.A. Clarkson[2]) har protoindustrialiseringa følgjande fire hovudkjennemerke:

  1. Proto-industrielle produsentar (handverkarar) produserte varer for marknader utanfor sitt eige distrikt.
  2. Dei proto-industrielle produkta var laga av folk som kombinerte t.d. veving og strikking med jordbruk («peasant-manufacturers», dvs. småbrukarar, husmenn og liknande grupper). Arbeidskraft som søkjer sysselsetjing "onnemellom" er billeg. Produksjonsutstyret (den faste kapitalen) var etter måten enkelt og billeg.
  3. Protoindustrien på landsbygda stimulerte handelsjordbruket ved å skape ein marknad for matvarer.
  4. Byane i dei protoindustrielle distrikta var i hovudsak sentra for handel og omsetnad.

Utbreiing

Mest omtala og grundigast undersøkt som protoindustri er truleg tekstilproduksjon på landsbygda i ymse delar av Storbritannia. L.A. Clarkson framhevar områda West Riding, the Cotswolds, East Anglia og Ulster [3] Det var utbreidd også innan andre former for handverksproduksjon i England. I West-Midlands rundt år 1700 er det utrekna at 1/3 av vaksne menn med kjende yrke var sysselsette med metallhandverk som ljåmakarar, låsesmedar, spikarsmedar o.l. I tillegg kom 27% som dreiv med andre slags handverk.[4]

Men protoindustri fanst i betydeleg utstrekning også i mange andre land, Frankrike (særleg Maine, Picardie og Languedoc), Tyskland (Westfahlen, Schlesien, Sachsen) og i Flandern og Twente i Nederlanda.[5]

I læreboka si om europeisk historie i tidleg nytid oppsummerer Erling Reksten

«De aller fleste industrier ble etterhvert bygget inn i systemet: i alle slags tekstilindustri i alle land finner vi forleggeren, i metallvareindustrien i Nurnberg, i våpenfabrikasjonen i Milano, i jernindustrien i Sheffield og Birmingham, i silkeindustrien i Lyon, Antwerpen, Basel og Berlin.(...) Bondefamiliene i Normandie og Schlesien produserte varer som ble eksportert i mengder til Vestindia og Brasil. Det samme gjorde våpenprodusentene i våpensmiene i Liege-området, i Toledo, Nürnberg og Solingen. Boktrykkerne fulgte eksemplet og produserte bøker som forleggeren eksporterte til koloniene i Amerika sammen med tøyene, våpnene, jernvarene og hva det nå måtte være.»[6]

Protoindustri i Noreg

I ein oversynsartikkel om protoindustri i Noreg frå 1982 blir det halde fram at dette var eit lite utbreidd fenomen i Noreg. Økonomisk vekst på landsbygda her på 1600-, 1700- og det meste av 1800-talet var heller knytta til eksport av stapelvarer frå skogsbruk og trelast, bergverk og fiskeri. Alle desse næringane kunne nytte ledig arbeidskraft frå gardar, småbruk og plassar i lågsesongane i jordbruket.

Men forfattarane av artikkelen (Edgar Hovland, Helge W. Nordvik og Stein Tveite) trekkjer også fram ein del døme på protoindustri her til lands:

  • Produksjon av utstyr til fiske og båtbruk: fiskegarn og liner, notbinding, bøkkararbeid, seglmakeri og reipslageri. Dei ytre kyststroka rundt Bergen og nordover til Sognefjorden utmerka seg her. Bergenske kjøpmenn forsynte produsentane (fiskarbøndene og plassfolka i lågsesongane for fiske og landbruk) med råstoff, bestemte kva produkt som skulle framstillast og i kva mengder, og sytte for omsetnaden av dei ferdige produkta. Båtbygging kan moglegvis også kome inn under omgrepet protoindustri. I Bjerkreim i Rogaland spesialiserte dei seg på å produsere uvershyrer til fiskarane.
  • Tekstilproduksjon (ulltøy) foregjekk i protoindustrielle former for eksempel på Jæren og i fjordstroka nord for Bergen. På Hedmarken var det både ull-, lin- og hampproduksjon. Overhalla i Namdalen var særleg kjent for lintilverking.

Hovland, Nordvik og Tveite er dessutan inne på at t.d. smelteverka kan sjåast som ei form for «protofabrikkar». Det same gjeld skipsverft og ein del andre typar verksemder. Spesielt kan nemnast brennevinsbrenninga på Hedmarken og andre stader etter at dette vart frigjeve i 1816. I 1840 skal så mykje som 1400 brenneri ha vore i verksemd i landet.

Eit døme på ein protofabrikk er tekstilverksemda Enigheden i Stor-Elvdal frå 1785.

Historikaren Anna Tranberg skildrar den økonomiske verksemda på storgarden Samsal i Ringsaker rundt 1800 på ein måte som fell saman med dei protoindustrielle trekka, utan at Tranberg sjølv brukar nemninga i den artikkelen. I andre arbeid tek Tranberg føre seg protoindustriell verksemd meir generelt på Hedmarken og på Toten. Forholda på Toten, som Eilert Sundt kalla «det mest industrielle Bygdelag i Landet»»,[7] får ein innblikk i mellom anna i wikiartiklane om Hans Skikkelstad, Treskjemakerne på Toten, Vevegrenda og andre stader.

Med utgangspunkt i dei ovannemnde arbeida, ei rad bygdebøker, årboksartiklar og anna kan vi byrje på eit geografisk ordna oversyn over verksemd som med større eller mindre rett kan kallast protoindustri i Noreg. Eit uvurderleg «samtidsdokument» og utgangspunkt i denne samanhengen er Eilert Sundts bok frå 1867/68 Om Husfliden i Norge.

Østfold

Akershus og Oslo

Hedmark

Oppland

Buskerud

Vestfold

Telemark

Aust-Agder

Vest-Agder

Rogaland

Gjesdal

Hordaland

Sogn og Fjordane

Gaular

Møre og Romsdal

Sør-Trøndelag

Nord-Trøndelag

Nordland

Troms

Finnmark

Kjelder og litteratur

  • Alsvik, Jan: Gjesdal bygdebok 2. 1800-1870. Gjesdal kommune 1989.
  • Clarkson, L.A.: Protoindustrialization: The First Phase of Industrialisation? The Economic History Society/MacMillan Publishers Ltd., 1985.
  • Hovland, E., Nordvik, H. og Tveite, S.: «Proto-Industrialisation in Norway 1750-1850: Fact or Fiction?» i Scandinavian Economic History Review, nr. 1 1982.
  • Kriedte, Peter: Peasants, Landlords and Merchant Capitalists. Europe and the World Economy 1500-1800. Berg Publishers Ltd., 1983 (tysk originalutgåve 1980).
  • Mendels, Franklin: «Proto-industrializatinon: The First Phase of the Industrialization Process», i Journal of Economic History XXXII, 1972.
  • Nordås, Hallvard: Gjesdal bygdebok 3. 1870-1989. Gjesdal kommune 1989.
  • Reksten, Erling: Europas historie 1500-1815. Eget forlag, Asker 1993.
  • Sundt, Eilert: Om Husfliden i Norge. Til Arbeidets Ære og Arbeidssomhedens Pris. 1867. Mal:Bokhylla, Ny utgave ved Gyldendal forlag, Oslo 1975 (bd. 8 av Eilert Sundt. Verker i utvalg.)
  • Timberlid, Jan Anders: Bygdebok for Gaular. Band 2. Perioden 1660-1865 - vekst innafor faste rammer. Gaular sogenemnd, 19992.
  • Tranberg, Anna: «"Ledighed taales ikke". Plassfamilien på gardsarbeid» i Historisk tidsskrift 4/1990.
  • Tranberg, Anna: Korn og klasseskille 1660-1840. Ringsakboka, bd. III. Ringsaker 1993.
  • Tranberg, Anna: «Tekstilproduksjon på Hedmarken i et økonomisk perspektiv», i Hutchison, Ragnhild (red.) Lokale tråder - tråkling gjennom tekstil- og lokalhistorie. Norsk lokalhistorisk institutt, Oslo 2006.
  • Tranberg, Anna: «Husindustri i totenbygdene på 1700- og 1800-tallet» i Heimen 3/2007.

Referansar

  1. Journal of Economic History XXXII (1972)
  2. Clarkson, L.A.1985;15-16
  3. Clarkson, L.A. 1985:15-16
  4. Kriedte, P. 1983:135
  5. Clarkson, L.A. 1985;15-16:
  6. Reksten, E. 1993:49.
  7. Sundt, E. 1867-68 s. 153.