Romsdaling

Denne artikkelen handlar om språkforma romsdaling. For personar frå landskapet Romsdal, sjå «Romsdalingar».

Romsdaling, òg kalla romsdalsmål, romsdalsdialekt og romsdalsk, er den tradisjonelle dialekten i landskapet Romsdal i Møre og Romsdal fylke. Dialekten har mange fellestrekk med trøndsk — både i ordskatten; i fonologiske trekk, slik som tjukk l (berre av historisk l) og apokope av fleirstavingsendingar (hęstann, skåłinn); så vel som i morfologiske trekk som ulike endingar i ubunde fleirtal av sterke og svake hokjønnsord (fíre tause, fęmm víso). Samtidig har dialekten klåre fellestrekk med sunnmøring og fjordamål i det at infinitiven og svake hokjønnsord dei fleste stadene ender på -e (å vare, å éte, å komme, å bende, å hęlse; ei veke, ei víse) og i det at endingsvokalen i bunde fleirtal av svake hokjønnsord er svekka dei fleste stadene (alle vísn, alle bøttn, alle veken).

Klassifikasjon

Trøndske trekk

Utjamning

Det finst nokre få ord i romsdalsdialekten som tyder på tidlegare jamvektsmål med utjamning. Ordet vare (‘vera’) er eit slikt ord. I det fallet er det likevel muleg at posisjonen mellom v og r kan ha spela inn, og former som å va blir bruka langt utanom jamvektsområdet, inkludert i saltværing. Eit klårare eksempel er ordet bare (‘bora’), som heng saman med den nordmørske forma bara.

Midlandske trekk

Bevart kortstaving i ord med kort rotvokal + kort konsonant er framleis ganske utbreidd i Romsdalen. Dette trekket finst òg på deler av Nordmør, men er mykje meir konsekvent halde på i nordenden av Gudbrandsdalen.

Nordvestlandske trekk

Dei nordvestlandske trekka i romsdalsdialekten er først og fremst trekk som er felles med sunnmøring. Trekka det dreier seg om er først og fremst e-ending i infinitiv (å vare, å éte, å hæte) og i ubunden form av svake hokjønnsord (ei veke, ei víse).

Fonologi

Morfologi

Pronomen

Personlege pronomen

Det mest kjente trekket ved dei personlege pronomena i romsdalsdialekten er 1. person eintal nominativ i ('eg') — ei form som òg er vanleg i Lesja i Gudbrandsdalen og i Sunndalen, Eide og delvis på AverøyaNordmør. Eit anna generelt kjenneteikn er forma ('dei') i 3. person fleirtal nominativ, akkusativ og dativ — noko som viser fellesskap med sunnmørsk dęi, men står i motsetnad til nordmørsk dęm.

I første person fleirtal nominativ blir forma ('vi') bruka dei fleste stadene. På Hustad blir forma bruka, som på det meste av Nordmør, medan ås blir noko bruka øvst i sjølve Romsdalen.

Substantiv

Verb

Geografisk variasjon

Litteratur

  • Rypdal, Hans: Romsdalsmål (Tresfjorden) : formlæra. (Norske målføre : X.) Oslo (i kommisjon hjå Olaf Norli), 1929.

Mal:Q