Denne artikkelen handlar om språkforma romsdaling. For personar frå landskapet Romsdal, sjå «Romsdalingar».

Romsdaling, òg kalla romsdalsmål, romsdalsdialekt og romsdalsk, er den tradisjonelle dialekten i landskapet Romsdal i Møre og Romsdal fylke. Dialekten har mange fellestrekk med trøndsk — både i ordskatten; i fonologiske trekk, slik som tjukk l (berre av historisk l) og apokope av fleirstavingsendingar (hęstann, skåłinn); så vel som i morfologiske trekk som ulike endingar i ubunde fleirtal av sterke og svake hokjønnsord (fíre tause, fęmm víso). Samtidig har dialekten klåre fellestrekk med sunnmøring og fjordamål i det at infinitiven og svake hokjønnsord dei fleste stadene ender på -e (å vare, å éte, å komme, å bende, å hęlse; ei veke, ei víse) og i det at endingsvokalen i bunde fleirtal av svake hokjønnsord er svekka dei fleste stadene (vísn (‘visene’), bøttn (‘bøttene’), veken (‘vekene’)).

Klassifikasjon

Konvensjonelt har romsdaling vorte klassifisert som nordvestlandske e-mål dei siste hundre åra, men går ein nøyare inn på målmerka og ordskatten, så viser det seg snart at dialekten står i ei mellomstilling mellom dei nordvestlandske e-måla, trøndsk og midlandsmål — noko som òg passar godt med den geografiske plasseringa mellom desse.

Trøndske trekk

Utjamning

Det finst nokre få ord i romsdalsdialekten som tyder på tidlegare jamvektsmål med utjamning. Ordet vare (‘vera’) er eit slikt ord. I det fallet er det likevel muleg at posisjonen mellom v og r kan ha spela inn, og former som å va blir bruka langt utanom jamvektsområdet, inkludert i saltværing. Eit klårare eksempel er ordet bare (‘bora’),[1] som heng saman med den nordmørske forma bara.

Midlandske trekk

Bevart kortstaving i ord med kort rotvokal + kort konsonant er framleis ganske utbreidd i Romsdalen. Dette trekket finst òg på deler av Nordmør, men er mykje meir konsekvent halde på i nordenden av Gudbrandsdalen. Mangel av palatalisering ved historisk nd (ónnde (‘under’), venn (‘vind’)) er svært vanleg, særleg i indre strøk.

Den ikkje-palatale endingskonsonanten i dativ eintal og bunden form fleirtal i det meste av Romsdalen ser vi òg delvis i Nord-Gudbrandsdalen (vísun ~ vísøn ~ vísøyņņ). Overgangen frå u, truleg via ø, til e samsvarar bra med øvrig hyppig senking av historisk korte vokalar føre ikkje-palatale konsonantar i romsdalsdialekten (venn (‘vind’), stønn ~ stónn (‘stund’)) og bør dermed truleg sjåast som ein felles tendens med Gudbrandsdalen heller som samsvar med dei meir fonologisk ulike formene i sunnmørsdialekten (vísiņņe ~ víseņņe).

Nordvestlandske trekk

Dei nordvestlandske trekka i romsdalsdialekten er først og fremst trekk som er felles med sunnmøring. Trekka det dreier seg om er først og fremst gjennomført e-ending i infinitiv (å kom(m)e, å éte, å hæte) og i ubunden form av svake hokjønnsord (ei veke, ei víse). Eit anna nordvestlandsk trekk kjenner vi att i rundinga av a føre ng i enkelte ord (monge (‘mange’)). Andre enkeltord som er felles med vestnorsk inkluderer (‘da’) og presensformer som gjęng (‘går’), stænn (‘står’) og fłér (‘flår’).

Fonologi

Morfologi

Pronomen

Personlege pronomen

Det mest kjente trekket ved dei personlege pronomena i romsdalsdialekten er 1. person eintal nominativ i ('eg') — ei form som òg er vanleg i Lesja i Gudbrandsdalen og i Sunndalen, Eide og delvis på AverøyaNordmør. Eit anna generelt kjenneteikn er forma ('dei') i 3. person fleirtal nominativ, akkusativ og dativ — noko som viser fellesskap med sunnmørsk dęi, men står i motsetnad til nordmørsk dęm og gudbrandsdalsmål døm.

I første person fleirtal nominativ blir forma ('vi') bruka dei fleste stadene. På Hustad blir forma bruka, som på det meste av Nordmør, medan ås blir noko bruka øvst i Raumadalen.

Substantiv

Verb

Geografisk variasjon

Fotnotar

  1. “Kva du vell mæ navar? I vell bare slē`e.” (Rypdal 1929, s. 48.)

Litteratur

  • Rypdal, Hans: Romsdalsmål (Tresfjorden) : formlæra. (Norske målføre : X.) Oslo (i kommisjon hjå Olaf Norli), 1929.

Mal:Q